Verdidebatt

Kven var Adam?

SKAPELSEN: Adam er verken den første mann eller ein vanleg mann. Tvert imot!

Eg føler det er eit vesentleg spørsmål som forblir ubesvart når dei to professorane Økland og Kartveit diskuterer Adam i Vårt Land. Det grunnleggande spørsmålet er: Kven er Adam? Er Adam verkeleg det første mennesket, er han alle menneske, eller er han, som Det nye testamentet hevdar, ein førehandsomtale om Jesus?

Skjønar vi lite?

Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt! Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?» Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane. (Lukas 24, 25-27)

Både Jesus, evangelia og Paulus insisterer på at Det gamle testamentets primær-funksjon var å fortelle om Jesus fram til han kom. Jesu fulle namn er Jahve Hoshua, Jahve som frelser. Det nye testamentet legg ikkje til noko nytt, men forklarar korleis kvar minste prikk i lova vart oppfylt i og gjennom Jesus, og gjennom det folket som oppsto i hans stad etter hans død. Om vi ikkje «kjøper» denne tolkningsnøkkelen, forblir fortellinga om skapinga, Adam, Eva og Eden uløyselege gåter.

Var Adam androgyn?

Det er, som Økland er inne på, noko merkeleg med overgangen frå Adam til «dei, mannlege og kvinnlege» i 1. Mos 1, 27 og den tilsvarande overgangen frå Adam til «kvinna» i 1. Mos 2. For korleis kan ein mann bli opphav til eit folk - eller til ei «kvinne» for den saks skuld - utan gjennom ei kvinne? Fortellinga om Adam liknar meir på kloning enn på reproduksjon. Gud bygde kvinna av Adams kropp, står det. Gud braut Adams kropp og delte den ut som brød til dei som ikkje var barn, dei som var som dyra på marka. Adams smertefulle død førte til at alle kunne bli Guds barn, ikkje berre han.

Svein Myklebust

Perfekt parallell

Det Bibelen skildrar frå først til sist, er ei ufatteleg og eineståande hending i verdshistoria. Hendinga vart forespeila i opphavet, men den hende midt i tida og midt i verda. Kan eit folk bli fødd på ein dag? spurde Jesaja. Det var nettopp det som hende då Jesus - i fullkommen analogi med Adam - vart ofra som Guds son, og umiddelbart omskapte «ikkje-barn» til søner og døtre.

Det folket er kyrkjelyden, ekklesia, dei som har Jesu liv i seg og som er hans kvinne og brud. Ho er den «hjelparen» som Gud lovde Adam, og som foreinar både av kvinner og menn, slavar og frie, grekarar og jødar til eitt i Kristus. Nattverd er ei påminning om dette «kloningsunderet». Ved å ete Jesu kropp, drikke hans blod og ta imot hans ande, får kvar den som vil rett til å bli Guds barn.

Jesu død på korset blei slutten på den einborne sonen, men det vart starten på ein stor og herlig syskenflokk. Jesus vart lagt i grava som eit vitne, men sto opp som ei sky av vitne som sto fram på pinsedagen og strøymde ut i heile verda. Dei er den herlegdommen Jesus talte om i Lukas 24, 26: Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?

Innånda av Gud

Det hebraiske ordet adam bør ikkje omsettast med menneske, men med messias, som er det same som Kristus. Adam er menneske- og Guds-sonen som vart avla av jord (kvinne) og fødd av Gud (himmel). Han er mann og likevel Guds bilete og lik Gud. Adam er verken den første mann eller ein vanleg mann. Tvert imot! Han vart innånda av Gud og send til verda til å vakte, dyrke og gi sitt liv for å frelse menneskeheita. Slik kunne Gud bli inkarnert i alle, og ikkje berre i den førstefødde.


Mer fra: Verdidebatt