Verdidebatt

Det er noko som skurrar med The Send-kritikken

THE SEND: Som kristne er vi ikkje prisgitt det siste innan psykologi eller ein dæsj «goodwill» frå ein godvillig podkast-guru. Poenget er at den Gud det her er snakk om faktisk er den han seier han er.

Det har vore fleire kritiske innlegg etter at ein serie lokalarrangement i ulike norske byar tidlegare i sommar vart arrangert under ein felles The Send-vignett. Arrangementa har vore ulike, men har alle famna svært vidt i det lågkyrkjelege landskapet, slik som her i Stavanger, der over førti ulike forsamlingar sto saman om dagskonferansen for ungdom med tema misjon og det å målbera ein felles lengt etter å gå «all in» for Jesus.

Sofie Braut, spaltist i Vårt Land og tidligere medlem i Stavanger bispedømmeråd. Her fotografert i hjemmet sitt like utenfor Bryne i Rogaland.

Det var både interessant og befriande å lesa den meir substansielle kritikken av arrangementet til sjømannsprest Thomas Erlandsen som nyleg vart publisert hjå Vårt Land. Her kjem kritikken ut av den smale linsa til det sjølvopplevde, og vert mykje tydelegare og lettare å gripa. For dette skal Erlandsen ha takk. Når dette er sagt, meiner eg sjølvsagt ikkje at dei personlege historiene er uvesentlege, det er fleire enn eg som har poengtert at desse gjer vi alle vel i å lytta til. Ei personleg historie er likevel vanskeleg å drøfta. Og vi treng tydelegvis å drøfta The Send.

Erlandsens kritikk, derimot, er poengtert, i tydinga av at han både seier noko om kva som konkret er problemet med The Send, slik han ser det, og konstruktiv, i den forstand at han seier noko om kva han ville ha erstatta det problematiske med.

Manglar umisselege perspektiv

Trass alt det som dermed blir klart gjennom Erlandsens innlegg er det likevel noko som skurrar. Det er følgande: Dersom Erlandsens misjonsforkynningskritikk vert teken til følgje, står vi att med ei forkynning som manglar heilt umisselege bibelske perspektiv. Kritikken han målber, er nemleg blotta for referansar til bibelsk forkynning av omvending og etterfølging.

Utan å utdjupa noko meir, tek til dømes Erlandsen eit oppgjer med det bibelske uttrykket «heilhjarta», som jo er eit gjennomgangstema i dei bibelske salmane. Den som er skeptisk til eit omgrep Bibelen så tydeleg held fram som eit ideal, og i staden vel å støtta seg til ein norsk studentprest og podkastar, seier noko om at ein søkjer seg vekk frå bibelske referanserammer. Her møter nettopp den truande ein Gud som lengtar etter at vi stadig søkjer indre samling; å vera heilhjarta. At eg mange gonger fortviler over kor fragmentert eg er, skal aldri få meg til å legga vekk lengten, og den stadige omvendinga til han som faktisk heilar oss.

Formidlinga på The Send vert vidare kritisert for vektlegginga av eit anna sentralt bibelsk omgrep, nemleg gudsfrykt. Dessutan problematiserer Erlandsen at å lyda Gud under alle forhold vert presentert som eit ideal. Også det å forkynna uthald i tenesta er uheldig.

Når grunnleggande element i kristen tru ikkje berre har blitt framande, men faktisk noko ein prest finn grunn til å åtvara unge mot, har ting endra seg

Plukkar ut sentrale omgrep

Det som skurrar i denne kritikken, er at Erlandsen plukkar ut heilt alminnelege, ja sentrale omgrep i eit bibelsk vokabular og meiner at det er desse som gjer The Send potensielt skadeleg for dei unge. At ein prest formulerer slik kritikk er ikkje nytt, men det gir definitivt grunn til ettertanke. Når grunnleggande element i kristen tru ikkje berre har blitt framande, men faktisk noko ein prest finn grunn til å åtvara unge mot, har ting endra seg. Det er trist, men på same tid viktig å få innblikk i. Progressiv teologi gøymer seg ofte bak ein diakonal og terapeutisk tåkebanke, men her glir skodda til sides og eg får innblikk i korleis moderne teologi grunnstøyter mot grunnsøylene i kristen tru.

Det var altså ikkje at The Send var amerikanisert, importert, og herlegdomsteologisk overeksponert som var problemet, slik eg kanskje hadde tenkt. Det var merkeleg nok ting som gudsfrykt og lydigheit, noko som er umissande for det store fleirtalet av verdas kristne. Det slår meg som djupt framandgjerande å vera prest og samstundes ta avstand frå at unge lærer om gudsfrykt.

Kva står så att? Kva kan ungdomar, som elles i livet er kringsette av det kommersielle, heimsøkte av det hypermoderne, lokka av likes og pressa av perfeksjonisme, tåla frå kristenkanten? Erlandsen svarer i det minste på dette spørsmålet, som andre kritikarar har latt stå nokså ope. Løysinga hos Erlandsen er reindyrking av ein diakonal profil. Dessutan bør forkynninga slutta å setta ungdomane på val. Jesu befaling om å gå ut, gjera disiplar, døypa og læra vidare alt han har lært oss, ser dermed ut til å vera parkert.

Progressiv teologi gøymer seg ofte bak ein diakonal og terapeutisk tåkebanke, men her glir skodda til sides og eg får innblikk i korleis moderne teologi grunnstøyter mot grunnsøylene i kristen tru

Ikkje prisgitte det siste nye

Ein kontrast til dette, finn vi i Apostelgjerningane 6. Då disiplane i den nye kristne kyrkja opplevde eit formidabelt trykk nettopp på diakonale behov, skjer det ei særs interessant prioritering. Dei forstod intuitivt at diakonien ikkje har sjans i havet, om ikkje ein tek vare på Guds ord og bod. Jesu tallause timar med undervisning og opplæring, handla ikkje om at dei som følgde etter han, skulle bli sjølvhjelpne med gode gjerningar og heilhjarta etterfølging. Ikkje som ein idealisert from idé, men som slitesterk kvardagstru, forma av mange små og store val i lag med den underfulle rådgjevaren, han som er en «talsmann tro i nøden, en trøster og en hjelper god», som det heiter i songen. Det fine med å gå «all in» er at ein aldri er «all alone».

Som kristne er vi ikkje prisgitte det siste innan psykologi eller ein dæsj goodwill frå ein godvillig podkast-guru. Poenget er at den Gud det her er snakk om faktisk er den han seier han er. Det er difor unge og gamle for ein kvar pris må få tak i evangeliet om Jesus. Gud velsigne alle diakonale initiativ, måtte slike stråla ut frå alle stader der kristne samlast! Det er likevel betre å setja folk i kontakt med han som er vegen, sanninga og livet. Han som kallar folk «frå mørkret og inn i sitt underfulle lys», for å låna apostelen Peters mektige uttrykk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt