Verdidebatt

«Det er meir praktisk om råda endrar seg, enn at vi sjølv må gjere det»

Helsedirektoratet må få lov til å fortelje oss kva som er konsekvensen av kosten vår – sjølv om det er ubehageleg.

«Eg trur at eg vil bli som deg når eg blir stor, mamma», sa elleveåringen, og i eitt sekund var eg oppriktig bekymra for kor setninga skulle ta vegen. «Og berre drikke alkohol når det er fest, og ikkje saman med born», avslutta ho.

Eg tillét meg ein augneblink med klapp på eiga skulder for førebels godt utført oppdragararbeid, men hadde også lyst å seie til henne at eg håper ho vil seie det same når ho er seksten, sytten eller atten. Det er kanskje ikkje så sannsynleg. I motsetnad til meg, som alkoholdebuterte i vaksen alder, veks elleveåringen nemleg opp i eit miljø der dei fleste rollemodellane ikkje er fråhaldsmenneske.

Foreldre sine alkoholvanar styrer

Det finst ei rekke studiar som viser at foreldre sine alkoholvanar har stor påverknad på både kor tidleg barna alkoholdebuterer, kor mykje dei drikk og kor ofte. Berre det å drikke framfor barna, om inntaket er aldri så moderat, kan i seg sjølv vere nok til at barna dine sjølv vil drikke tidlegare og meir. Dersom ein også blir synleg alkoholpåverka, er problemet vesentleg større: Ei norsk studie slo i 2012 fast at å ha sett foreldra sine rusa då ein var i ungdomsskulealder var assosiert med å sjølv ha vore rusa fleire gonger og å ha prøvd narkotika fire år seinare. Og vi viser at vi er rusa raskare enn vi trur: Tolv prosent av foreldre med barn under 18 år sa i 2012 at dei hadde vore rusa med barn til stades, men studien over viser at rundt halvparten av norske barn ser foreldra sine rusa, anten jamleg eller frå tid til annan, sjølv om berre tolv prosent av oss er klar over det.

Bloggar og forfattar Gunnar Roland Tjomlid samanfattar ei gjennomgang av forskinga slik: «Det er en dokumentert risiko ved å drikke framfor barna, og det er ingen dokumentert fordel ved å drikke framfor barna. Det burde gi en ganske entydig konklusjon.»

For meg er det av fleire årsaker ikkje noko offer å late alkoholen stå når eg er saman med elleveåringen, sjølv om andre rundt drikk alkohol, og at ho har lyst til å gjere som meg kjennest som ei stadfesting av at ho opplever det fint å ikkje vere den einaste rundt bordet som drikk Pepsi Max.

Det er få ting som er så sårbart for mange av oss som kroppen vår, korleis vi tek vare på den og kva vi putter i den

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Kostråd opprører

Førre veka kom dei nye nordiske kostråda, levert av ei arbeidsgruppe sett ned av Nordisk Ministerråd. Bak desse to tusen sidene, som skal danne grunnlag mellom anna for nye offisielle norske kostråd til neste år, står over fire hundre forskarar og store mengder internasjonalt anerkjent forsking.

Det mest kontroversielle i den nye rapporten? Ei tilråding om totalavhald frå alkohol.

I ei reportasje i Stavanger Aftenblad seier bareigar Tom Ur Kjørsvik at om alle følgjer dei nye kostråda vil det vere kroken på døra for hans bedrifter, men at han har forståing for rådet: «Det er jo gift vi holder på med. Vi selger produkter vi vet er skadelige, så vi støtter absolutt at folk drikker moderat og tar pauser, sier han».

Det har, for å seie det forsiktig, ikkje vore gjennomgangstona dei siste dagane, eller då det i april vart kjent at denne tilrådinga kunne komme. «Det er vanskelig å gi helseråd om noe som blir for fjernt fra det folk flest opplever som rimelig og fornuftig», sa Torgeir Gilje Lid, forskingsleiar ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest, til TV2. Han var berre ein av mange, i fleire medier. Innhaldet var likt over alt: For langt frå røynda nordmannen lever i, for moralistisk, for ekstremt.

Du treng ikkje ha godt samvit for alt du et og drikk. Du treng ikkje ha dårleg samvit, heller. Men du må vite kva det gjer med deg

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Sårbart inntak

Røynda nordmenn lever i, er imidlertid også ganske ekstrem: Mengda alkohol kjøpt i Norge i 2021, fordelt på alle personar over 15 år, utgjer 7,44 liter. Rekna om til øl er det 330 halvlitrar. Ikkje rart at vi reagerer kraftig når vi får melding om at vi bør unngå alkoholbruk fullstendig. Nordmenn drikk nemleg mykje.

Det er få ting som er så sårbart for mange av oss som kroppen vår, korleis vi tek vare på den og kva vi putter i den. Det er etter kvart svært vel kjent at alkoholkonsum – i alle mengder – er skadeleg. Men framleis vil mange av oss klamre oss til den for lengst tilbakeviste myten om at litt alkohol er godt for hjartet, for å kunne drikke litt raudvin med godt samvit.

Men saka er: Du treng ikkje ha godt samvit for alt du et og drikk. Du treng ikkje ha dårleg samvit, heller. Men du må vite kva det gjer med deg, og gjere eit medvite val for deg sjølv, helsa di og menneska rundt deg. Eg et til dømes meir sukker og feitt enn kostråda vil at eg skal. Fordi eg har lyst.

For mange ser det ut til å vere uvant, og ubehageleg, å befinne seg på kollisjonskurs med offentlege råd på denne måten. Og då er det meir praktisk om råda endrar seg, enn at vi sjølv må gjere det.

Det er viktig å ha klart føre seg kva desse råda er: Råd. Dersom vi skal halde oss med eit helsedirektorat – og det bør vi jo – kan dei ikkje gje råd ut frå kva som er eit slags hastig realistisk forbruk for Ola Nordmann som drikk ein halvliter nesten kvar einaste dag. Dei må fortelje oss kva forskinga seier om kva det vi et og drikk gjer med kroppen vår. Og Tom Ur Kjørsvik har rett: Alkohol er gift. Og det må helsemynden kunne seie til oss utan at vi blir vonbrotne.

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verdidebatt