Verdidebatt

Organisering av Den norske kyrkja i framtida

DNK: Då eg kom tilbake til kyrkjelege verv var det noko som overraska meg: Den norske kyrkja er veldig overadministrert, med eit stort pengesluk og tapping av lokalkyrkja.

Den norske kyrkja har fått nye bispedømmeråd og med det nytt kyrkjemøte og nytt kyrkjeråd. Ny kyrkjerådsleiar er på plass, og snart er den nye administrative leiaren også ved skrivebordet. Vi kan berre ønska dei alt godt og Guds signing for tenesta.

Forenklingas kunst

Dei treng tydeleg mykje visdom. Spissformulert meiner eg at den gåva Den norske kyrkja treng nå meir enn mykje anna er «forenklingas kunst». Då eg kom tilbake til kyrkjelege verv som soknerådsleiar og fellesrådsmedlem var det noko som slo meg og overraska meg: Den norske kyrkja er veldig overadministrert, med eit stort pengesluk og tapping av lokalkyrkja. Underleg at ein ikkje for lengst har rasjonalisert slik at pengane meir kjem dei lokale sokna til gode. Lokale stabar og sokneråd er frustrerte over at stillingar fråtas og samlast hos kyrkjeverjene.

Den norske kyrkja er veldig overadministrert med eit stort pengesluk og tapping av lokalkyrkja

Forenklinga må aller mest skje i fellesråd og hos kyrkjeverjene. Frå 1990-talet fekk vi lovgjeving der sokneråd og fellesråd skulle vera parallelle organ. Resultatet har dessverre vorte at fellesråda og kyrkjeverjene har bygd seg opp og styrka sin stilling på kostnad av nettopp sokna og det direkte valde soknerådet. Det blei for år sidan oppretta ei «prøveordning» som forum for kyrkjeverjer i større fellesråd. Det blei uttrykkeleg presisert at dette var eit samtaleforum utan representasjons mandat. Likevel har vi sett fleire døme på at dei med urette har opptrett der dei meiner seg å representera lokalkyrkja.

Heldigvis er ikkje lenger fellesråda ein del av kyrkja si nødvendige ordning. Dei er faktisk meir kyrkjeleg «frivilligsentral» – utan at det har skjedd rasjonalisering.

Karl Johan Hallaråker (69) tar plass i sentralstyret etter triumfvalg.

Nokre forslag

Etter mi vurdering og erfaring tenker eg langs denne lina:

  • Sentralt i Kyrkjerådet bør ein samla mest mogeleg av det som er av teknisk art i tillegg til dei lovpålagde oppgåvene, som dataopplegget. Mykje parallellitet er både unødvendig og kostbart.
  • Arbeidsgjevaransvaret bør mest mogeleg samlast i kvart bispedømme. Det har blitt meir komplisert i vår tid. Då er det meiningslaust å bygga opp store kompetansesenter parallelt i kvart fellesråd hos kyrkjeverjene. Det same gjeld ansvar for bygningsmassen.
  • Administrative tenester bør administrerast mest mogeleg i sokna. Utøvande teneste bør mest mogeleg koordinerast av prostane. Deira leiarkompetanse bør styrkjast, slik at dei ikkje berre blir vikarbyrå for prestetenesta. Sjølv om det framleis er to formelle arbeidsgjevarlinjer skulle det ikkje vera noko i vegen for å samordna praksis.

Ei utvikling utan berekraft

Dersom det er Kyrkjemøtet som må gjera dei store grepa for endring, undrar det meg at bispedøma ikkje tek meir tak i problema. Dei har jo eigentleg mandat og makt. Skal Den norske kyrkja framleis aksepterast som landet si folkekyrkje, må noko drastisk skje etter «forenklingas kunst». Denne debatten har diverre underleg nok vore fråverande i dette kyrkjelege jubileumsåret!

Den lokale kyrkja – sokna – må styrkjast med fokus på eit allsidig kyrkjelydsiv der ord og sakrament er i fokus. Det vi registrerer konturane av i dag, er helst oppbygging av ei servicefokusert «instituttkyrkje» og mindre fokus på kyrkjelydsbygging. Denne utviklinga har ikkje berekraft for framtida.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verdidebatt