Folk frå Manila til Malta bit folk negler i desse dagane. Det amerikanske presidentvalet er det nærmaste vi kjem eit val som påverkar alle jordas innbyggarar. Dette valet vil enten gi oss Kamala Harris, som sjølvsagt vil endre litt, men for det meste vil stå for ei vidareføring av dagens amerikanske utanrikspolitikk. Alternativet er Donald Trump, som er kjent for å vere uføreseieleg. Men han har ei rekke valløfte og fire år i presidentstolen bak seg, som til saman viser kvifor det store fleirtalet av jordas innbyggarar vil tape på at han vinn. Det er seks grunnar til det:
Demokrati er den fyrste. Trump respekterer ikkje grunnleggande demokratiske spelereglar. Han opererer i ei verd som no går stadig lenger i autoritær retning, etter mange år med demokratisk framgang. I 2016, fyrste gong har blei president, hadde vi fleire og sterkare demokrati enn vi har i dag. Etter den tid har fleire autoritære leiarar festa grepet, og blitt meir ytterleggåande, som Putin i Russland.
Ukraina er særleg utsett
Kvart år får verda ein status for demokratiet gjennom det internasjonale forskingsprosjektet V-dem. 2024-rapporten viste at 42 land i verda går i autoritær retning. Vi har ikkje hatt så få menneske som lever i demokrati no som sidan 1985, i følgje denne undersøkinga. Det er grunn til å tru at denne utviklinga vil bli tydeleg forsterka med ein autoritær leiar i USA. Ukraina vil vere særleg utsett.
For det andre frontar Donald Trump rasistiske verdiar. Og det blir stadig verre. Ei undersøking Politico har gjort rundt dei 20 siste valmøta hans viser at han i stadig større grad speler på rasisme i valkampen. Det gjorde han også sist, og det påverka også utanrikspolitikken. I 2018 kalte han afrikanske land, El Salvador og Haiti som «shitholecountries», og han spurde kvifor ikkje USA fekk meir innvandrarar frå land som Noreg.
For det tredje jobbar han aktivt for å forsterke forskjellar, globalt og nasjonalt. Han har nokon av verdas rikaste personar i ryggen, som vil kunne forvente skattekutt i retur. Samtidig vil han kutte i USAs overføringar for å redusere fattigdom i låg- og mellominntektsland. Sist føreslo Trump jamnleg massive kutt i bistand, på opp til 30 prosent. I praksis kunne det ha ført til at 27 land mista all bistand frå USA. Store delar av kuttforslaga blei stoppa i Kongressen.
Det siste vi treng er fire nye år med ein ustabil, udemokratisk Trump i presidentstolen
På helsefeltet gjorde han likevel stor skade, ikkje minst for kvinner. USA gjekk frå å vere landet som gir mest pengar til Verdas helseorganisasjon (WHO) og over til å trekke seg ut av samarbeidet. USA kutta støtten til organisasjonar som jobba med abort eller seksuelle og reproduktive rettar. Dette blei kalla «Global Gag Rule», eller munnkurvregelen. I praksis førte det til kutt i bistand på over 8 milliardar amerikanske dollar, som mellom anna svekka innsatsen for barn/mødre-helse, ernæring og arbeid mot HIV/AIDS, tuberkulose og malaria. Kvinner i mange titals land fekk redusert tilgangen på prevensjon. Mange måtte gjennom ufriviljug graviditet eller farlege abortar som følgje av denne politikken.
Motvilja mot samarbeid
Denne uvilja til å delta i internasjonalt samarbeid blei også merka ved den femte grunnen – motvilja mot samarbeid med andre land. Han meldte USA ut av fleire FN-samarbeid, som UNESCO-samarbeidet og FNs menneskerettsråd. Akkurat no pågår det ein drakamp rundt UNRWA, som er den desidert viktigaste bistandsorganisasjonen på Gaza akkurat no. Israel har vedtatt at dei forbyr organisasjonen og definert den som ein terrororganisasjon. Redd Barna har samanlikna dette med å vedta å fjerne statsapparatet i Noreg. Mens Biden har åtvara Israel mot dette vedtaket, har Trump tett og jamn kontakt med Netanyahu og gir han full støtte. Biden har ikkje vore ein god president for palestinarane, men Trump vil vere enno verre.
Og akkurat no, når vi les om dødstal frå uvêret i Spania og Vestlandet ryddar opp etter ekstremregn, er vi mange som blir stadig meir uroa over kor vanskeleg det vil bli for oss alle å leve med ein stadig varmare planet. Det er den sjette grunnen. Og verst blir det i dei fattigaste landa. Verda treng klimakutt, og dei trengst no. Vi er i rute til ei global oppvarming på 2,6 gradar, som vi ha enorme negative konsekvensar for verdas matproduksjon, gi meir ekstremvær og sende millionar av menneske på flukt. I førre periode trakk Trump USA ut av Parisavtalen, og han har varsla at han vil gjere det igjen.
Ei verd full av kriser
Rett etter det amerikanske presidentvalet møtes verdas land til klimatoppmøte i Aserbajdsjanfor å snakke om klimafinansiering. Det amerikanske valresultatet vil naturleg nok ha veldig mykje å seie for korleis dette toppmøtet går. Ein valsiger til Trump vil neppe gi særleg draghjelp for at meir skal skje. Det blir meir CO2 i atmosfæren, meir naturøydelegging og mindre grøn teknologiutvikling.
Verda er full av kriser akkurat no, og det siste vi treng er fire nye år med ein ustabil, udemokratisk Trump i presidentstolen. Det er berre å håpe at eit fleirtal av dei amerikanske veljarane er einige i det.