Verdidebatt

Studentane slit. Men får vi vera med å hjelpa?

PSYKISK HELSE: Det er heilt sjølvsagt at Laget sine arrangement må vera å finna på program som tek mål av seg å tilby mangfaldige møteplassar for studentane våre. Men fleire stader møter vi motstand.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Den nyleg publiserte SHoT-undersøkinga viser at studentar treng mykje meir enn ein triveleg studiestad og eit varmt velkommen i døra inn til studenttilværet. Spørsmålet «Hvorfor har vi det ikke bedre når vi har det så godt?», lånt frå ein boktittel for nokre år tilbake, heng i lufta etter å ha lese hovudfunna frå den ferske rapporten frå Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT). Med svar frå nær 60.000 heiltidsstudentar i aldersgruppa 18-35 år, gir undersøkinga unikt innblikk i norske studentars kvardag og korleis dei oppfattar eige liv og eiga helse.

I det overordna er det mykje positivt å merka seg. 75 prosent er nøgde med studiestaden og endå fleire (86 prosent) opplevde seg godt mottekne på det studiet dei starta på. Når det gjeld helse, kan vi merka oss at eit klart fleirtal (74 prosent) rapporterer om god eller svært god helse.

Desse tala fortel historia om studentane våre litt frå avstand. Det er sjølvsagt mykje som fungerer svært bra, det skulle kanskje også berre mangla i eit land som stadig figurerer høgt på indeksar for beste land å bu i.

.

Vårt mål er å møta undringa

Det som likevel gir grunn til uro, er den stadige auken i psykiske plager som SHoT-undersøkingane dokumenterer frå 2010 og fram til dagens rapport. Sjølv om årets tal syner positiv utvikling sett opp mot pandemiens dystre lågmål, viser den lange linja frå 2010, at den psykiske helsa blant studentar tydeleg har forverra seg. Fleire enn kvar tredje student rapporterer om psykiske plager i undersøkinga som no føreligg. Kombinerer vi dette funnet med opplysinga om at nær 30 prosent ofte eller svært ofte saknar nokon å vera saman med, og at over halvparten opplever at dei er avhengige av sosiale media, kjem vi tett på ein kvardag der altfor mange slit, sjølv om overflata kan sjå fin ut.

Sjølv om vi meiner vi har gode svar, er målet med studentarbeidet vårt først og fremst å møta undringa, og ikkje minst å opna opp den gode samtalen og skapa møtepunkt der vi ser kvarandre som dei vi er

Vi i Laget arbeider stadig for å skapa fleire møtepunkt for studentar. Som kristen organisasjon, bryr vi oss om ein del av det menneskelege som slike undersøkingar ofte overser, nemleg at alle menneske, også studentar, har åndelege behov, og treng å snakka om dei store spørsmåla i livet.

Kor kjem vi frå? Kvifor er eg her? Finst det ei større meining med livet? Sjølv om vi meiner vi har gode svar, er målet med studentarbeidet vårt først og fremst å møta undringa, og ikkje minst å opna opp den gode samtalen og skapa møtepunkt der vi ser kvarandre som dei vi er.

For mykje alkohol

I følgje SHoT- undersøkinga, etterlyser over 60 prosent av respondentane fleire alkoholfrie tilbod, og tett på halvparten (49 prosent) opplever også at det er for mykje drikking i studentmiljøa. Laget er ein blant få aktørar som tilbyr nettopp alkoholfrie arenaer, for alle som treng pause frå festkulturen, dei som avstår frå alkohol av ulike religiøse grunnar, eller dei som berre likar tanken på å samtala med edrue medstudentar.

Vi møter motstand

Fleire stader i landet møter Laget motstand mot å få sine arrangement med på programmet når universiteta opnar haustsemesteret. I vår omtalte mellom anna Dagsavisen og Vårt Land korleis Høgskolen på Vestlandet og Universitetet i Sørøst-Norge har forbod mot at religiøs studentfrivilligheit får stå på stand på campus.

I lys av tala som viser at studentar lengtar etter alkoholfrie tilbod, og at mange i tillegg slit med einsemd, blir vi overraska over vurderinga til desse to institusjonane, som kan tyda på at det trass alt ville vore langt verre å bli eksponert for religiøse menneske og deira haldningar. Vi meiner derimot at SHoT-undersøkinga fortel at våre alkoholfrie tilbod både er legitime og svært etterspurde. Det er heilt sjølvsagt at våre arrangement må vera å finna på program som tek mål av seg å tilby mangfaldige møteplassar for studentane våre.

Dei tankevekkande funna i SHoT-undersøkinga 2022 fortel at alle må bidra for å gi studentane våre ein betre kvardag. Der dei unge sjølv rapporterer einsemd, rus og destruktiv digitale vanar, blir vi utfordra til å leita etter gode alternativ. Laget sitt utgangspunkt er ein bodskap til alle studentar om at du er elska og ønska, du har ein plass i ei større forteljing. Det er eit bodskap som mange studentar ser ut til å trenga.

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt