Verdidebatt

Som kyrkje er vi opptekne av alle som lir

ANTISEMITTISME: I møte med terroren mot Israel 7. oktober og krigen i Gaza, har eg sett det som mi oppgåve å fyrst og fremst tale saka til alle dei menneska som no lir. Uansett kven dei er.

Som svar til dei som spør kvifor eg ikkje deltok på vegner av Den norske kyrkja i markeringa som var i Oslo sist helg, vil eg seie: Den norske kyrkjas representantar og våre felles uttalelsar har heilt sidan 7. oktober teke tydeleg avstand frå aukande antisemittisme, og med dei ulike formene for truslar og åtak som rammar jødar her i Noreg. Vi har delteke i markeringane av Krystallnatta og Holocaust-dagen, med nærvær og uttalelsar. For meg er arbeidet mot antisemittisme ei særs viktig sak, som eg har markert offentleg og overfor jødar i Noreg.

Tale saka til menneske som lir

I møte med terroren mot Israel 7. oktober og krigen i Gaza, har eg sett det som mi oppgåve å fyrst og fremst tale saka til alle dei menneska som no lir. Menneske blir skadde og døyr. Mange mistar sine kjære. Tryggleiken vert borte og heimar vert lagt i grus.

Som kyrkje er vi opptekne av alle som lir, uansett kven dei er. Difor har vi fokus på begge sider heile tida. Det gjeld gisla og alle dei i Israel som er traumatiserte. Samtidig må det no ikkje minst gjelde sivile, barn, kvinner og menn, som vert ramma i hopetal kvar dag i Gaza. Dei lir under dei verst tenkelege humanitære tilhøve – som vert verre kvar dag denne krigen heldt fram.

Det var difor heilt umogleg for meg å være med på ei markering der ein av initiativtakarane er Den internasjonale kristne ambassaden i Jerusalem

Ein utsett minoritet

Uttalelsen som låg til grunn for markeringa på laurdag, tok tydeleg avstand frå terroren 7. oktober, men ikkje frå den israelske krigføringa og den kollektive avstraffinga av palestinarar, og dei enorme lidingane dette folket vert utsett for no. Det er ikkje nok å uttrykkje sympati med dei som lir på Gaza, vi må krevje at krigen og lidingane vert stoppa.

Den norske kyrkja har eit nært samarbeid med palestinske kristne trussøsken. I årevis har dei peika på at det som gjer livet deira ekstremt vanskeleg; dei mange som på ulikt vis argumenterer ut frå ei kristen tru og bibelske tekstar, mot palestinske kristne sin rett til eige land, menneskerettar og dermed også deira eksistens. Dette medfører at dei vert ein endå meir utsett minoritet under okkupasjonen og blokaden som Israel har gjennomført i mange år.

Svekka tillit

Eg kan ikkje bidra til at Den norske kyrkja stiller seg saman med organisasjonar som profilerer seg slik. Det ville øydeleggje tilliten som våre palestinske kristne søsken har til oss som ein truverdig partnar. Våre kristne søsken får no dagleg beskjed om vener og familie som er skadde og drepne på Gaza, og dei opplever ein stor auke i truslar og undertrykking på Vestbreidda.

Dei kjenner seg svikta av kristne partnarar, som ikkje står opp for rettane deira og vernar om deira liv. Det var difor heilt umogleg for meg å være med på ei markering der ein av initiativtakarane er Den internasjonale kristne ambassaden i Jerusalem. Det ville vere å svikte våre palestinske kristne søsken i denne situasjonen.

Vi kan samarbeide om mykje med andre kyrkjer og organisasjonar, men det går nokre gonger ei grense. Det erfarte vi no.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt