Verdidebatt

Er det diskriminerande å ville be for sjuke eller folk med funksjonsnedsettingar?

FUNKJONSNEDSETTINGAR: Vi er oppfordra til handspålegging og forbøn. Det er innskrenking av trua å forby dette.

Innlegget «Vi må forby funkoterapi» omhandlar viktige problemstillingar. Er det diskriminerande å ville be for sjuke eller folk med funksjonsnedsettingar? Ingen skal utsettast for forbøn eller sjelesorg under tvang, men ein kristen må kunne opne for Guds gode gjerningar.

Herlegdomsteologien

Her må vi vere audmjuke. Det er Gud som lækjer, nokre gonger ved at vi legg hendene på folk. Det er ikkje krav om god nok tru for at ein skal bli lækt. Ingen kan gjere noko guddommeleg utan Gud, sjølvsagd.

Det er skadeleg å seie at man ikkje blir lækt fordi man ikkje trur nok. «Kunne eg gjort noko annleis slik at eg ikkje blei sjuk?». Ja, kanskje. Du kunne brukt antibac etter du gjekk av bussen, men å seie til nokon at dei burde ha blitt født betre, at dei manglar tru, er hjartelaust. Kyrkjehistoria, og verdshistoria er ikkje god i lys av dette. Men kva kan vi gjere? Vi må jobbe for at historia ikkje gjentar seg sjølv.

Jesus syner at det er tilgjeving for syndene vi treng. Jesus vil fyrst og fremst lækje sjela, og den lækjedommen treng alle.

Det viktigaste

Jesus sitt viktigaste under var ikkje når han lækte den lamme. Han sa at syndene hans var tilgjevne, men for å visa at han hadde makt til å gjere dette, gav han dei teiknet at den lamme mannen gjekk. Jesus syner at det er tilgjeving for syndene vi treng. Jesus vil fyrst og fremst lækje sjela, og den lækjedommen treng alle.

Eg skriv at frelsa er det største mirakelet, ikkje for å tone ned opplevingane til menneske med funksjonsnedsettingar, men for at kristne skal hugse på det viktigaste. Alle er Guds barn, alle har ukrenkjeleg verdi, så lat oss ikkje skape skilnad mellom folk vi veit Jesus gav sitt liv for.

Teikna til Kristus

I «Vi må forby funkoterapi» seiast det at bibeltekstane bidreg til å sjukeleggjere. Ser man ikkje omsynet i forbøna? Eg trur ikkje at menneska i NT var lei for at dei var blitt «friske», men Ausland luftar noko viktig. Diskriminerer Jesus mot funksjonshemma menneske?

Jesus møtte menneska i deira vanskelege situasjonar, og eg vågar å påstå at det kan vere vanskelegare å ha ei funksjonsnedsetting enn ikkje i ein del situasjonar, slik som at det kan vere vanskelegare å prestere godt på skulen med skrivevanskar enn ikkje.

Evangelistane skildrar mirakla så vi skal tru, men Jesus oppfordrar oss også til handspålegging. Denne omsorga er ein måte Gud formidlar sin kjærleik. Burde vi avgrense Gud?

Forby Jesus?

Når man snevrar inn rettane, kjem det autoritære til syne. Eg seier ikkje at Ausland vil «råde» over kristne i dette, men eg trur ikkje kjensla av maktløyse burde framkalle maktmisbruk. Om svaret blir å snevre inn trua, tenkjer eg på kva som blir det neste steget. Skal vi stanse med å fortelje menneske om den frelsa som ligg for dei hos Kristus fordi det er diskriminerande mot dei som ikkje trur?

For å dra ting saman, så sørgjer saman med dei som lid når kristne forkynner at manglande lækjedom er manglande tru. Dette er ikkje det Jesus forkynner. Vi veit ikkje kvifor det skjer og ikkje.

Kvar går grensa? Jesus har gjort større under enn det å lækje, og vi burde gje frelsa mykje større fokus enn kroppsleg lækjedom, men også utan å gløyme befalingane Kristus har gjeve oss.



Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verdidebatt