Vi må plassera problemet der det er
SANNHETENS ORD: Det er naturleg å spørja seg kva vi som var rundt, oppfatta av det som skjedde. Kva gjorde vi, og aller mest: kva gjorde vi ikkje?
KYRKJELYD: «Sjå, tenk og lær, med eit ope blikk og respekt for dei historiene som blir fortalt, og dei menneska som fortel» skriv innsendaren etter å ha sett TV2-dokumentaren om Sannhetens Ord bibelsenter.
Frank Melhus/TV2
Den siste veka har eg, som mange andre, sett TV2-dokumentaren «Under Guds øye» som omhandlar Sannhetens Ord bibelsenter i Slemmestad. Som sokneprest i Slemmestad og Nærsnes, kjenner eg fleire av dei som er med i dokumentaren, og eg har møtt mange av dei i ulike samanhengar profesjonelt. Som dei fleste som har sett dokumentaren, er eg rysta over erfaringane dei fortel om, og livet dei har levd i meinigheita.
Om eg er overraska, er eit anna spørsmål.
Som dei som tek del i dokumentaren sjølv seier, var det eit lukka miljø med lite innsyn, vanskeleg, ja umogleg, å komma til med kritiske spørsmål både for dei som høyrde til, og for oss som stod utanfor, men som berre ante at noko ikkje var som det skulle. I tillegg, slik det som regel er i sekteriske samanhengar, var det også stor grad av fornekting frå medlemmane, og kritiske spørsmål direkte blei føyd bort, sjølvsagt i frykt for konsekvensane frå leiarskapet.