Verdidebatt

Kyrkjene fortel historia vår

KULTURMINNE: Å sikre kyrkjebygga for framtidige generasjonar er ei viktig nasjonal oppgåve. Regjeringa meiner derfor at det hastar å vedlikehalde kyrkjebygga.

Kyrkjebygga er blant dei fremste kulturminna vi har her i landet. Dei representerer tilhøyrsle, identitet og historie og betyr mykje for mange. Derfor vil regjeringa prioritere arbeidet med å setje i stand dei gamle kyrkjene.

MinTro med Kjersti Toppe (Sp) barne- og familieminister i Støres regjering.

På 1800-talet vart det rive rundt 40 stavkyrkjer fordi det ikkje var bruk for dei lenger. I dag ville vi ha kalla denne rive-iveren for miljøkriminalitet. Det var òg rasering av viktige kulturminne – våre felles minne om korleis ting var før i tida. Dei hjelper oss å forstå fortida, og gjennom det å forstå notida. Kyrkjene våre fortel oss om kristen kulturarv, materialbruk, handverkstradisjonar, ritual, førestillingar og arkitektonisk utvikling frå mellomalderen og fram til i dag.

Kyrkjebygga er også viktige i lokalsamfunna og kyrkja har ein sentral plass i liva til folk – både for dei som berre er i kyrkja på julaftan og for dei som kjem dit kvar veke. Det har vore forsøk med å leggje ned kyrkjer i Norge, men i dei fleste tilfella har lokale krefter teke til motmæle og ein har funne andre løysingar. Det synest eg er gledeleg.

Vedlikehaldsetterslepet er stort

Å sikre kyrkjebygga for framtidige generasjonar er ei viktig nasjonal oppgåve. Regjeringa meiner derfor at det hastar å gjere ein målretta innsats for dei dårlegast vedlikehalde kyrkjebygga. Dessverre er vedlikehaldsetterslepet stort, truleg på fleire milliardar kroner. Over tid er det fleire kyrkjer som ikkje har blitt godt nok tatt vare på.

I Hurdalsplattforma seier regjeringa at vi vil få utarbeida ein plan for å setje i stand steinkyrkjer frå mellomalderkyrkjene fram til 1000-årsjubileet på Stiklestad i 2030. Dette arbeidet er vi no i gang med og vi vil lage ein plan for å sikre slike kulturhistorisk viktige kyrkjer for framtida.

Når Opplysningsvesenets fond blir delt mellom Den norske kyrkja og staten i 2023, skal midlar tilsvarande verdien staten blir eigar av, nyttast til dette istandsettingsarbeidet. Nøyaktig kor store verdiar staten blir eigar av veit vi ikkje enno. Tidlegare estimat viser at det kan dreie seg om nærare 10 milliardar kroner.

Krev spesiell kompetanse

Dette blir eit omfattande arbeid som vil gå over mange år og som vi må planleggje godt. Eg er utolmodig og ønskjer å komme raskt i gang med arbeidet. Men kyrkjevedlikehald er noko som tar tid. Og i arbeidet med dei eldste kyrkjene kan ein ikkje hente handverkarar på Mittanbud.no. Å setje i stand desse heilt spesielle bygga vil krevje kunnskap om gamle byggemåtar og heilt spesiell kompetanse på bevaringsarbeid.

Barne- og familiedepartementet har bedt Riksantikvaren i samarbeid med Den norske kyrkja om å kome med tilrådingar om korleis arbeidet bør innrettast. 29. juni fekk vi den fyrste av to rapportar som Riksantikvaren skal laga for dette formålet.

Dei er der i omgivnadene våre, men vi gløymer gjerne kor mykje dei betyr for oss, og kva dei har å seie for dei plassane der vi bur

—  Kjersti Toppe

I rapporten kjem det fram at Riksantikvaren meiner det bør utviklast ein bevaringsstrategi med fleire bevaringsprogram, ut frå alder på kyrkjene. Mellomalderkyrkjene bør få eit eige program, slik kan ein ivareta dei særskilte utfordringane som desse bygga treng når det kjem til istandsetjing, kunnskap og kompetanse. Riksantikvaren understrekar òg at tilgangen på spesialisert kompetanse for istandsetting av dei eldste kyrkjene er begrensa.

Umogleg å ikkje bli rørt

Sidan eg blei trus- og livssynsminister i oktober, har eg vore så heldig å ha besøkt fleire av våre fantastiske kyrkjelege nasjonalskattar. Dei er der i omgivnadene våre, men vi gløymer gjerne kor mykje dei betyr for oss, og kva dei har å seie for dei plassane der vi bur. Som Oslo bys aller eldste bygning, Gamle Aker kyrkje. Ho ligg midt i byen, eit steinkast frå Regjeringskvartalet og midt i byens liv og røre.

Restaureringa av kongeinngangen viser kor viktig solid handverk er for å ta vare på historia vår.

—  Kjersti Toppe

Av dei om lag 1.650 kyrkjebygga i Noreg har nesten 1.000 av dei eit særskild vern ved å vere freda eller verna på anna vis.

Nyleg besøkte eg ein av desse 1.000 då eg var med og opna den nye kongeinngangen til Nidarosdomen. Det er nærmast umogleg å ikkje bli rørt når ein trer inn i eit majestetisk bygg som det Nidarosdomen er. Restaureringa av kongeinngangen viser kor viktig solid handverk er for å ta vare på historia vår.

Moster gamle kyrkje er ein av Noregs eldste kyrkjer og eit reisemål for mange. Her har fleire aktørar gått saman og bygd eit kyrkjehistorisk senter, Moster Amfi, i tilknyting til den historiske kyrkja. Hit kjem mellom anna skuleklassar for å lære historia om kristninga av Noreg. Det viser det viktige, at kyrkjene fortel historia vår. Difor må vi ta vare på dei.

Eg har trua

Dei eldste trebygningane vi har i landet, er kyrkjer. Ein av dei eldste, Urnes stavkyrkje, frå kring 1130, har stått i nær 900 år. «Kirken den er et gammelt hus, står om enn tårnene faller», heiter det i salmen. Men så enkelt er det ikkje i røynda. Dei gamle kulturhistoriske viktige kyrkjene våre treng hjelp. Vi skal og må ta vare på kulturminna våre, og ha gode bygg for kyrkjelege handlingar. Med eit godt samarbeid mellom fellesråda, kommunen, Den norske kyrkja, Riksantikvaren, storting og regjering, har eg tru på at vi no kan sikre kyrkjene våre på ein god måte for framtidige generasjonar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt