Verdidebatt

For kristne er trua den djupaste identiteten

IDENTITET: Tru vert i vår tid framstilt som utskiftbart tankegods. Seksualitet, derimot, blir gjort til det aller djupaste ved den vi er. Men kartet stemmer ikkje med terrenget.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Gjer det noko at ein type identitet vert framstilt som meir grunnleggande enn andre?

28. juni bråvakna eg midt i ein kommentar av min NRK-helt, Lars Nehru Sand. Det er sikkert ikkje bra å skumma gjennom meiningsstoff i sommarleg halvørske, men slikt skjer. Dessutan: grunnen til at eg kanskje døsa ørlite av er følgjande: Sand er ein av dei eg alltid lyttar til. For meg er han NRKs Poirot, ein mann like ulasteleg kledd som formulert, han er kommentatoren som vert ein helt fordi han er meir skarpsynt enn resten, og legg vinn på detaljane som andre overser. Når ein kommentator av hans kaliber i ein analyse knytt til sommarens skytetragedie i Oslo framstiller seksuell identitet som meir djuptgåande enn annan identitet, treng vi å snakka om det.

I NRK-artikkelen drøftar Sand mellom anna det menneskelege behovet for «trygghet og definisjonsmakt over egen situasjon». Vi treng å lytta til minoritetane, i dette tilfellet dei skeive, som treng å bli trudd på at det er blitt eit hardare debattklima i sosiale og redaksjonelle media, påpeiker Sand, men svingar deretter skarpt frå det sjølvsagde til det oppsiktsvekkande: «Mange forfølges for sin tro og sine meninger. Homofile fordømmes for sin grunnleggende identitet. Kjærligheten sin. Som den de er. Den mest nakne personlighet.»

Den lettvinte rangeringa

I utgangspunktet er det ein uting at Sand nyttar høvet til å spela ulike grupper (folk som vert forfølgde for tru og meiningar vs. folk som vert fordømde for legninga si) ut mot kvarandre. Når han likevel gjer det, meiner eg det treng motstand. Vi kan vera heilt på linje med Sand i at vi treng å lytta til kvarandre, men bør likevel vera svært kritiske til den lettvinte rangeringa av seksuell identitet over annan identitet som kommentatoren her legg til grunn.

Alle skjønar at det er godt meint. Likevel, slik situasjonen i verda er når det gjeld manglande fridom av mange slag, hjelper det ingenting at vi gjer oss så nærsynte at vi vert blinde når tragedien råkar oss her heime. Vi treng å halda på eit vidare perspektiv på identitet og behov for varetaking, både her heime og globalt. Det vil koma alle til gode.

Koplinga mellom kjønn, seksualitet, legning og identitet har blitt utforska og debattert over ein lang periode i vår del av verda, og det er kome til eit punkt der det verkar som identitetspolitikk er eit omgrep som først og fremst handlar om desse koplingane. Det er uheldig på fleire vis. Konsekvensen av ei slik monopolisering av identitetsomgrepet gjer at andre legitime behov for anerkjenning, respekt og vern kan bli fortrengde.

Kristen tru er å følgja Jesus; det er ei tru som involverer alle aspekt ved livet, og påverkar alle sider ved identiteten

—  Sofie Braut

Trua er den djupaste identiteten

For eit par år sidan etterlyste eg meir kunnskap om tru i debattar. Sands kommentar minner om at vi også treng meir kunnskap om og innsikt i konsekvensane av det å ha ei tru. For kristne er nemleg trua den djupaste identiteten. Ho er ikkje eit tankesett eller ein bukett med prydeleg fromme idear som ein set fram ved høgtidelege høve. Dette er ikkje opplagt i ein folkekyrkje-kontekst, men det nytestamentlege omgrepet «metanoia» kan vera til hjelp. Dette greske uttrykket viser til ein djuptgripande prosess der mennesket får ein ny identitet som påverkar ånd, sjel og kropp; altså alle dimensjonane ved den vi er. Mange framstillingar av tru er i dag dessverre sterkt prega av eit dualistisk tankesett, der tru er noko kognitivt, altså avgrensa til tanken.

Vi ser dette gjerne ytterlegare redusert til fråsegner om kor vidt ein trur på eksistensen av ein Gud. Dette er naturlegvis ei form for tru, men kristen tru er ikkje å påpeika eksistensen av ei høgare makt. Kristen tru er å følgja Jesus; det er ei tru som involverer alle aspekt ved livet, og påverkar alle sider ved identiteten. «Eg lever ikkje lenger sjølv», forklarer Paulus i Bibelen, «Kristus lever i meg».

Utforskinga av denne nye identiteten er det store eventyret ein kvar som takkar ja, får del i. Naturlegvis er ein slik identitet også noko som forpliktar meir enn flyktige idear vi vert fascinerte av. Mange erfarer også at dei må betala ein høg pris for å leva dette nye livet midt i ei brutal verd. Eg møtte nett ein av desse, som har levd under Nord Koreas nådelause regime. Den nye identiteten som Jesus-etterfølgjar prega alle sider ved livet – og hadde kosta han dyrt.

Alle tener på eit identitetsomgrep utan unødvendige innhogg og fritt for misvisande monopolisering.

—  Sofie Braut

Utbreidd perspektiv i vår tid

Det er grunnlag for å oppfatta kommentaren til Sand som eit nokså utbreidd perspektiv på identitet i vår tid. Tru vert framstilt som tankegods; og med det, idear som er meir utskiftbare og ligg i dei øvre lag av mennesket. Seksualitet, derimot, blir gjort til det aller djupaste og mest grunnleggande ved den vi er. Ei slik rangering av menneskelege identitetskomponentar er eit kart som ikkje stemmer med terrenget.

For dei som av høgst ulike årsakar lever sølibatært, blir til dømes dette ei framstilling av deira liv som noko sekundært. For andre handlar det om den fridomen dei opplever ved å underordna både grunnleggande og vesentlege behov under eit større gode. Alle tener på eit identitetsomgrep utan unødvendige innhogg og fritt for misvisande monopolisering.

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt