Håp i ei uroleg tid
KYRKJEMØTET 2023: Kyrkjemøtet har vore samla i Trondheim den siste veka. Dei er samla bak denne uttala.
UTTALE: Kyrkjemøtet 2023 skriv mellom anna at Den norske kyrkja melder seg til teneste i klimakampen og arbeid for rettferdig fred.
Ole Martin Wold
Kyrkja har eit bodskap om håp i ei uroleg verd. Paulus skriv i brevet til Filipperne: «Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.» (Fil 4,7). Kyrkja er kalla til å forkynne denne bodskapen om håp i ei uroleg tid.
Kyrkja er ei håprørsle. Oppdraget vårt er grunngjeve i Guds kjærleik til heile skaparverket og ansvaret vårt for å verne om alt det skapte. Håpet er vissa om at Gud ikkje har forlate vår verd. Evangeliet om den oppstadne Jesus Kristus gjev næring til håpet om fred og forsoning, og kraft til endring i møte med klimakrise og urettferd.
Den norske kyrkja er ei folkekyrkje. Å vere folkekyrkje er mellom anna å forkynne Guds vilkårslause kjærleik, dele menneskes erfaringar og formidle Guds nærvær i det kvardagslege livet. Det som gjeld menneske, gjeld også Gud. Kyrkja opnar heilage rom for det alminnelege livet. Gud toler vår uro og bekymring.
Bestill abonnement her
KJØP