Verdidebatt

Vi må plassera problemet der det er

SANNHETENS ORD: Det er naturleg å spørja seg kva vi som var rundt, oppfatta av det som skjedde. Kva gjorde vi, og aller mest: kva gjorde vi ikkje?

Den siste veka har eg, som mange andre, sett TV2-dokumentaren «Under Guds øye» som omhandlar Sannhetens Ord bibelsenter i Slemmestad. Som sokneprest i Slemmestad og Nærsnes, kjenner eg fleire av dei som er med i dokumentaren, og eg har møtt mange av dei i ulike samanhengar profesjonelt. Som dei fleste som har sett dokumentaren, er eg rysta over erfaringane dei fortel om, og livet dei har levd i meinigheita.

Om eg er overraska, er eit anna spørsmål.

Som dei som tek del i dokumentaren sjølv seier, var det eit lukka miljø med lite innsyn, vanskeleg, ja umogleg, å komma til med kritiske spørsmål både for dei som høyrde til, og for oss som stod utanfor, men som berre ante at noko ikkje var som det skulle. I tillegg, slik det som regel er i sekteriske samanhengar, var det også stor grad av fornekting frå medlemmane, og kritiske spørsmål direkte blei føyd bort, sjølvsagt i frykt for konsekvensane frå leiarskapet.

Marita Bjørke Ådland. Sokneprest i Slemmestad og Nærsnes menighet.

Frykta er det som har styrt medlemmane, slik det kjem fram i dokumentaren.

Offer for systemet

Dei som står fram i dette programmet, er reflekterte, oppegåande og ressurssterke menneske. Dei er offer for eit system, samstundes understrekar dei også eige ansvar oppi dette. Kvifor er det viktig å seia? Fordi vi må plassera problemet der det er: Det utruleg skumle som ligg i moglegheita som finst for hjernevask, manipulering og usunn maktbruk i kristne samanhengar.

Det kan òg skje i andre samanhengar – vi kjenner det att frå historia.

Når vi ser slike dokumentarar, kan vi fort meina noko både om denne sekta, om dei som var med der, og alt dei står for. Om ein ikkje kjenner ein del terminologi, måten dei snakkar om tru på, og kva ei kristen tru kan bety for oss positivt sett, er det ekstra viktig å vera nyansert.

Det er viktig å seia noko om det som ikkje er bra

Det er ikkje alt som er vilt: Å be for andre er ganske vanleg, å bekjenna synder gjer vi kvar søndag i Den norske kyrkja (DNK), å løfta hendene når vi syng er heller ikkje uvanleg i mange kristne samanhengar, og det er ingenting teologisk i vegen for full neddykking i dåpspraksisen.

Godt, rett og frigjerande

Kvifor skriv eg dette? Fordi det er viktig å seia noko om det som ikkje er bra. Og for å gjera det meiner eg vi også må kunna noko om miljø vi kanskje i utgangspunktet er framande for, før vi uttalar oss. Veronika Hægeland seier noko om dette i ein av episodane: Ho understrekar at trua og Gud betyr noko for henne, midt oppe i alt som er vanskeleg. Det skal vi ha respekt for. Det går an å ha to tankar i hovudet samstundes.

På same tid er det også opplagt og forståeleg at nokon har fått nok og ynskjer å ta avstand eller ta ein pause. Vi snakkar om svært nære ting i menneskes liv, og det må vi alltid gjera med den største respekt og omtanke. Eg beundrar motet til desse menneska, for det dei fortel, er heilt hårreisande, og berre det å våga å setja ord på det og fortelja det til alle oss som ser, er imponerande. Eg håpar det kjennest godt, rett og frigjerande.

Spesielt bevega blir eg av Josvas forteljing om hans veg gjennom dette, fødd som han var inn i denne sekta, og likevel med mot til og ord for å snakka reflektert om det som tenåring. Respekt!

Økumenisk samarbeid

Det er naturleg å spørja seg kva vi som var rundt, oppfatta av det som skjedde. Kva gjorde vi, og aller mest: kva gjorde vi ikkje? Fram til ca. 2017 hadde vi jamlege pastorfrukostar, vi som var leiarar i ulike kyrkjelydar og forsamlingar i gamle Røyken kommune. Der var alle kyrkjelydane i kommunen med, inkludert Sannhetens Ord, dei andre frikyrkjene og dei tre DNK-kyrkjelydane. Både Rune Gravdal og Normann Olsen deltok som regel på desse frukostane.

Vi hadde også fellesgudstenester på andre pinsedag. Eg begynte som sokneprest i Slemmestad og Nærsnes i 2016 og oppfatta nok utover året at samarbeidet begynte å halta. Våren 2017 kom det til eit punkt der det berre var Sannhetens Ord og Den norske kyrkja som stod att som samarbeidspartnarar på fellesgudstenesta på Strandheim andre pinsedag.

Det opplevde eg som problematisk, på grunn av at både teologien og kyrkjelydsforma sto langt frå den i DNK.

Som sokneprest valde eg då å avslutta samarbeidet, også fordi eg opplevde at Sannhetens Ord gjennom samarbeidet med Den norske kirke fekk ein slags legitimitet som meinigheit, og det ville ikkje eg vera med og leggja til rette for.

Det er eg glad for at eg gjorde i dag. Men likevel spør eg meg: Burde vi skjønt meir? Burde vi gjort meir? Burde vi sett meir? Leita meir? Spurd meir? Eg er usikker på om vi var i posisjon til det, og sannsynlegvis ville dei ikkje ha lytta, men fått forsterka si tru på at det var Sannhetens ord mot verda.

Pastorfrukostane tok også slutt, kanskje primært av andre årsaker, men også dette botna nok, slik eg hugsar det i dag, i komplisert kommunikasjon.

Annan struktur

Den norske kyrkja har ein annan struktur enn frimenighetane. Den norske kyrkja har eit lokalt styre (sokneråd), og vi har ein biskop som fører tilsyn med oss. Vi har ein fast liturgi som regulerer gudstenestene våre, kvar søndag har sitt preg, og som prest bestemmer eg ikkje sjølv kva tekstar eg skal preika over kvar søndag.

Eg trur alt dette er sunt og svært viktig, fordi det hindrar oss i å bli høge på oss sjølve som autoritetar i kyrkjelyden, det gjer oss til ei ganske transparent kyrkje med moglegheit for både å varsla, melda avvik og påverka gjennom råd og utval på alle nivå. Det er det strukturelle. Men som Katarina seier heilt til slutt i dokumentaren: I kyrkja er det rom for både tvil og tru.

Sjå, tenk og lær, med eit ope blikk og respekt for dei historiene som blir fortalt, og dei menneska som fortel

Til saman håpar eg dette gjer oss til ei kyrkje som tilbyr trygge rom, sunn forkynning og ein stad å komma med alt ein er, og alt ein ber med seg.

Katarina, Kim, Hedda og dei andre som står fram til dokumentaren, fortener all mogleg respekt. Dokumentaren lærer oss noko om kor blinde vi kan bli i møte med religion, i møte med maktsjuke system, men aller mest om kva makt som potensielt ligg i å skyva Gud foran seg og påberopa seg autoritet over andres liv i kraft av ein spesiell kontakt med Gud.

Forsvar i etterkant

Noko av det som verkeleg opprører meg, er dei som også i etterkant av det som har komme fram dei siste åra, skuldar media for å grava i unødvendige saker som er tilbakelagt, at meinigheita har bedt om tilgjeving og at det er eit unyansert bilete som har komme fram i denne dokumentaren. Den einaste måten å nyansera på, måtte vera at leiarskapet i meinigheita som framleis eksisterer, bidrog i dokumentaren, noko som blir understreka i kvar episode at dei har avslått.

Finn Jarle Sæle, tidlegare redaktør i den kristne avisa Dagen og no i den høgrevenlege avisa Norge i dag er ein av dei som kritiserer dokumentaren. At Kim, Katarina, Hedda og dei andre i serien vel å stå fram, vitnar om sunn fornuft og mot. At kyrkjelyden ikkje vil imøtekomma dette, og at nokon til og med forsvarar meinigheten, vitnar om det motsette. Og det er alt dette vi som kristne, og som menneske, må kjempa mot.

Sjå, tenk og lær, med eit ope blikk og respekt for dei historiene som blir fortalt, og dei menneska som fortel.

Ei lengre utgåve av teksten vart først publisert på kirkeblogg.com.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Verdidebatt