Verdidebatt

Foreldra er viktige for ungdomane

ALKOHOL: Ikkje-drikkarane har eit noko meir ope forhold til og dialog med foreldra sine enn dei som drikk. Og foreldra til ikkje-drikkarane har meir kontroll over og kunnskap om kva borna driv med.

Forskinga viser at stadig færre unge drikk alkohol. Ei undersøking med svenske ungdomar har mellom anna undersøkt på kva måte dei unge som ikkje drikk alkohol skil seg ut frå dei som drikk. Forskarane har no fått nokre svar. I forskning.no har Høgskolen i Innlandet 11. mars i år presentert nokre av funna i denne ungdomsstudien, som dei har gjort saman med svenske forskarar.

For oss i IOGT (International Organisation of Good Templars) i Region Midt-Norge er det kjekt å lese at studiar no viser at stadig færre ungdomar drikk alkohol. Det er også interessant det som vert sagt om kva forhold dei unge har til foreldra sine. Vi har eit program som heiter Sterk & Klar, som nettopp går på dette å styrkje foreldrerolla.

Ny undersøking

Dei siste åra har norsk tenåringsdrikking vorte mindre enn då tenåringsdrikkinga mot slutten av 1990-talet nådde ein topp. Den same trenden ser ein no over heile Europa.

Førsteamanuensis og psykolog Karin Boson har undersøkt unge som drikk alkohol og unge som ikkje gjer det. «Vi ble egentlig veldig glade for å se at ungdom som ikke drikker, på eget initiativ åpner opp og involverer foreldrene i hva de gjør og tenker, mer enn de som drikker. Det er en veldig positiv sak». Det fortel Boson til forskning.no.

600 ungdomar spurt

Forskarane har følgt 600 ungdomar i Sverige frå dei fylte 12 til dei vart 17 år. Fire gonger i løpet av denne perioden har dei same ungdomane svart på spørsmål om mellom anna haldningar til alkohol, om problemåtferd, psykisk helse, kva slags sosialt liv dei har, om dei har brukt andre rusmiddel – og altså kva slags forhold dei har til foreldra sine. «Det som er spesielt med denne studien, er at vi har sett på den samme gruppa ungdommer over tid. Det er også unikt at vi har fått tak i ungdommer som ikke har drukket alkohol overhodet», fortel Boson.

Nokre av funna

Konklusjonane frå denne svenske studien viser mellom anna at:

  • Ikkje-drikkarane har eit noko meir ope forhold til og dialog med foreldra sine enn dei som drikk.
  • Foreldra til ikkje-drikkarane har meir kontroll over og kunnskap om kva borna driv med, kvar dei er og kva dei gjer.

Forskaren Karin Boson mener det ikkje er nokon grunn til å tro at dei svenske funna ikkje også gjeld for dei norske ungdomane. Ho peiker på dei same trendane for alkoholbruk blant ungdomar både i Sverige og i Norge. I tillegg framhever ho viktigheita av å satse på fleire rusfrie plassar for ungdomar og støtte foreldre i korleis dei handterar russpørsmål overfor ungdomane sine.

Vi i IOGT Region Midt Norge takkar Høgskolen i Innlandet og dei svenske forskarane for at dei har gjennomført denne studien.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt