Verdidebatt

Når ekstremistar pressar oss

BLASFEMI: Frå Pakistan får eg ferske bilete av brennande heimar og knuste kyrkjer. Blasfemilova er i ferd med å øydeleggja landet.

Det er gode grunnar for å halda fram ein seriøs debatt om kva grenser som kan setjast for hatefulle provokatørar – for å verna vårt eige demokrati.

Men éin ting står fast: Vi skal ikkje gje etter for press frå autoritære herskarar som på heimebane målretta brukar blasfemilover for å verna eigen religion og eigen maktbase. Dei manglar ofte vilje til å verna religiøse minoritetar. Vi kunne ha snakka om Tyrkia. Men lat oss ta Pakistan: Ei grufull blasfemilov er i desse dagar blitt endå verre. Ekstremistane styrer agendaen. Regjeringa fiskar når som helst i rørt vatn. Som når provokatørar brenner Koranen.

Ed Brown og Johannes Morken

Etter den første av koranbrenningane i Stockholm i sommar bad statsminister Shahbaz Sharif i Pakistan om «ein dag for å markera den heilage Koranen». Det utløyste landsomfemnande protestar mot Sverige.

Ei forboden ekstremistgruppe kasta seg sjølvsagt på. Lashkar-e-Jhangvi karakteriserte koranbrenninga som eit kristent angrep på muslimar (sjølv om koran-brennaren hadde erklært seg som ateist). Gruppa lova å gjera Pakistan til «eit helvete for kristne». Som om det ikkje var ille nok frå før.

Forverra blasfemilov

Styresmaktene i Pakistan er også i ferd med å gjera livet for religiøse minoritetar verre.

Den 7. august vedtok overhuset i parlamentet (senatet) ei utvida blasfemilov. Den gjeldande blasfemilova har dødsstraff for å fornærma profeten Muhammed. Den nyutvida lova vil straffa også fornærming av profetens koner – med fengsel frå ti år til livstid. Underhuset vedtok lova i januar.

Blasfemilova blir brukt (og misbrukt) i personlege vendettaer og som middel for å ramma religiøse minoritetar – som ahmadiaer, kristne, hinduar og sikhar. Ingenting er så kraftfullt som å skulda nokon for blasfemi. Det er sin sikker veg til fengsel for den som blir utsett for skuldinga. Folk som fyrer opp mobben, utan fnugg av prov, slepp konsekvent unna straff. Sjølv mentalt sjuke vert ramma.

Den gjeldande blasfemilova har dødsstraff for å fornærma profeten Muhammed. Den nyutvida lova vil straffa også fornærming av profetens koner

Fire drepne

I år er situasjonen blitt verre. Frå 1. januar til utgangen av juni vart det rapportert 78 saker der menneske vart skulda for blasfemi, angripne av mobb og taua inn av politi. Fire vart drepne av ekstremistar som tek ser det som ei guddommeleg plikt å ta dødsstraffa i eigne hender. Ein av dei drepne var ein muslimsk leiar som tok ordet på eit valmøte for opposisjonen i Khyber Pakhtunkhwa-provinsen nordvest i Pakistan.

Her andre to andre sjokkmeldingar frå i sommar:

Midt i juli flykta 3-4000 kristne frå heimane sine i byen Sargodha i Punjab etter at kristne var skulda for blasfemi på ein moskévegg. Ein mobb blokkerte hovudvegen. Situasjonen har no roa seg, og folk har flytta heim. Men frykta ligg djupt – tre veker tidleg are hadde fleire hundre flykta frå heimane sine i ein nærliggjande landsby.

I Faisalabad braut det ut panikk 16. august. Ein muslimsk mobb, væpna med stokkar og stenger, gjekk til angrep på kristne nabolag. Fleire kyrkjer blei vandaliserte, og mange hus blei sette fyr på. Kristne var blitt skulda for å vanæra Koranen. Biletet av brennande heimar opprører meg.

Nektar å endra lover

Då FNs menneskerettsråd å i Genéve den 30. januar hadde ein sokalla periodisk gjennomgang av situasjonen for menneskerettar i Pakistan, avviste regjeringa alle krav om å endra eller oppheva blasfemilovene. Pakistan lovde tiltak mot misbruk av lovene. Men vi kan ikkje sjå spor av at noko er gjort. Noreg (som ikkje nemnde blasfemilovene med namn), kravde mellom anna at folk som står bak eller fyrer opp religiøst motivert vald, vert stilte for retten, og at det blir slutt på dødsstraff.

Ingen som er dømde til døden for blasfemi, er så langt avretta i Pakistan – dei blir til slutt gjerne frikjende av ein høgare domstol. Men sju eller ti år i ei fengselscelle øydelegg liv og familiar.

Samstundes som overhuset den 7. august utvida blasfemilova av omsyn til æra til konene til profeten, vedtok underhuset ei minoritetslov som ikkje sikrar rettane til religiøse minoritetar. Det er tragisk at eit parlament både forverrar blasfemilova og sviktar vernet av sårbare minoritetar.

Sju eller ti år i ei fengselscelle øydelegg liv og familiar.

Kven som helst kan bli offer

Blasfemilovene i Pakistan er forresten ikkje lenger berre ei sak for minoritetane. Kven som helst kan bli skulda for blasfemi, berre fordi dei ytrar seg. Det er tid for Pakistan til å innsjå tragedien.

Den 22. august er FNs dag for offera for vald basert på religion eller livssyn. I Oslo markerer Stefanusalliansen, Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn og Helsingforskomiteen dagen i Oslo Rådhus. Utanriksminister Anniken Huitfeldt og FNs spesialrapportør for trusfridom Nazila Ghanea blir med. Temaet er blasfemilover som middel til undertrykking. Utviklinga i Pakistan og andre land viser at temaet er skremmande aktuelt.

I staden for å prøva å pressa vestlege land til å (gjen) innføra blasfemilover, må Pakistans statsminister gjera noko drastisk med eine eigne lover og misbruket av dei. Han må stoppa folk som drep i Allahs namn og stilla valdelege ekstremistar til ansvar. Av omsyn til Pakistan sjølv.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt