Verdidebatt

Håp ved eit myrhol

DØDEN: Det er så mykje rart som blir lest og sagt i ei gravferd. Kanskje er dette årsaka til at nettopp Johannes 3,16 bør bli ståande.

Ja, eg har kjent det ubehageleg å lese «fortapt» eller «tapt» i gravferdsliturgien. Og eg veit at nokon prestar kuttar heile verset ut. I ikkje-religiøse gravferder er det ikkje med i det heile. Eg har kutta det ut sjølv ein gong for å holde kommunikasjonen oppe i ei vanskeleg gravferd. Eg gjorde det fordi eg såg på ei TV-overført kjendisgravferd at forettande prest gjorde det.

Men i etterkant har eg angra. Det er så mykje rart som blir lest og sagt i ei gravferd at dette er kanskje nettopp Johannes 3,16 som bør bli ståande.

Erling Bakke Nydal

Jesu låg tørr i ein steinhole

Når eg står ved grava og ser ned i eit gjørmehol med svart jord og kanskje ei pøyle med vatn som pøsregnet har skapt på dei siste 5 minutta. Eg veit det har lege i alle fall 3 lik der frå før. Gravarane har fortalt om beinrestar og hovudskallar i hulter og bulter som dei har måtta tatt vekk. Kista blir senka og eg kastar tre gongar jord på kista mens eg seier eg to fornuftige ting: «At frå jord er du komen, til jord skal du bli». Så seier eg noko totalt ufornuftig: «Av jorda skal du atter stå opp.»

Jesus har jo nettopp vist oss at det er ei framtid for dei fortapte

Det er Jesu oppstode og nokre Pauli ord som er grunnen. Men for å påpeike noko: Jesus låg intulla i linkle i ei tørr, kald steinhole i fjellet i omlag 36 timar. Ikkje i eit blaut myrjordhol med minst ein meter mold over seg, totalt oppløyst og makketen.

Trua gjev trøst

Eg har tenkt mange gongar: Skal tru kva haloweenforestillingar dei pårørande tenker presten i regntung svart ullkappe, utanpå den offwhite prestekjolen med eit lilla skjerf rundt halsen, står og forfektar. Men eg seier det, gong på gong. Fordi eg heldigvis har lest i starten av gravferda: For så elska Gud verda at han gav son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå tapt/fortapt, men ha evig liv.

Det er trua som gjev trøyst, håp og framtid. Det er trua som skaper lys over den nye dagen som kjem i morgon, utan sin kjære eller ukjære. Jesus har jo nettopp vist oss at det er ei framtid for dei fortapte. Det er ikkje dei fine orda om at «alt har si tid», eller «sæl er dei svoltne.» Det er at Gud elskar verda at vi ikkje skal gå fortapt.

Eg må seie eg blir lei meg og skuffa blir dette teke vekk. Og eg blir lei meg og skuffa om eg kjem i ei gravferd der ikkje håpsordet Johannes 3,16 blir lest. Så trur eg på oppstoda av kroppen og evig liv fordi det er heile meg som eingong skal gravleggast i eit håplaust jordhol anten eg er kremert eller ikkje.

Og eg er, kropp, sjel og ånd.

Mer fra: Verdidebatt