Verdidebatt

Pollestad prøver å harselera

BIBELOMSETJING: Kvalitetsomsetjing av Bibelen kan aldri vera anna enn gruppearbeid. At eitt enkelt menneske set seg føre å omsetja Bibelen, kan berre omtalast som «formasteleg».

Kjell Arild Pollestad prøver den 2. februar å harselera over meg som professor i norsk og omsetjing: «han kaller seg ‘professor i oversettelse’». Det finst ikkje få kollegaer ute i Europa som har tittel professor i omsetjing.

Pollestads pinlege latterleggjering overlet eg til behandling av faktum: Oppslagsverk fortel eg har vore førsteopponent under doktordisputasar i omsetjing ved universitetet i Poznan (Polen), Surrey (England) og Sorbonne (Frankrike).

Sylfest Lomheim

Elles er det fornøyeleg at Pollestad konsekvent bommar på førenamnet mitt, norsk variant av Silvester. Som katolikk veit Pollestad at Silvester var namnet til i alt fem pavar før 1300. Artig at han ikkje har kontroll på den norske varianten. Eg tenkjer uvilkårleg på ein (katolsk) rådgjevar i Språkrådet som kalla meg Silvester VI...

Fanst ikkje herberge

Til hovudsaka, det bibelfaglege. Pollestad forsvarar «herberge» i Lukas 2, mellom anna fordi mange bibelomsetjingar har det (!). Men ordet i grunnteksten tyder «rom» eller «sal», ifølgje vår fremste greskekspert og min sidemann under omsetjingsarbeidet, Bjørn Helge Sandvei. Ein ting er at historikarar fortel det ikkje fanst noko slikt som herberge i Betlehem for to tusen år sidan. I prinsippet betyr dét ingenting for omsetjinga. Det avgjerande er naturlegvis at Lukas ikkje brukte eit ord som kan omsetjast med herberge. «Syndaren» i dette tilfellet heiter Martin Luther; der glapp det for han. Og dét er forklaringa på at den misvisande løysinga har stått i skandinaviske biblar – hos oss like fram til Bibelen 2011. Det er ikkje lett å skjøna at ein fagperson som Pollestad vil krangla om slikt.

Det andre Pollestad tek opp, er omsetjinga av englesongen (Lukas 2,14). Den franske La Bible de Jerusalem, av internasjonale bibelforskarar rekna som eit leiande europeisk referansearbeid, drøftar det verset grundig. Dei syner korleis allereie den latinske omsetjinga Vulgata (rundt år 400) gjer meininga litt diffus ved å skriva at menneska har Guds godvilje. Medan Lukas sine ord (igjen, ifølgje Sandvei) er uomtvistelege; englane syng at bodskapen gjeld dei menneska som har Guds hugnad (altså ikkje alle!). I Bibelen 2011 vart det slik (bokmål): «... og fred på jorden blant mennesker Gud har glede i». «Paix aux hommes objets de sa complaisance» («fred med dei menneska som har Hans velvilje») er løysinga i La Bible de Jerusalem. Bibelen 1938 står nær Vulgata-versjonen og seier det slik: «Fred på jordi, og hugnad med menneske!» Vakkert, hugnaden gjeld menneska, reint allmennt. Men det var ikkje dét Lukas skreiv.

Pollestad skriv at Lukas 2,14 er «nærmest uoversettelig». I så fall er mykje av Gamletestamentet «uoversettelig»

Kan ikkje endre meininga

Prestar må gjerne tolka, i sine preiker. Men dei kan ikkje, eller bør ikkje, prøva å endra den språklege meininga som Lukas uttrykkjer. Pollestad kommenterer slik ulike løysingar i ulike bibelutgåver: «Ingen av disse oversettelsene er ‘feil’, og en greskukyndig ‘professor i oversettelse’ burde ikke oppkaste seg til dommer over dem». (Kor usakleg denne seiemåten til Pollestad er, ser du av siste setning i dette avsnittet.)

Pollestad skriv vidare at verset er «nærmest uoversettelig». I så fall er mykje av Gamletestamentet «uoversettelig», for gresken i Nytestamentet kan vera vanskeleg nok, men dei hebraiske tekstene i Gamletestamentet er gjennomgåande langt vanskelegare. Dugande menneske har likevel opp gjennom tidene prøvd å skriva så rette og gode bibelversjonar som mogeleg. Sjølv hadde eg aldri anna ansvar under evangelieomsetjingane enn å landa formuleringane på norsk (bokmål og nynorsk), etter at Sandvei (og andre toppfolk i gresk-kulturen på Jesu tid) hadde gjort klart meininga i kjeldeteksten.

Kvalitetsomsetjing av Bibelen kan aldri vera anna enn gruppearbeid. At eitt enkelt menneske set seg føre å omsetja Bibelen, kan berre omtalast som «formasteleg». Dét reknar eg med Pollestad er samd i. Luther gjekk likevel laus på jobben og gjorde med det eit historisk arbeid for det tyske skriftspråket. Men Luther kom ikkje frå det utan omsetjingsfeilar.

Mer fra: Verdidebatt