Preike over forteljinga om den miskunnsame samaritanen (Luk 10, 25-37), på Moster 2. juni.
Vi er på heilag grunn. Denne dagen kjenner vi oss som del av den heilage lekkja av menneske som før oss har trått grunnen vi står på. Som her har lagt att sine bøner, sine tårer, si glede, sine håp og si framtidsvon. Og som har fått gå herifrå med ny von, velsigning og visse om kjærleik. Levande steinar vart lagt på denne staden og har slik fått vere byggesteinar, ikkje berre for kyrkja på Moster, men for kyrkja i Noreg. Det gjer noko med oss å prøve å tenke attende til då staden under føtene våre vart vigsla til heilag jord for å ta imot den treeinige Gud. Gjennom tusen år har her vore eit Kristusnærvær. Vi blir på same tid del av Guds tid, som gjennom Jesus Kristus også er blitt vår tid. Og vi får sanne det vakre – og ufattelege - i Guds æve: For han er dagen tusen år, og tusen år ein sommardag.
Evangeliet om Jesus Kristus har alltid som mål å gjere Kristi kjærleik levande mellom oss. Bodskapen på denne dagen, med feiringa av kristenretten i tusen år, er at Guds kjærleik mellom oss blir levande også der vi trudde den ikkje kunne finne sin stad. Forteljinga om det som hender på vegen mellom Jerusalem og Jeriko, er del av vår felles arv. Den har gjeve oss uttrykk i språket som vi bruker, også når vi kanskje ikkje lenger heilt veit opphavet til dei. Og det er slik forteljinga seier; at vegen frå Jerusalem til Jeriko, den går nedover. Det er så bratt at ein kjenner det i kroppen, i øyrene. Og vegen er bein, ein ser målet der framme, ein ser kvar ein skal. I det aude ørkenområdet vil det synast godt om nokon går utanom. Og i alle fall om ein som treng omsorg og hjelp blir liggande att åleine fordi nokon skulle bli freista til å gå forbi. Samaritanen, han som kunne ha gått vidare utan å stanse opp, han blir døme på ein som gjer kjærleiken levande – mot alle odds. Det er også svaret til den unge mannen som spør Jesus om kva han skal gjere for å få evig liv: At Guds kjærleik krev av oss – og den er levande mellom oss. Og den møter oss på uventa og nådefullt vis.
Peer Gynt
Å gå utanom, det er eit uttrykk vi kjenner frå vår nasjonale arv, gjennom det store verket om Peer Gynt. Om det er uvilje eller ei evne Peer ikkje ser ut til å ha; det pregar heile livet hans. Og Henrik Ibsen har gjeve det eit namn; Den store Bøygen.
Bøygen tvingar Peer til å gå utanom alt det som er krevjande i livet hans, og gjer at han ikkje torer å gå inn i korkje kjærleik eller krav. Når han mot slutten av livet får stilt det store spørsmålet om han har vore tru mot seg sjølv, blir det tydeleg at Peer gjennom livet aldri har teke den andre på alvor. Han har ikkje gått i møte med sin neste, og heller ikkje seg sjølv. Den fordringa som er lagt ned i oss, som innbyd til å gje kjærleik, til å vise ansvar, den har Peer aldri tort å finne fram til. Men når han trur han er i ferd med å gå under fordi han aldri har vore tru til seg sjølv, får han høyre Solveigs ord, ho som, trass i den Peer er, har elska han heile livet med vilkårslaus kjærleik. «Hvor var jeg som den hele, den sanne? Hvor var jeg, med Guds stempel på min panne?», spør Peer. Og Solveig svarer «I min, tro, i mitt håp, i min kjærlighet.»
Vere eit ombod
Kva gjer det med oss å stå på heilag grunn? Kva betyr det å gå inn i, vere nærverande, å ta inn over oss nauda, gleda, å elske våre medmenneske som kjem i vår veg? Kva vil det seie å halde ut å vere i smerten, også vår nestes, og ikkje røme frå den? Kristus-etterfylgjing inneber i sitt inste vesen å ikkje vere redd for å vere der lidinga er. Å fylgje etter Kristus er å vere den svakastes forsvarar, vere eit ombod. Eit ombod er likestilt og taler saka for den fattige. Guds standard er at dei fattige skal få sin rett. Her gjeld ikkje den sterkastes rett, men rettferda.
Dette heilage fundamentet er vitna om i dei fire guddomlege systrene som vi har med oss frå den jødisk-kristne tradisjonen. Dei har vorte kompass og vegvisarar for oss fordi dei vart så grunnleggande for lovverket vi markerer og feirar i denne tida – både i vårt personlege liv, og mellom oss i samfunnet vi lever i. Miskunn og sanning, rettferd og fred – det er guddomeleg dugleik at også vi held dei høgt og viser Guds sinnelag – så vi ikkje går utanom, men stansar opp i Kristi sinnelag og gjer Guds kjærleik synleg mellom oss. Det er den fyrste rørsla.
Å fylgje etter Kristus er å vere den svakastes forsvarar, vere eit ombod
Vi er på heilag grunn. Det er også uforvarande og nokre gonger kanskje uvitande, å verte rørt ved av Guds kjærleik. Det er den andre rørsla. Jakob, ein av patriarkane vi høyrer om i Det gamle testamentet, sette opp ein stein og gjorde den til eit altar etter å ha møtt Gud i ørkenen. Så sa han det slik: Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje. Den miskunnsame samaritanen kom uforvarande til og fekk vere den som hjelpte Gud å gjere kjærleiken verkeleg – Han rørte ved den forslåtte, han bandt såra hans, han vart verande i smerten. Guds kjærleik vart verkeleg for den såra, og for den hjelpande som i si gjerning fekk erfare at Guds miskunn skjer.
Lat oss vere vitne om von og Kristus-kjærleik på ein slik måte at menneske kan kome til tru, og kanskje også med oppriktig glede og undring vil seie: Sanneleg, Gud er på denne staden, og eg visste det ikkje!
På denne staden kom Kristus-kjærleiken til oss gjennom ord og vilje, ikkje med våpen eller ufred
Bundne til Guds kjærleik
Vår heilage grunn må vere ein stad for gjestfridom, for også hjå oss er den treeinige Gud til stades.
På denne staden kom Kristus-kjærleiken til oss gjennom ord og vilje, ikkje med våpen eller ufred. Kristi kjærleik fekk grobotn mellom oss fordi menneske i alle lag av samfunnet vart gjort myndige til å vise kvarandre miskunn, sanning, rettferd og fred. Slik skal vi ikkje tenke lite om ordningane vårt samfunn er tufta på. Men vi skal halde dei fram, og kjempe for at dei også vil vere mellom oss i ei framtid som vi ikkje kjenner, men som vi tek ansvar for, og som vi legg i Guds hender.
Vi står på heilag grunn. Med krossteiknet over seg er denne staden utsondra til heilagt liv. Det er også vi. Med Guds merke på vår panne, krossteiknet vi fekk i dåpen, er vi bundne til Guds kjærleik med dråpeforma nåde. Peer Gynt ville nok aldri ha stansa opp hjå sitt lidande medmenneske på veg til Jeriko. Han ville gått utanom, slik bøygen leidde han utanom og forbi det som var krevjande og smertefullt. Men også for Peer var det noko som alltid heldt han fast, som aldri gav opp å gje han ein mulighet til å sjå sitt liv i lyset frå Guds kjærleik: Merket på hans panne, det han var teikna med i dåpen; den vilkårslause nåden som held han fast i tru, von og kjærleik.
Kristus-kjærleiken kjem til oss og vi får ta i mot. Det er ikkje vårt strev, men skjer – slik Edvard Hoem skriv så vakkert i ein salme – så stilt som berre barnet søv med fred i sine andedrag.
Slik fyller Herren tusen år med lyset frå ein sommardag.
Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage Ande, vår Skapar, Frigjerar og Livgjevar, som var og er og vera skal éin sann Gud frå æve og til æve. Amen.