Verdidebatt

Åpningsgudstjeneste: «Vi held alle bitar av kvarandres og klodens liv i våre hender»

PREKEN: Mandag 3. oktober åpnet Stortingets sesjon 2022-2023, med blant annet åpningsgudstjeneste i Oslo domkirke.

Teksten under er Oslo-biskop Kari Veitebergs preken ved Stortingets åpning 3. oktober 2022. Prekenen kan ses her:

Kjære venner, kjære folkevalde,

Takk for at de finn vegen inn hit. Domkyrkja ligg tett ved Stortinget, andre kyrkjerom ligg rett ved kontora våre, eller i nabolaget der vi bur.

Kom gjerne inn i kyrkjerommet i kvardagen også, om du treng ein pust i bakken, om du treng å trekke pusten.

Lysa brenn her, vi ber, ofte spelar orgelet og kanskje erfarer du «Bach-nåden» som Øyvind Rimbereid skriv om: «Å gi seg hen når Bach spilles på et orgel og verden bare vider seg ut, som om det er en nåde,»:

Eg veit at mange opplever det slik at kyrkja kan vere ein kraft-stasjon til trøyst og eit håpsrom til mot og styrke.

I dag markerer vi her i Oslo domkirke at eit nytt stortings-år startar.

Verda er i krise. Det er krig i Europa. Det er krigar i verda.

For mange av oss starta sommaren med at vi følgde på med sorggudstenesta frå dette rommet. Natt 25. juni blei to personar drepne og 21 skada. «Etter masseskytinga blei eg uttrygg og redd» seier fleire av oss.

Så sit vi her, denne ettermiddagen. Vi treng kvarandre no!

Og eg får inderleg lyst til å synge til meg sjølv og deg nokre strofer frå dissidenten Wolf Biermann:

«Du ikkje bli forherda i denne harde tid.

Bli ikkje skremd og stille i denne nifse tid.»

Evangeliet i dag fortel om eit følgje som går gjennom verda.

Jesus er på vandring. Kva skjer? Jo, dei kjem til byen Nain i Galilea.

Kva skjer der? Jo, JESUS ser. Han ser ei båre og rett ved båra: Ei enke.

Ho var ei enke og så om ikkje det var nok, denne enka hadde mista den einaste sonen sin.

Vi veit frå antikken og også frå vår eiga tid at mange enker ikkje ante kordan dei skulle halde fram å leve, nokre av dei visste ikkje heller om dei orka å halde fram.

Vi veit ikkje om vår enke tenkte i slike banar. Vi veit heller ikkje kva sonen hennar døydde av.

Vi veit ikkje, men vi veit at forferdeleg mange, opplever og kjenner at livet nesten ikkje er til å halde ut – også her i nabolaget mitt og ditt.

Det er kaldt i verda, og verknaden av to år med covid, er også at mange av oss kjenner på utmattelse.

Vi ser det i verda der ute: unge søner i døyr i krigar! Tusental sorgtyngde enker!

«Då Jesus såg enka fekk han fekk så «inderleg medkjensle» med henne.»

Det greske verbet for «å få inderleg medkjensle» viser til sterke kroppsbevegelsar, bokstavleg talt betyr splagchizomai at innvollane blir satt i bevegelse. Det er eit ord som Lukas brukar to andre gonger i evangelie:

Om det som får samaritanen til ikkje å gå forbi når han ser den forslåtte i grøftekanten: «Og då han fekk sjå mannen fekk han inderleg medkjensle med han..»

Og det gjeld den forlatte faren som plutseleg får sonen tilbake: «Medan han endå var langt borte fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han.» Han kastar seg om halsen på sonen.

Det er verdt å merke seg at enka spør ikkje om hjelp, det handlar heller ikkje om å tru sterkt nok, eller riktig nok.

«Då Jesus såg enka, fekk han inderleg medkjensle med henne.» Han gjekk bort og la handa på båra. «Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!» sa han.

Guten står opp pratar like etter på. Det gjer han og som eit bevis på at han lever. Vi veit ikkje kva han seier.

For mens blikka zoomar inn på Jesus, forlèt mor og son rampelyset for godt. Vi veit ikkje meir om dei, enn at dei nok levde saman, til døden skilde dei igjen.

Etter denne oppvekkinga i Nain, fortel Lukas at Jesus fortsette å vandre. Han vandrar mot Jerusalem.

Etter Jesus oppstode er det mi tru at oppstodekreftene også finns her:

I Oslo domkyrkje no.

Mellom oss. I Stortinget. I verda.

Vener, la oss ikkje bli forherda!

Vi treng som aldri før å sjå med inderleg medkjensle, og å handle slik at det blir liv laga!

Dette året kjem vi til treffe enker kor som helst, og vi vil går forbi folk i ulike former for grøftekantar, og vi vil vere omgitt av traumatiserte barn som vender tilbake,

Det skjer heile tida og det har vart så lenge.

Og det er lett å slutte å føle – og å bli det vi med eit gamalt ord kan kalle «forherda».

Vi blir i dag oppfordra til å opne opp for og sleppe til denne spontane reaksjonen som er medkjensle.

Dei tre forteljingane frå Lukasevangeliet har alle til felles: at nokon ser, blir ramma av inderleg medkjensle og handlar.

Det viktige er altså å blir å rørt og bevega, slik at vi sjølve kjem i bevegelse og handlar til beste for den som treng det.

.

Eg trur vi kan får det til. Men vi må hjelpe og oppmuntre kvarandre. La oss hjelpe kvarandre å ikkje bli forherda.

Eg trur vi kan få det til. Sjeldan blir vi sterkare av å vere aleine: Jesus gir sonen til enka, slik han seinare gir mor si, Maria til disippelen Johannes då han skal ska døy.

Ta vare på kvarandre! Det dreier seg om at vi er utlevert til kvarande, vi held alle bitar av kvarandres liv i våre hender. Og liva der ute.

Ja, eg tilføye: Vi held alle bitar av kvarandres liv og klodens liv i våre hender.

– Du, ikkje bli forherda i denne harde tid,

– Bli ikkje skremd og stille i denne nifse tid.


Biermann held fram:

«Du, ikkje la deg bruke

men bruk di eiga tid

La ikkje mørket sluke

At du treng oss som vi treng den lyse gleda di


Og ikkje vil vi teie

I denne teietid

Men høgt til alle seie

At grønt bryt fram på greiner

Så veit dei kva det lid.»


Til ære for Faderen og Sonen og Den heilage ande: Vår skapar, frigjerar og livgivar. Ein sann Gud frå æve og til æve.

Wolf Biermann «Godt mot» (Omsett av Arnljot Eggen)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt