Er dette ei kyrkje?! Ingen tårn eller spir, berre ein vanleg bygning kopla saman med andre bygningar. Dette var det første eg la merke til, da eg hadde funne fram til Filadelfiakirken frå instruksjonane på Google Maps.
Eg har aldri vore i ei kyrkje før, men eg har sett kyrkjer utanfrå, og denne kyrkja var annleis.
Eg var både spent og nysgjerrig på korleis folk skulle reagere på å sjå ei kvinne med hijab på ei gudsteneste i denne kyrkja. Da eg kom inn, sto nokre personar der og ønska meg velkommen. Ei kvinne guida meg til rommet der gudstenesta skulle skje.
På vegen spurde ho «Er det første gong du er her?», eg svarte ja, og forklarte at eg kom her for å skrive mine refleksjonar over opplevinga av å vere her som muslim. «Åja, du er muslim, så kjekt då», sa ho. Eg trudde det var klart at eg var muslim med hijaben eg hadde på meg.
Er det her?
Da vi kom inn i sjølve salen, tok eg meg sjølv i å tenkje: Er det her det skal vere gudsteneste? Det var eit stort rom med mange stolar, som liknar på operahus-stolar og ei scene med mange musikkinstrument.
Mange kom. Vi satte oss ned, stolane var komfortable, temperaturen perfekt og rommet hadde fine fargar. Det var mange tente stearinlys, både på høgre og venstre side. Eg hadde sett for meg eit mindre rom med færre benker, slik det er på film. Med benkar i tre, eller vanlege stolar, og ein plass der pastoren skulle stå, ikkje ei scene.
På den store skjermen sto det «Velkommen Hjem». Eg følte meg faktisk treft av det, det kjendest som om dei bad meg direkte om å kjenne meg trygg her.
Plass for alle
Ei kvinne sto på scenen og begynte å snakke med roleg stemme. Ho prøvde å få alle i rommet å kjenne seg trygge og velkomne. Vi fekk beskjed om å bli kjend med nokre av dei i rommet. Då eg såg rundt meg, var det òg mange som retta seg mot meg og helsa på meg, dei var vennlege.
Eg kjende ikkje på at eg kom utanifrå, ikkje som ein framand. Eg kjende faktisk ikkje på at det var første gong eg hadde sett føtene mine på golvet i Filadelfiakirken. Her trur eg det er ein plass for alle som vil.
På den store skjermen sto det «Velkommen Hjem». Eg følte meg faktisk treft av det, det kjendest som om dei bad meg direkte om å kjenne meg trygg her
Uvant med musikk til bønn
Etter kvart blei det song. Vi song saman med dei på scenen. Dei var engasjerte og spirituelle. Ein kunne merka at dei song med hjartet før munnen. Mange av dei i salen såg ut til å gjere det også.
Det var ei ny og kjekk oppleving å syngje kristne songar. Det var ikkje noko spirituelt i det for min del sjølvsagt, fordi songane hadde i seg trua på Jesus som Gud, mens eg trur at Jesus er ein profet sendt av Gud. I muslimsk samanheng er det ikkje noko særleg musikk til bønn. Men vi har songar eller nasheed som innehald ein del tru.
Eg har aldri vore i ei kyrkje før, men eg har sett kyrkjer utanfrå, og denne kyrkja var annleis
Det var høgt volum på instrumentane, som inkluderte gitarar, trommer og piano. På scena lyste lyskastarar som skifta farge ifrå lilla, mørk blå, mørk gult. Dette var uvant for meg. Eg har alltid tenkt på bønn som noko roleg og kanskje meir nøytralt med tanke på lys og fargar. Det var høgt volum og fargerikt, med masse energi skapt av musikken og lysfargane.
Sjølv om eg er ein truande muslim, pleier eg ikkje å besøkje moskeen, eg har heller aldri vert i ei kyrkja før. Men eg veit at mange trussamfunn er rolegare og har ein meir nøytral bønn og tale. Men det var ein bra måte å skape ein energisk og inkluderande atmosfære.
God stemning i rommet
Så kom taleseksjonen, eller fortellingsseksjonen, som eg vel å kalle han. Her sto pastoren og fortalte ein historie om Daniel. Eg har høyrt om Daniel, men eg kjenner ikkje forteljinga om han. Så det var fint å kunne høyre den.
Pastoren var veltalande og prøvde å få merksemd frå publikum. Han var også fleksibel og kom med morosame innspel inni mellom. Så det var ein god stemning i rommet. Ein trengde ikkje å ha kunnskap frå før for å skjønne vitsane. Det er noko ein likar når ein sit og høyrer på tale, spesielt når det er langt.
Historia om Israel
Ein ting eg ikkje likte og synest er kritikkverdig, er måten historia blei framført på i starten. Det blei framstilt som om det historiske Israel er det same som Israel i dag. «Staten Israel» på kartet blei vist, som om Palestina aldri eksisterte, etter mi oppleving.
Det handlar også mykje om å komme nærmare Gud ved å komme nærmare til kvarandre
Å sei at Israel var ein nasjon med hovudstaden Jerusalem, meiner eg framstiller saka feil. Spesielt at det ikkje er meir kontekst om detaljane av landområdet. Eg synest dette vart framstilt på ein urettferdig måte, og det kjennes ekstra viktig i den tida vi er i no med konflikt, der Israel gjer seg skuldig i det som blir skulda for å være eit folkemord.
Komme nærmare Gud
I heilskapen var gudstenesta meir enn ei spirituell hending. Alle kom med vanlege klede. Noko eg synest er litt rart, at det ikkje var formelt, men at folk gikk kledd i blant annet shorts og korte kjoler.
Etter gudstenesta var ferdig, kom fleire av dei som jobba der for å helse på og snakka med meg. Dei meinte at det var fint å opne ein prat og å bli kjent med dei som kom. Så det var også sosialt liv.
Ifrå mitt blikk ser det ut som eit varmt og inkluderande fellesskap, der alle er velkommen uansett bakgrunn, der alle som vil kan vere med.
Det handlar også mykje om å komme nærmare Gud, ved å komme nærmare til kvarandre. Dette blei sagt, men eg har også observert at det blei lagt mykje vekt på i måten gudstenesta er organisert, måten dei som jobbar der engasjerer folk og blir kjent med dei. Eit eksempel er at vi blei invitert til å sitte i kafeen nede og ha litt snacks etter gudstenesta. Det var ein innsats for å gjere dette fellesskapet sterkare og varmare.
Styrka i trua på Gud
For meg var gudstenesta ikkje ein oppleving med spirituell dimensjon, i og med at eg har ei annleis tru i synet på Jesus, til døme. Det vil det sikkert vere det for mange av dei som deler den same trua. For meg handlar det om at eg har opplevd å bli inkludert og tatt godt i mot.
Som mitt første besøk i kyrkja har dette også forsterka min tru på at det er éin og same Gud, på tvers av dei ulike framstillingar, er det guden til fred og kjærleik.