Verdidebatt

«Kastar om seg med granatar og nyt å sjå på eksplosjonane»

FILM: Vårt Land si melding av dokumentaren «What is a Woman?» spør om den er noko for kristne nordmenn. Svaret på det er definitivt nei.

Matt Walsh, politisk kommentator på amerikansk høgreside, har laga ein dokumentar om kjønn. Som Daniel Joachim Kleiven skriv i meldinga si, er det fleire norske kristenleiarar som har tilrådd filmen. Det er trist. Eg håpar ikkje at ein dokumentar av Matt Walsh skal bidra til å definere korleis me snakkar om kjønn i kristne samanhengar.

Smalt syn på kjønn

Det er det mange grunnar til. For det første ser det ut til at Walsh sjølv har eit smalt syn på kjønn og kva ei kvinne er. Dokumentaren opnar med scener frå barnebursdagen til tvillingane hans, ein gut og ei jente. Medan Walsh snakkar om kor fantastisk det er å vere forelder, får me sjå ei gruppe gutar kledd i blått og ei gruppe jenter kledd i rosa. Medan tvillingjenta får hårpynt og porselensservise i gåve, får guten eit luftvåpen, som ifølgje Walsh er den einaste emosjonelle støtta guten treng. Vidare erklærer Walsh at dei som seier at det ikkje er skilnadar mellom jenter og gutar, er idiotar. Det berre er sånn at jenter liker rosa og gutar liker blått, og det blir ikkje gjort noko forsøk på å reflektere rundt forventningane dei ulike kjønna blir møtt med.

Mai Lene Fløysvik Hæåk

For det andre sausar dokumentaren saman tema på ein slik måte at ein til slutt får inntrykk av at ein kvar transperson enten er gal, farleg eller har blitt lurt inn i det av «progressive» foreldre. Det blir ikkje gjort noko tydeleg skilje mellom ikkje-binære, transpersonar som skiftar juridisk kjønn og transpersonar som går gjennom kjønnsoperasjon. Alle blir skorne over same kam.

Ved å blande det saman på denne måten, klarer Walsh å gi inntrykk av det er ein heilskapleg og sinnssjuk ideologi som står bak. Når han i tillegg samanliknar kjønnsskifte med friske folk som seier at dei har ei funksjonsnedsetting eller usanne historier om barn som hevdar at dei er diverse dyr, er det lite som gir rom for forståing for dei som faktisk slit med kjønnsdysfori og som faktisk føler at dei har blitt født i feil kropp.

Dokumentaren formidlar vidare òg direkte usanne påstandar når dei intervjuar ein mann frå Canada som etter eige utsegn er fengsla for å ha sagt at barnet hans ikkje er ein gut, men ei jente. Eit kjapt google-søk viser at det er ikkje så enkelt: Mannen sat i fengsel for å ha lagt ut sensitiv medisinsk informasjon og namngitt barnet sitt offentleg, inkludert i ein Youtube-film. Dette skjedde etter at retten hadde forbode han å gi ut denne informasjonen. Så medan foreldre til transbarn blir skildra som dårlege foreldre, får ein far som har utlevert sitt eige barn stå fram som ein helt i historia.

Dokumentaren formidlar vidare òg direkte usanne påstandar. Eit kjapt google-søk viser at det er ikkje så enkelt

Kontroversiell kommentator

For å forstå kvifor dokumentaren har blitt så kontroversiell som han er, må ein forstå kven Matt Walsh er. På Twitter skildrar han seg sjølv som «teokratisk fascist», og han ser ut til å bruke mesteparten av den vakne tida si på å skrive mildt sagt kritiske postar om transpersonar og venstresida på Twitter og Instagram. 23. juni skreiv han på Twitter at «transagendaen blei oppfunnen av pedofile psykologar, degenererte kvakksalvarar, galne sexologar (...) nazistar og diverse andre avvikarar». Underforstått: støttar du transpersonar støttar du pedofile og nazistar.

Det er langt frå første gong Walsh har referert til transpersonar som pedofile. Viss det er noko som går igjen på kontoane hans på sosiale medium, så er det at transpersonar er farleg for barn og at dei driv med grooming. Grooming skildrar prosessen der ein vaksen tek kontakt med et barn med hensikt om å møte barnet og gjere seg skuldig i eit seksuelt overgrep. I dokumentaren kallar han òg dei som støttar transpersonar for barnemishandlarar.

Eg forstår ikkje kvifor Vårt Land såg det som nødvendig å melde ein Walsh-film, og til alt overmål utan å seie noko om kven Walsh er. Å tilrå ein Walsh-dokumentar for å få innsyn i kjønnsdebatten, er litt som å tilrå ein artikkel på Steigan.no om Ukraina-krigen eller ein SIAN-dokumentar om innvandring: Det vil ikkje vere ei nyansert framstilling, og det vil først og fremst berre styrke trua til dei som allereie er samde med dei som står bak.

Kleiven påpeiker sjølv i meldinga at dokumentaren er sosialpornografi og at mange intervjuobjekt heilt tydeleg har blitt med på falske premiss eller med vilje blir framstilt i eit negativt lys, men samstundes kallar han òg Walsh for ein mineryddar som trør «på alle minene, for å rydde veien for bedre diskusjoner». Matt Walsh er ingen mineryddar. Han er ein person som kastar om seg med granatar og nyt å sjå på eksplosjonane. Han er ein av dei viktigaste bidragsytarane i å polarisere debatten om trans og kjønn, og ved å legitimere denne dokumentaren legitimerer ein òg Walsh som samfunnsdebattant, og ytringane han har komme med dei siste åra.

Eg forstår ikkje kvifor Vårt Land såg det som nødvendig å melde ein Walsh-film, og til alt overmål utan å seie noko om kven Walsh er

Populistisk historieforteljing

I tillegg er måten han framstiller dei ulike intervjuobjekta på òg svært problematisk av ein annan grunn. Det er ikkje berre latterleggjering, men byggjer opp under ei populistisk historieforteljing der du set det reine folket opp mot den korrupte eliten. I Walsh si historie utgjer kjønnsforskarane den farlege og skumle eliten som korrumperer og spreier løgner.

Dette blir ytterlegare forsterka av at han gong etter gong snakkar med folk som gir uttrykk for at det berre er «sunn fornuft» å vere mot transrørsla. Til slutt er det kona som står og lager mat på kjøkkenet som kan gi han, ifølgje han sjølv, det einaste fornuftige svaret på spørsmålet han har stilt i dokumentaren: «Kva er ei kvinne?»

Walsh og store delar av høgresida i USA har adoptert anti-transsaka fordi dei ser at det skaper merksemd, fordi dei ser at her ligg det sprengstoff. Det har blitt til eit kappløp om kven som er strengast, kven som er tydelegast, kven som vågar å «kalle ei spade for ei spade». Og denne konkurransen, kor Walsh i høgste grad er ein aktiv deltakar, er med på å polarisere debatten.

Nokre vil kanskje kalle det «kansellering» at eg meiner denne filmen ikkje er verd å sjå. Eg vil heller kalle det «kjeldekritikk». Denne dokumentaren eksisterer ikkje i eit vakuum, men er ein del av kommunikasjonsstrategien til Matt Walsh. Derfor håpar eg at me ikkje lét han få definere kjønnsdebatten dei neste månadane og åra.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt