Legitimt med felles bøn?

RELIGIONSBLANDING: Når religiøse leiarar ber saman, handlar det likevel ikkje om politisk samarbeid, men om å vise åndeleg einskap. Problemet er at denne typen einskap ikkje finst.

NIDAROSDOMEN: – Biskop Herborg Finnset understreka etter samlinga «opplevelsen av samhørighet og fellesskap, å samles som troende». Det må vere lov å spørje: Kva tru var dei samla om? skriv innsendaren. Biletet er frå ei anna anledning.
Publisert Sist oppdatert

14. april i år heldt biskopen i Nidaros felles bøn med leiarar frå muslimsk og jødisk religion. I Nidarosdomen. Mangelen på reaksjonar har vore påfallande. Ser ikkje misjonsleiarane kva dette gjer med legitimiteten av oppdraget dei står i spissen for?

Dialog som set på dagsorden spørsmål om fred og forsoning, heiar vi på. Når dette går over til felles utøving av truspraksis, i dialogarbeidet gjerne kalla diapraksis, er det kryssa ei prinsipielt viktig grense inn mot religionsblanding, som med eit fint ord heiter synkretisme.

Åndeleg einskap

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP