Som metodist vonar eg at denne sommaren var siste gong eg måtte stemme over spørsmål om likestilling for skeive i kyrkja mi. For Frikyrkja blei derimot årets synodemøte truleg eit startskot for debattane som kjem. Både i og etter desse diskusjonane er det ofte eit perspektiv me gløymer. Fordi kva skal kyrkja vår vere, utover diskusjonar om etikk og moral? Svaret på det spørsmålet trur eg kan rettleia oss til å skape levande kyrkjer også for framtida.
Diskusjonar som tærer
I ettermælet av vedtaka til både Metodistkyrkja og Frikyrkja har spørsmål kring likekjønna vigsel og ordinasjon av lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og andre (ofte forkorta til LHBT+ eller fellesomgrepet «skeive») fått mykje spalteplass i Vårt Land.
Spørsmåla har fått endå meir spalteplass i samtalar i kyrkjelydane våre, med god grunn. Ekteskapet er så nært og påtakeleg for dei fleste av oss. Men også kven som kan vere Guds tenarar og rettleiarar i den lokale kyrkjelyden rører ved oss.
Samtidig er mange av oss, uavhengig av ståstad i desse spørsmåla, leie diskusjonen før han i det heile har starta. Det er så personleg, fordi det rokkar ved korleis me forstår vår eiga tru og korleis me forstår oss sjølve. Det gjeld både om du heile livet har hatt éin måte å forstå kva ekteskapet er, og noko anna er vanskeleg å førestilla seg, eller om du har måtte rekonstruere ei forståing av kva Guds kjærleik og kva som er rett og gale er fordi du har forstått at ditt kjønn eller din seksualitet er annleis enn norma. Diskusjonane tærer på oss, og dei er tøffe å stå i over tid.
Kyrkje er fellesskap
Eg går til kyrkja når ting er tøft i eige liv. Kyrkja gir samhald med fine folk, nokon å prate eller synge med når eg treng det, og fellesskapsritual for å føla meg som del av noko større. Fellesskapet og kjærleiken i kyrkja er hovudgrunnane til at eg er kristen, og eg trur at eg ikkje er åleine om den kjensla.
For mine ikkje-kristne vener er fellesskapet gjerne det siste dei tenker på når dei tenker på kyrkja. Etikk og moral, derimot, kjem ofte opp. Kyrkja skal vere ein plass for å diskutere etikk og moral, og for dei fleste av oss bør også kyrkja ha nokre etiske linjer som me følger. Kva linjene skal vere, og kor mykje usemje me kan ha rom for, vil likevel variere stort mellom oss folk – og varierer i dei mange kyrkjene våre.
Eg går til kyrkja når ting er tøft i eige liv
Men kyrkja er også meir enn etikk og moral. For mange er kyrkja ein viktig plass å ha ritual, som gjorde at folk flokka til kyrkjer etter terroråtaka i 2011, 2020 og 2022, og som gjer at mange framleis vil gravleggjast i kyrkja. Kyrkja har også skapa juridisk eksistens gjennom kyrkjebøkene, vore ein kulturell leikeplass for kunstnarar og musikarar, og sosialberande for vanskelegstilte gjennom heile si eksistens.
Etikk er ikkje einaste samfunnsutfordring
Så kvifor har me så stort fokus på etikken, når kyrkja skal romme så uendeleg mykje meir? Me står blant anna i ein pandemi av einsemd, har få sosiale arenaer i Noreg som er heilt gratis, og mange sosiale arenaer som er flytta digitalt. Sosial naud og fattigdom aukar i Noreg, og det offentlege ordskiftet blir stadig hardare.
Alle desse utfordringane er noko kyrkja på ulike vis i ulike tider har arbeida med. Men i kampen for å skulle setja to strekar under teologiske og etiske spørsmål kring ekteskap og ordinasjon av skeive, trur eg mange av oss leiarar i Kyrkje-Noreg har gløymd kva funksjon kyrkja kan ha.
Me kan skapa lokale arenaer der folk møtest, får hjelp i kvardagen viss dei treng det, og samtidig får bryna seg på dei store filosofiske og etiske spørsmåla. Men viss kyrkja berre skal vere det siste, og dei diskusjonane i realiteten blir snevre, ja, då er det ikkje rart at me mistar mange på vegen.
Byggja lokalt
Framover håpar eg at både Metodistkyrkja og andre kyrkjer tek steget forbi spørsmålet om vigsel og ordinasjon av skeive. Eg håpar at me kan diskutere korleis me kan lage gode rom for å byggja fellesskap, læra av kvarandre og byggja kvarandre opp. Kva treng folk akkurat her me bur? Korleis kan me jobba mot einsemd og fattigdom i vårt lokalmiljø? Dette er nokre av mange viktige spørsmål som bør diskuterast meir enn etikk og moral – iallfall slik samfunnsutviklinga er i dag.
Så kvifor har me så stort fokus på etikken, når kyrkja skal romme så uendeleg mykje meir?
Sjølvklart må me også snakke om kva plass dei av oss som er skeive skal få ha i akkurat vår kyrkje. Etter vedtaka på Metodistkyrkjas årskonferanse i år kjenner eg, som sjølv er skeiv, på ein ny tryggleik. Nå er eg velkommen og inkludert, ikkje trass i, men fordi eg også er eitt av Guds barn akkurat slik eg er. Men også eg treng at kyrkja er meir enn moglegheit til ekteskap og ordinasjon.
Uavhengig av kva slags syn du og eg har på likekjønna ekteskap, ordinasjon av skeive, og teologi som heilskap, skal me som kristne byggja Guds fellesskap. For å skapa eit slikt fellesskap, som også er attraktiv for folk utan ei sterk tilknyting til kyrkja frå før, må me finna ut kva kyrkja faktisk skal vere. Eit reint diskusjonsforum for rett og gale er iallfall ikkje svaret.