Verdidebatt

Rowling legitimerer ytre høgre

TRANSDEBATT: J.K. Rowling er ikkje høgreekstrem, men me må rette eit kritisk søkelys mot henne og dei kreftene ho bidreg til å legitimere når ho har kasta seg inn i transdebatten.

Eirik Løkke, rådgjevar i Civita, svarer 9. mai på innlegget mitt kor eg kritiserer norske medium for å ukritisk promotere den nye J. K. Rowling-podcasten. Eg meiner Løkke bommar i mykje av kritikken sin mot meg.

Først og fremst er det viktig å slå fast at ingen skal motta dødstrugslar for å uttrykke meiningane sine, heller ikkje J. K. Rowling. Eg blir påverka av å høyre henne snakke om kva ho har stått i, og det er umogleg å lytte til første episode utan å få medkjensle med ei ung Rowling som mistar mora, går gjennom ein spontanabort, giftar seg med ein valdeleg mann for så å flykte frå han saman med dottera.

Men desse opplevingane og historiene utelukkar ikkje at podcasten er eit PR-prosjekt.

Mai Lene Fløysvik Hæåk

Legitimerer ytre høgre

Så til Løkke sin påstand om at eg er direkte ufin når eg «forsøker å koble J.K. Rowling til høyreekstremisme». Eg meiner ikkje det er ufint å seie at mange som kritiserer transrørsla ser ut til å bry seg lite med kven dei allierer seg med så lenge dei får gjennomslag.

Både Maya Forstater og Helen Joyce, som Rowling inviterte til lunsj, stilte opp som talarar på eit arrangement arrangert av Kelly-Jay Keen, òg betre kjent som Posie Parker. Parker har takka Marjorie Taylor Greene i ein youtube-film og twitra svært negative kommentarar om muslimar og muslimske miljø. Nemnte Helen Joyce har òg uttalt at det er eit mål å redusere talet på transpersonar, òg dei som har gode grunnar for å skifte kjønn.

I tillegg til dette har J. K. Rowling òg ønska Dennis Noel Kavanaugh velkommen tilbake til Twitter etter at han var utestengt for å seie at aids er å føretrekke framfor å vere trans.

Dette er berre nokre få døme på kven Rowling vel å trekke fram og heie på i offentlegheita. Dette vart ikkje adressert godt nok i «The Witch Trials of J. K. Rowling».

Eg meiner ikkje det er ufint å seie at mange som kritiserer transrørsla ser ut til å bry seg lite med kven dei allierer seg med

Autoritære trekk

Det er ikkje til å stikke under ein stol at transrørsla ikkje berre blir kritisert av Rowling og venene hennar, men òg står under åtak frå ytre høgre og autoritære krefter i fleire land. Då eg nemnte Roe v. Wade i innlegget mitt, var ikkje det for å seie at alle motstandarar av denne dommen er høgreekstreme, men for å sikte til grupperingar på ytre høgre kor abortmotstand går hand i hand med homofobi, rasisme, konspirasjonsteoriar og ikkje minst eit hat mot transpersonar. Det paradoksale er at mange av desse grupperingane ville brenne Rowling sine bøker på starten av 2000-talet. No støttar dei opp om henne.

Labour-støtte

Løkke trekk fram at Rowling over fleire år har støtta Labour politisk og økonomisk. Dette stemmer, og Rowling var klar og tydeleg på mostanden sin mot antisemittismen som kom til uttrykk i Labour under Jeremy Corbyn. Dette viser at Rowling, om ho vil, kan ta oppgjer med sine eigne når ho ser farleg tankegods. Dessverre har ho ikkje vore like tydeleg overfor fleire av dei ho no støttar opp om.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt