Verdidebatt

Religionsfridom i islam?

ISLAM: Når Khadija Nezar Owdah skriv at det er feil å oppfatte islam som ein religion som «manglar religionsfridom», kjem eg ikkje utanom å måtte peika på islams syn på dei vantru, og på jødar og kristne.

Ola Garli, pensjonist

Ei av dei viktigaste oppgåvene det vestlige samfunnet har i vår tid, er å finne eit grunnlag for ein positiv dialog med verdas neste største religion, islam. Og når religionsstudent Khadija Nezar Owdah i VL 8. februar skriv at det er urettferdig og feil å oppfatte islam som ein religion som «manglar religionsfridom og toleranse for andre religionar», så vil eg gjerne lytte og lære.

Når ho nyttar omgrepet «ekte islam» og seier at denne er toleransens og religionsfridomens religion, så tolkar eg det slik at det då også finst ein «uekte islam». Eg trur diverre ikkje at Khadija Vezar Owhad, kor sterkt ho enn ynsker det, får leiande muslimar korkje i Noreg eller i verda elles, til å gå med på eit tenkt skille mellom ekte og uekte islam langs dei linene som Khadija Nezar Owdah trekkjer opp.

Det som kan vera ei von på (sers) lang sikt, er at det innanfor islam byggjer seg opp store folkerørsler og organisasjonar som er viljuge til å definera islam på nytt

Det som kan vera ei von på (sers) lang sikt, er at det innanfor islam byggjer seg opp store folkerørsler og organisasjonar som er viljuge til å definera islam på nytt. Desse rørslene må då vera så store og få så stor kulturell og demografisk tyngde at det einskilde mennesket føler tryggleik til å ta dei nye vala som framelskar «ekte islam» slik Khadija Nezar Owdah definerer denne. Det finst kanskje allereie tendensar til slike i enkelte land og regionar – det har eg ikkje kunnskap om. Uansett: Khadija Nezar Owdah må, med utgangspunkt i «ekte islam», og med tilvisning til Koranen og Sunna, gjera greie for omgrep som mellom anna jihad, kafir, dhimmi, sharia, ære og anna familierett. Og ho må få fleire muslimar med seg.

Eg kjem ikkje utanom å måtte peika på dei store problema som ligg i den muslimske historia når det gjeld islams syn på både dei vantru og på jødar og kristne. Og inntrykket mitt er at ein i muslimske miljø eller land ikkje finn nytenkjing, reformvilje, opposisjon eller kritikk av jihad av noko slag i dei periodene vi har sett valdelege utslag av islam. Muslimsk jihad utgjer til denne dag ei stor utfordring for våre vestlige samfunn og dei frie demokratia har, så langt eg kan sjå, inngått eit veddemål på at vi om få år vil sjå at den store majoriteten av våre muslimar vil tenkja slik Khadija Nezar Owdah gjer. Eg er diverre ikkje optimist, men eg let meg gjerne opplysa.

Mer fra: Verdidebatt