Verdidebatt

Kva er gale på Ullern Helsehus og i norsk eldreomsorg?

ELDREOMSORG: Eg høyrer til den flokken som har lova sin næraste sjuke at ho eller han aldri skulle tilbake til Ullern Helsehus.

Kva er gale på Ullern Helsehus og i norsk eldreomsorg? Og kva gjorde at mi kjære Liv fekk ei god avslutning av livet sitt på Solvang Lindrende Avdeling, Solvang Helsehus?

For å ta det siste først: Det var ikkje fordi dei hadde så god bemanning på Solvang. Tvert i mot sa dei ofte: «Vi må klare oss med langt færre tilsette enn på Hospice Lovisenberg. Vi veit at det vil skape problem i høve til pasientane, og det er vi lei oss for».

Du kjende det med ein gong du kom inn i huset

Med fare for å bli klaga for åndeleggjering: Det var ånda i huset som var grunnleggjande ulik i dei to tilboda.

Du kjende det faktisk med ein gong du kom inn i huset. Korleis skal vi forstå det?

Solvang Lindrende Avdeling

På Solvang Lindrende Avdeling visste alle tilsette kvifor dei var der, kva som var oppgåva deira og «korleis det skal vere her».

Med fare for å bli klaga for åndeleggjering: Det var ånda i huset som var grunnleggjande ulik i dei to tilboda

Dei tilsette på Ullern Helsehus var ikkje av dårlegare menneskemateriale. Men dei virra rundt i ein helsefabrikk utan mål og meining, og utan ei leiing som forstod at dei var ansvarleg for dette.

«Det verste her er tomheten. Følelsen av å være stuet inn i en kaserne der målet er å få systemet til å gå rundt, samme hva», skreiv Liv sjølv i mars, i det eg ser som hennar siste store stykke journalistikk.

Der skildra ho ein endelaus straum av nye ansatte, julepynt som blir ståande til mars, blomsterpotter fulle av sneipar, og ein skrikande mangel på ledelse:

«Før jeg drar, må jeg rope ut mitt raseri og min fortvilelse over at steder som dette finnes, og at folk som sitter med makta virker som de er fornøyd med det.»

Ikkje berre eit spørsmål om bemanning

Eg er lei for at det ser ut til at Sjukepleiarforbundet har «kuppa» debatten med eit einsidig krav om bemanningsnorm. Det blir ikkje betre i huset om det blir fullare der, korkje av pasientar eller tilsette.

Dei tilsette på Ullern Helsehus var ikkje av dårlegare menneskemateriale. Men dei virra rundt i ein helsefabrikk utan mål og meining, og utan ei leiing som forstod at dei var ansvarleg for dette

Visst er det for lite folk til å møte pasientane. Men hovudproblemet er at dei som er der, oppfører seg så dårleg. Det ville mange av oss ha gjort om vi arbeidde i hus fylt av forvirring.

En kortere versjon av teksten har tidligere vært publisert på Facebook

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt