Tida for bistand er ikkje forbi
UTVIKLING: Om Frp blir landets største parti, kan det få alvorlege konsekvensar for verdas fattigaste.
– I Noreg løftar Sylvi Listhaug stadig fram bistand som ein stad ho vil kutte for å finne pengar til andre satsingar. I Frps program tar dei til orde for at «bistandsbudsjettet skal reduseres kraftig», skriver innsenderen.
Det bles ein mørkeblå vind over europeiske lands vilje til å gi bistand. Spørsmålet er kva som vil skje med den norske politikken om høgresida vinn, og Framstegspartiet får ein sentral posisjon, etter stortingsvalet neste år. I det siste har det kome målingar der Frp er landets største parti. Samtidig treng verda no meir, ikkje mindre omfordelande utviklingspolitikk.
Det er krig og konflikt ei rekke stadar. Mange av verdas fattigaste land er i ei alvorleg gjeldskrise og bruker meir pengar på å handtere gjeld enn dei gjer på å gi eigne innbyggarar helse- eller utdaningstenester. Parallelt byrjar klimaendringane å bli veldig merkbare, særleg i verdas fattigaste land. Tørke, flom og matmangel sender folk på flukt. Dei som har minst pengar på planeten blir hardast ramma. Desse problema løyser vi ikkje om vi tenkjer Noreg fyrst.
Å forme utviklingen
Bestill abonnement her
KJØP