Verdidebatt

Irans brutale jakt på avvikarar

IRAN: Vi er glad for norske protestar mot Irans systematiske forfølging av bahaiane. Vi ber utanriksminister Huitfeldt om å vera like tydeleg i kampen mot lange fengselsdommar for kristne konvertittar og leiarane deira.

I juli kom ei bølgje med razziaer og arrestasjonar mot leiande folk i bahaisamfunnet i Iran. Etterretningsdepartementet skulda dei arresterte for å vera spionar for Israel.

Det vart hevda at dei arresterte er knytte til det internasjonale bahaisenteret i Israel, og at dei har samla og utlevert informasjon i Israel, Irans hovudfiende i Midtausten.

Dette er fabrikkerte og absurde skuldingar, svarar Det internasjonale bahaisamfunnet.

Det internasjonale senteret for bahaiar har hatt base i den israelske byen Haifa sidan før staten Israel blei oppretta. Iran har ikkje lagt fram eit einaste prov på at dei arresterte har gjort noko ulovleg, melder The Washington Post. Fleire av dei 13 arresterte bahaiane er tidlegare kjende samvitsfangar i Iran.

Det sjia-muslimske prestestyret reknar bahaiane for å vera kjettarar og har forfølgd dei sidan revolusjonen i 1979. I ein fatwa frå 2013 bad Irans øvste leiar, ayatollah Khamenei, folk om å unngå all kontakt med bahaiane. Slik skulle den religiøse minoriteten gjerast til sosialt og religiøst spedalske.

Ed Brown og Johannes Morken

Lange straffer for kristne

Liknande skuldingar som dei arresterte bahaiane no er utsette for, vert ofte brukte når leiande konvertittar til kristen tru vert bura inne. Dei utgjer kanskje ein million – men dei har forbod mot å gå inn kyrkjedører i Iran.

Menneske som har snudd ryggen til islam og konvertert, vert ofte stempla som medlemmer av «fiendtlege grupper» eller «ein sionistisk kult» og ofte dømde for å «handla mot nasjonal tryggleik».

I ein fatwa frå 2013 bad Irans øvste leiar, ayatollah Khamenei, folk om å unngå all kontakt med bahaiane. Slik skulle den religiøse minoriteten gjerast til sosialt og religiøst spedalske

Det sit ei lang rad kristne leiarar i fengsel med straffer på 6, 10 og 15 år. Andre har flykta frå landet medan dei venta på innkalling til soning av slike dommar.

Her eit ferskt døme: I slutten av august blei fire iranske kristne kalla inn til soning. Tre av dei er konvertittar frå islamsk bakgrunn. Dei er dømde til fengselsstraffer på fire til seks år. Alle fire er dømde for å «danna og driva ulovlege organisasjonar med det føremål å forstyrra landets tryggleik».

Den fjerde er pastor Joseph Shahbazian. Han er ikkje konvertitt, men kristen armenar. Armenarane er ein godkjent etnisk og religiøs minoritet i Iran, men er andre klasses borgarar. Dei får praktisera trua si på armensk og innanfor eigne gudshus. Det er forbod mot å dela trua si med muslimar, på nasjonalspråket farsi/iransk.

Pastor Shahbazian må sona ti år i fengsel og deretter to år i indre eksil fordi han leia ei huskyrkje med konvertittar.

Parkinson-sjuk «trugar nasjonal tryggleik»

Her er eit anna døme: Midt i august blei Sara Ahmadi og mannen Homoyoun Zhaveh kalla inn til soning. Ho skal sona seks år for å ha leia ei huskyrkje. Mannen har fått to års fengsel fordi han har hjelpt til. Sjølv om Homoyoun lid av langt komen Parkinsons sjukdom, vert han altså rekna som eit trugsmål mot Irans nasjonale tryggleik.

Sist månad kom eit skarpt brev frå åtte FN-ekspertar, mellom andre spesialrapportøren for trusfridom, Nazila Ghanea, og spesialrapportøren for menneskerettar i Iran, Javaid Rehman. Dei kravde slutt på Irans forfølging av trus- og livssynsminoritetar. Dei var mest konkrete om forfølginga bahaisamfunnet, på bakgrunn av arrestasjonsbølgja nokre veker før som øydela minst åtte heimar til bahaiar og 20 hektar jord i provinsen Mazandaran.

FN-ekspertane nemnde også forfølginga av kristne konvertittar, ateistar og den muslimske minoriteten dervish.

Dei slo fast at det internasjonale samfunnet ikkje kan halda fram med å teia, medan Iran brukar «breie og vage tryggings- og spionasjeskuldingar» for å knebla religiøse minoritetar eller personar med avvikande meiningar.

I kva grad Noreg har teke opp situasjonen for dei kristne leiarane og andre med lange fengselsdommar, er uklart

Djup uro

Sist veke stilte KrFs Dag Inge Ulstein eit skriftleg spørsmål i Stortinget til utanriksminister Anniken Huitfeldt med utgangspunkt i brevet frå FN-ekspertane. Huitfeldt svarte at ho deler den djupe uroa FN-ekspertane gir uttrykk for, og at Noreg støttar kravet om at Iran må slutta å forfølgja og trakassera trus- og livssynsminoritetane i Iran.

Huitfeldt viste til Noregs vedvarande arbeid for bahaiane. Den norske ambassaden i Teheran hadde så seint som i slutten av august eit møte med det iranske rådet for menneskerettar om nettopp situasjonen for bahaiane.

Må vera tydeleg

Like før dette møtet om den urovekkjande situasjonen for bahaiane, vart altså fleire leiarar av iranske huskyrkjer innkalla til soning av lange fengselsstraffer. I kva grad Noreg har teke opp situasjonen for desse kristne leiarane og andre med lange fengselsdommar, er uklart. Det vart i alle fall ikkje nemnt av Huitfeldt i svaret til Ulstein i Stortinget.

Noreg må halda fram med tydeleg å protestere – både offentleg og i møte med iranske styresmakter – mot den systematiske forfølginga av bahaiar. Men Noreg må også vera tydeleg i protesten mot den systematiske forfølginga av kristne konvertittar og deira leiarar, ateistar og dervish-minoriteten. Det er rikeleg med konkrete saker å leggja på bordet for prestestyret i Teheran.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt