Å leita etter meir olje er galskap
KLIMA: Om me handlar raskt, kan me bli eit land som kjempar for etterkommarane våre.
PROTEST: Noreg ligg i front for å øydelegge kvar sjanse verda har til å oppnå målet om 1,5 grader, skriv Sigbjørn Grønås. Biletet er av miljøvernerar på veg til Trænarevet på Helgeland i oktober 2020, for å protestere mot prøveboring etter olje.
Bellona / NTB scanpix
Då siste del av rapporten om klimakrisa frå FNs klimapanel blei kunngjort no i vår, sa generalsekretær i FN António Guterres: Frå no av er det moralsk galskap å leite etter nye kjelder for fossilt drivstoff.
Etter Parisavtalen må land i verda gjere alt dei kan for å nå klimamålet om å redusere oppvarminga ned mot 1,5 grader i global overflatetemperatur. Totale tilgjengelege kjelder for fossilt drivstoff er alt cirka 15 gonger større enn det karbonbudsjettet som kan brukast om ein skal nå dette målet (The Guardian). Men oljelandet Noreg delte etter klimatoppmøtet i Glasgow i desember ut konsesjonar for å leita etter meir olje og gass på norsk sokkel, med vekt på Barentshavet. Høgre, Ap og FrP utgjer eit stort fleirtal i Stortinget for ei slik ny leiting. Slik vil landet vårt utføra den galskapen Guterres peikar på.
Sanninga regjeringa ikkje kjem utanom
Bestill abonnement her
KJØP