Er utvida sjølvbestemmingsrett rett for ei abortlov i vår tid?

UKE 18: På kort tid har over 54.000 nordmenn signert Menneskeverd sitt opprop mot forslaget om utvida rett til sjølvbestemt abort.

Kate Hoås, debattinnlegg
– Gravide har også fortalt at de føler på forventningspress om å ta abort dersom fosteret har utviklingsavvik eller sjukdommar. Press kan vere frå både helsevesenet og familien, skriver innsenderen. På bildet: Skjermdump av Menneskeverd sin kampanje.
Publisert Sist oppdatert

Vi trenger en abortlov for vår tid, hevdar Kari Sønderland (Aftenposten, 2023). Mykje er annleis no enn då gjeldande abortlov vart vedteken, men noko står alltid fast: Alle menneske, også foster, har rett på tilstrekkeleg juridisk vern. I nytt lovforslag vert fostera fråtekne dei juridiske rettane sine til nær halvvegs i svangerskapet, seier Menneskeverd i sitt skriftlege høyringssvar til ny abortlov.

I nemnte artikkel skriv Sønderland at mange kvinner føler seg umyndiggjort og fråtekne retten til å bestemme over eigne liv når dei må søkje abortnemnd etter veke 12. Eit fleirtal får likevel innvilga abort i abortnemnd, så ein kan kanskje tenkje at å utvide retten til sjølvbestemt abort ikkje har så mykje å seie?

Men sjølv om eit fleirtal har fått innvilga søknad, er nemnda ein viktig instans som skal sikre fosteret sine juridiske rettar. I Menneskeverd sitt høyringssvar står det at «27 av søknadene om senabort [ble] avslått i primærnemnden i 2023», og også at «selv om mange av disse ble innvilget i klagenemnden, var det altså ganske mange anmodninger som primærnemnden mente at ikke oppfylte de relativt åpne kriteriene i dagens lov».

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP