Verdidebatt

Er «evangelium uten ord» mulig?

FORKYNNING: Somme land som i utgangspunktet forfølgjer kristne og andre religiøse minoritetar, ja også forbyr kristen påverknad i det heile, tillet i bestemte høve likevel nærver av kristen bistandsinnsats, vel vitande om bakgrunnen for deira innsats

Eg greier ikkje å sjå for meg at Åste Dokka tek så inn i hampen feil i sin kommentar «Evangelium uten ord?» (VL 26.8.) som teksten hennar ser ut til å gi uttrykk for at ho gjer. Til det set eg hennar kommentarar og teologisk baserte ytringar gjennom mange år altfor høgt. Når så Kirsten Løvdal Bjune nokså skarpt imøtegår det som må oppfattast som hovudtanken til Dokka, synest eg berre synd på Bjune, som med rette må ytre seg mot Dokka som ho gjer (VL 11.9).

Eg les Åste Dokka som ein djerv forsvarar av Ordet, misjonsbefalinga og Paulus’ sterke poengtering av det nødvendige med forkynning av nettopp Ordet, Guds ord, som den kristne kyrkja sitt eineståande (men ikkje heilt det einaste) oppdrag. Dette synest eg ho ope har meddelt oss som les henne, som maktpåliggande for henne i mest all hennar skriving. Så kvifor kjem ho i den nemnde kommentaren – også etter mitt skjøn – så skeivt ut?

Misjon i det skjulte

Det er ikkje alt som skjer av kristen verksemd i verda, inkludert det som går under nemninga norsk misjon, det verken vert snakka eller skrive like mykje om. Ikkje alt er allment kjent, ikkje alt kan konkretiserast så eksakt som Åste Dokka kanskje ynskjer det?

Det er fleire land i verda som stenger kristen misjon ute, somme forfølgjer konkret og direkte både kristne og andre truande, gjerne svært brutalt. Men somme som i utgangspunktet forfølgjer kristne og andre religiøse minoritetar, ja også forbyr kristen påverknad i det heile, tillet i bestemte høve likevel nærver av kristen bistandsinnsats, vel vitande om bakgrunnen for deira innsats, men utan å fokusere på den einskilde si personlege tru. «Teltmakarar» er ein definisjon som også er brukt.

Ettertanken er kanskje då «sennepsfrøet» som styresmaktene og deira representantar kjenner, men likevel stillteiande let gro, om Gud vil

Ettertanken er sennepsfrøet

Å stå i dette er uhyre vanskeleg, og både finesse, pertentleg og formelt korrekt framferd er gjerne avgjerande. Dei som står i dette, veit sjølvsagt mykje meir om det enn eg. Men dei etterlet seg gjerne tydelege spor der dei ferdast, i ord dersom det vert spurt, eller kanskje berre ein mulig ettertanke. For det er ikkje alltid slik at forfølgjarane handlar i tråd med sine eigne intensjonar. Eg tenkjer at ettertanken, resultatet, det synlege vitnemålet, kanskje då er «sennepsfrøet» som styresmaktene og deira representantar kjenner, men likevel stillteiande let gro, om Gud vil.

Etter mitt syn tilbakeviser slike vitnemål åleine kontant den einsidige, nærmast matematiske (eg elskar også dogmatikken, Åste!) konklusjonen som synast å skulle lesast ut av «Evangelium uten ord?». Eg ber Åste Dokka innstendig om å utdjupe sitt standpunkt.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verdidebatt