Johannes’ openberring blir den mest aktuelle boka

OPENBERRINGA: For berre femti år sidan verka bileta fjerne og urealistiske: At sola skulle få makt til å svi menneska med eld, at ein tredjedel av livet i havet skulle døy, eller at trea på jorda skulle brenne opp.

I BRANN: Røyk og eld breier seg i nærleiken av bydelen Krestena sør for Olympia og rundt 32 mil sør for Aten søndag 24. juli. Minst seks andre skogbrannar pågår i Hellas denne dagen. «Bileta i Johannes' openberring er ikkje lenger så fjerne. Nå er dei høgst reelle visjonar av vår eiga samtid», skriv Hans Johan Sagrusten.
Publisert Sist oppdatert

Dersom vi set oss ned på øya Patmos, der Johannes skreiv Openberringa, kva ser vi da?

Vi ser ut over Egearhavet mellom Hellas og Tyrkia, eit havområde der nokre av dei største krisane i verda i dag utspelar seg. Vi ser migrantar drukne i Egearhavet. Vi ser ein natur i rask endring, med stadig hyppigare hetebølgjer. Og frå langt borte kan vi kjenne røyklukta frå skogbrannane i Hellas og Tyrkia.

Syna til Johannes har vorte oppfatta som uforståelege framtidsvisjonar. For berre femti år sidan verka bileta i boka fjerne og urealistiske. Da verka det fjernt at sola skulle få makt til å svi menneska med eld, at ein tredjedel av livet i havet skulle døy, eller at trea på jorda skulle brenne opp. Men bileta er ikkje lenger så fjerne. Nå er dei høgst reelle visjonar av vår eiga samtid.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP