Verdidebatt

Dåp fungerer ikkje som «inngangsbillett» til nattverden

NATTVERD: Det er blitt eit sprik mellom Den norske kyrkja si lære om nattverd, og den vanlege praksisen om at nattverden er open for alle. Eit slikt sprik kan ha store omkostningar.

Biskop emeritus Atle Sommerfeldt har teke til ordet for at muslimar bør ha tilgang til nattverd i Den norske kyrkja og reist ein debatt om dåp som grunnlag for nattverddeltaking. Tida er no overmogen for ein slik debatt.

Dette spørsmålet er tidlegare blitt aktualisert i samband med innføringa av barnenattverd, der Kifo i sin studie frå 2019 dokumenterte at dåp i praksis ikkje fungerte som inngangsbillett til barn si deltaking i nattverd. Ved innføringa av barnenattverd vart det teologiske grunnlaget for nattverddeltaking flytta frå konfirmasjonen til dåpen. Slik er det også forankra i dagens gudstenesteordning, der det heiter at «alle som er døypte kan ta del i nattverden». Men denne delen av kyrkja si nattverdslære viste det seg heilt frå starten at det var vanskeleg å praktisere.

Oslo 09.05.2017.
Olaf Aagedal, religionsforsker ved KIFO. Bilder til min tro.
FOTO: JOAKIM S. ENGER

«Jeg er døpt, så jeg kan gi litt til henne»

Teologen Hans Arne Akerø, som var ein av dei som arbeidde med barnenattverd-spørsmålet i Kyrkjerådet, fortalte om ein episode han aldri gløymer. Som leiar av eit barnekor på 90-talet informerte han barna og foreldra om at det skulle vere nattverd i gudstenesta der koret skulle synge og at alle som var døypte kunne delta. Det viste seg då at eit av barna i koret ikkje var døypt: Det er en episode som jeg minnes og som jeg kommer til å ta med meg i min grav. Det som skjedde når vi snakket om dette i barnekoret, var at bestevenninnen til denne jenta sier: «Ja, men jeg er døpt så da kan jeg gi litt av det til henne». Og jeg smilte lite granne. Men hadde det vært Jesus som hørte det, og hvis man kjenner evangeliene, så ville vel Jesus ha sagt: «Se hvor stor tro hun viser, det skal skje som du vil. Hun skal ha nattverd».

Det var vel en sjeldenhet da at ikke døpte var med i barnekor. Men nå er det blitt langt vanligere, så her må man velge andre løsninger. Og ikke gjøre det slik jeg gjorde det den gangen.

I dag er nattverddeltaking blitt ein vanleg del av trusopplæringa i mange kyrkjelydar, og Kifo-studien viser at dei aller fleste trusopplærarane meiner at nattverden må være open for alle. Spør vi om dåpen er ein føresetnad for at barn kan delta i nattverd, er det berre ein av fire som meiner at dåp er ein føresetnad. Dei fleste trusopplærarane seier at dei ikkje veit kven som er døypt, og om dei veit det, kan dei ikkje ta omsyn til det og ekskludere dei udøypte.

Dåp som eit inngangskrav for nattverd blir eit aukande problem i eit meir sekulært og fleirreligiøst samfunn

Ei paradoksal utvikling

Det tyder at det har skjedd ei paradoksal utvikling i nattverdsteologi og nattverdspraksis. Dåpen (som er inngangsporten til folkekyrkja) blei introdusert som det nye grunnlaget for nattverdgang. Men denne føresetnaden blir i neste omgang sett til side som umogeleg og uheldig å praktisere. Den blir berre ståande igjen som eit prinsipp, medan praksis no er at nattverden er open for alle. Dåp som eit inngangskrav for nattverd blir eit aukande problem i eit meir sekulært og fleirreligiøst samfunn. Stadig fleire av dei som kjem til trusopplæringa sine breiddetiltak, vil vere udøypte og mange kyrkjeleg tilsette ønskjer ikkje å ekskludere desse. Dermed er det oppstått eit sprik mellom Den norske kyrkja si lære om nattverd berre for døypte og den vanlege kyrkjelege praksisen om at nattverden er open for alle.

Å berre leve vidare med slike sprik, kan ha store omkostningar


Kifo påpeikte dette spriket i sin presentasjon av nattverdstudien i 2019 på eit seminar der også bispekollegiet var representert. Så langt har det, etter det eg veit, skjedd lite for å gjere noko med denne spenninga mellom liv og lære. I ei slik sak kan det vere fleire alternativ. Eit er å endre prinsipp og ordning, og offisielt gjere nattverden open for alle. Eit anna er å justere praksis og finne ein måte som gjer det mogeleg å gjere dåpen til ein reell føresetnad for nattverd, til dømes innanfor trusopplæringsarbeidet. Eit tredje er å berre forsetje som før og leve med spriket mellom liv og lære.

Eg er ikkje teolog og vil ikkje gje meg inn på ein diskusjon om kva som er rett nattverd. Men eg veit nok om organisasjonar til å kunne seie at å berre leve vidare med slike sprik, kan ha store omkostningar. Det dreier seg om truverdet til eit trussamfunn når ein lever med å seie ein ting og gjere noko heilt anna. No er tida inne for ein debatt og ei avklaring.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verdidebatt