Verdidebatt

Ung lesing er mogleg, men kostar

ESSAY: Eg trudde eg var på skjult kamera. Samstundes måtte eg vete meir om motivasjonen bak prosjektet. Kva får ein elev med middallergi til å låne ei nedstøva bok om død og alkoholisme?

For nokre veker sidan var ein elev innom skulebiblioteket mitt for å låne ei bok. Vi har ikkje utlånsautomatar, så alle som vil låne noko må snakke med meg. På grunn av dette kan eg etter kvart namnet på ein god del av dei 850 elevane på skulen vår.

Eg hugsa eleven fordi vi hadde hatt ein kort samtale om «Det kommunistiske manifest» det førre skuleåret. Samtalen gjekk som følgjer:

Elev: Har de Det kommunistiske manifest inne?

Eg: Nei, dessverre.

Elev: Takk, ha det!

No stod ho framfor meg igjen for å låne ei anna bok. Eg spurde om namnet hennar er Maria. Ho er anonymisert for anledninga. Maria vart synleg overraska og lurte på kvifor eg kunne namnet hennar. Eg svarte at eg sjølvsagt kunne namnet hennar og stilte spørsmålet tilbake: Kvifor skulle eg ikkje kunne det?

Fordi ingen kan namnet mitt, sa ho.

David Kvamme Høvik

Lesing som sosial aktivitet

Eg var med på Ekko i P2 nyleg for å snakke om lesing som sosial aktivitet. Ein innsendar var bekymra for om lesande ungdommar kunne bli endå meir einsame av å lese bøker ingen andre les. Bekymringa hennar for einsame unge er velgrunna. Nye tal viser at halvparten av unge mellom 16 og 36 år har følt seg einsame i løpet av dei siste 12 månadane. Eg trur derimot ikkje at det er lesinga i seg sjølv som er problemet her.

Samtalen fekk meg til å tenke på ein elev som var innom skulebiblioteket vårt for eit par år sidan. Ho ville låne Pan av Knut Hamsun. To dagar seinare leverte ho den inn og sa at ho var ferdig med alt vi hadde inne av Hamsun. No ville ho låne alle seks binda av Amalie Skram samlede verker. Eg trudde eg var på skjult kamera. Samstundes måtte eg vete meir om motivasjonen bak prosjektet. Kva får ein elev med middallergi til å låne ei nedstøva bok om død og alkoholisme?

Spørsmålet vart startskotet for podkasten Årstad leser. I podkasten anbefaler ein elev ei bok til meg, eg les boka og så diskuterer vi henne. Amalie Skram-entusiasten Cecilia var med i fyrste episode.

I praksis handlar han om å skape trygge fellesskap der elevar opplever tilhøyrigheit og meistring

Cecilia fortalde meg at ho las mykje under pandemien, men at ho sakna nokon å snakke med om bøkene ho las. Ho søkte difor på Facebook etter bokklubbar i nærleiken. Heldigvis for ho var det ikkje så langt til ein ho kunne bli med i. Ho kjøpte eit eksemplar av Pride and prejudice (på norsk: Stolthet og fordom) og møtte opp på adressa frå arrangementet.

Då ho kom fram, viste det seg at bokklubben var for eldre på eit omsorgssenter. Mange ville ha snudd i døra, men Cecilia bestemte seg for å bli med. I ein lang periode var Cecilia fast medlem i bokklubben saman med ein gjeng damer som var mykje eldre enn henne sjølv.

Historia om Cecilia seier noko viktig om lesing, nemleg at det å lese kan vere sosialt framfor isolerande. Det er også dette NRK brukar i den nye podkast-satsinga si, «Leseklubben». Dei 50.000 avspelingane av podkasten på ei veke viser at mange ynskjer å delta i samtaler om bøker. Litteraturkritikar Live Lundh i Morgenbladet skreiv nyleg ein tekst om podkasten, og her omtalar ho lesinga som «grunnleggende relasjonell».

Ho skriv også at det nesten er «umulig ikke å bli litt klokere» av å forhandle med andre si oppleving av boka.

Eg stiller meg heilhjarta bak det Lundh skriv. Samstundes meiner eg at nettopp den relasjonelle investeringa ei felles leseoppleving er, er vel så viktig som det å bli klokare. Tenk berre på kva det betydde for dei eldre damene at Cecilia ville høyre på dei og omvendt.

---

David Kvamme Høvik

  • 28 år.
  • Utdanna lektor i nordisk.
  • Bur i Bergen, og jobbar ved skulebiblioteket ved Årstad videregående skole.
  • Skulebiblioteket vart kåra til Årets bibliotek i 2023.

---

Kulturen som samlingspunkt

Eg jobbar som litteraturformidlar ved Årstad vidaregåande skule i Bergen. I teorien går jobben min ut på å formidle bøker og leseglede til elevane mine. I praksis handlar han om å skape trygge fellesskap der elevar opplever tilhøyrigheit og meistring.

Lat oss ta endå eit eksempel: Éin gong i månaden møtest bokklubben Bokhavet på skulebiblioteket. Bokklubben starta eg saman med nokre elevar i fjor. Til å byrje med var det tjue elevar med. På førre bokklubb var vi blitt trettiseks. Smak på den. Trettiseks elevar som brukar pausen mellom skuletimane på å snakke om bøker dei har lese sidan sist. Kva seier dette oss?

Det viktigaste er at heimebaka bollar fungerer utruleg godt som rekrutteringsstrategi. Det nest viktigaste er at det synleggjer eit behov for lesande fellesskap. Éin av elevane sa det så fint at eg ikkje treng å formulere det sjølv:

«Det er mykje lettare å bli kjent med andre elevar i bokklubben enn elles. Viss ein føler at ein ikkje kjenner nokon der, kan ein berre lese same bok som dei, og sitje ilag neste bokklubb.»

Strategi er sjeldan sexy, men leselyststrategien er usedvanlig lite sexy

Dette sitatet rommar litteraturens potensial som samlingspunkt. Boka alle har lese gjev elevane eit felles grunnlag og felles referansar. Boka vert utgangspunktet for samtalen, mens elevane vel retninga sjølv. Den retninga er ikkje føreseieleg.

Eg har høyrt elevar klikke på rollefigurar i bøker (Hindsley Earnshaw i Wuthering Heights) og bli forelska i dei (Peeta i The Hunger Games).

Sjølv om mange opplever bokklubben som eit lågterskeltilbod, ville det for andre krevje mykje å bli med. Eg snakka med ein norsklærar om lesing blant ungdommar. Ho er lærar i ein klasse med tretti elevar og hadde spurd om alle som hadde lese ei bok det siste året, kunne rekke opp handa. Fire elevar rakk den opp.

Eg kan allereie høyre dei febrilske tastetrykka på tastatura til vaksne som er skuffa over manglande lesing i denne generasjonen, men det er ikkje den retninga vi skal gå i no. Norsklæraren visste nemleg at fleire elevar som sat i klasserommet, med handa godt planta under pulten, hadde lese fleire bøker det året.

David Kvamme Høvik

Kvifor ville dei ikkje rekke opp handa?

Dei fleste av medlemmane i bokklubben identifiserer seg som lesarar. Eg har ikkje tal på det, men eg vil tru at dei er i mindretal på skulen vår. Forskjellen på bokklubben og det omtala klasserommet, er at lesing har ulik verdi på desse to arenaane. I bokklubben er det kult å vere ein lesar. I klasserommet kan det bety det motsette.

Dette kan vi lese på to måtar: Den negative tolkinga er at lesing har låg status i norske klasserom. Det er i tråd med tal frå PISA-undersøkinga frå 2020. Der kjem det fram at norske elevar er blant dei minst positive til lesing i OECD. Den positive tolkinga er at trygge, lesande fellesskap kan skape rom der lesing har høg status.

Desse fellesskapa har både ein sosial funksjon og ein sosialt utjamnande funksjon.

Forsking på PISA-undersøkinga viser nemleg noko interessant om leseferdigheiter og sosial bakgrunn. Det er velkjent at elevar med høg sosioøkonomisk status skårar betre på lesing enn elevar med låg sosioøkonomisk status. Det er ikkje like kjent at leseengasjement kan kompensere for låg sosioøkonomisk status.

Eg vert rasande av leselyststrategien

Elevar med låg sosioøkonomisk status, men med høgt leseengasjement, les nemleg like godt som elevar med høg sosioøkonomisk status og lågt leseengasjement.

Den sosiale bakgrunnen til elevane våre kan vi ikkje gjere noko med, men leseengasjementet kan vi derimot forsøke å auke. Det var det regjeringa gjorde eit, i beste fall, halvvegs forsøk på med den såkalla leselyststrategien.

Strategi er sjeldan sexy, men leselyststrategien er usedvanlig lite sexy. «Kva? Er det lansert ein leselyststrategi?» spurte kulturredaktør i Vårt Land Lars Petter Sveen ironisk på vegne av den jamne nordmann i ein kommentar i oktober. Det er treffande.

Rasande av leselyststrategien

Då Anette Trettebergstuen og Tonje Brenna lanserte planane for ein komande leselyststrategi, var vi mange som vart glade. Samarbeidet mellom kultur- og kunnskapsministrane hadde potensial til å styrke leseinstitusjonar i, og utanfor, skulen.

Dette kunne blitt ei historisk satsing på skulebiblioteka. For her står det nemleg dårleg til i dag.

Ein bibliotekar med éin time i veka ville kanskje ikkje visst namnet til Maria frå starten av denne teksten

Opplæringslova seier at alle elevar har rett på tilgang til eit skulebibliotek. Slik er det ikkje i praksis. Elevane ved Breim skule i Nordfjord har ei bokkasse som skulebibliotek. I grunnskulen i Bergen er det vanleg praksis at den bibliotekansvarlege har éin time i løpet av veka til drift av biblioteket. Den som er heldig, får eit par tusen kroner til innkjøp av bøker i året. Fulltidsstillingar som mi er det svært få av.

Eg er takksam for at dette ikkje er eit debattinnlegg, men eit essay, for no skal eg skrive i affekt:

Eg vert rasande av leselyststrategien.

Ein strategi utan ei omfattande og målretta økonomisk satsing er poenglaus.

Den største delen av pengane i leselyststrategien går til innkjøp av fysiske lærebøker. 300 millionar kroner er sett av til dette. Det er ei stor økonomisk satsing, men eg skjønar ikkje korleis det skal vere knytt til leselyst. Sist eg sjekka var ikkje religionsboka ein inngangsport til lystlesing av Knausgård.

Biblioteksatsing

Det er heller ikkje godt nok å seie «vi skal satse på skolebibliotekene» når ein aukar tilskot til skulebiblioteka nasjonalt med 20 millionar kroner. Det er 40 fulltidsstillingar i eitt år om bibliotekaren tener 500.000 kroner. 40 av dei 357 kommunane i Noreg kan få éin fulltidskulebibliotekar, altså.

I Sverige skal alle elevar få bemanna skulebibliotek i løpet av dei neste åra. Det kjem til å koste 443 millionar svenske kroner i året.

I Noreg vert ein nøydd til å søkje om årlege prosjektmidlar for å få tilstrekkeleg bemanning, med mindre rektoren din prioriterer skulebiblioteket i rammebudsjettet sitt. Slikt hindrar kontinuitet i arbeidet, og i satsinga.

Ein bibliotekar med éin time i veka ville kanskje ikkje visst namnet til Maria frå starten av denne teksten. Han hadde i alle fall ikkje hatt tid til å lage bokklubb, bokpodkast eller litteraturpris.

I ei tid med stigande einsemd og synkande leseglede, kunne skulebiblioteka vore ein sentral aktør i arbeidet for å snu denne utviklinga.

I staden står skulebiblioteka igjen på perrongen når statsbudsjettet fyk forbi.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Verdidebatt