Verdidebatt

Eg følgjer ei anna linje

UNDERORDNING: Trond Bakkevig kritiserer meg for å sitera skrifta, og hevdar at det er tolkingar som er rett, «kristelig bibelbruk». Jesu måte å bruka skriftene på, er nærast er heilt motsett.

Under overskrifta «Sofie Brauts metode», gjer prest i DNK, Trond Bakkevig seg stor umake med å gå kritisk gjennom eitt av innlegga mine i den pågåande debatten om bibelbruk og underordning. Bakkevig drøftar argumentasjon som har vore retta mot andre enn han sjølv, men engasjementet tyder på at også han kjenner seg råka av det eg skriv.

Sofie Braut, spaltist i Vårt Land og tidligere medlem i Stavanger bispedømmeråd. Her fotografert i hjemmet sitt like utenfor Bryne i Rogaland.

Kritikken dreier seg i stor grad om at eg ikkje tek meg bryet med å undersøka korleis opponentane mine konsulterer Bibelen. Han hevdar at eg «utan dokumentasjon» meiner motstandarane mine leitar etter argument for at «ordet ikkje lenger er relevant eller at ideala er fullstendig umoglege å leva etter i vår tid».

Paulus står i ei særstilling

La oss sjå nærare på eit døme, sidan Bakkevig saknar dokumentasjon. Åste Dokka skreiv i VL tidlegare i mai følgjande: «Men som så mange andre menn (og kvinner) var også Paulus feilbarlig». Eg har ikkje sett nokon korrigera henne på dette punktet. Dette dreier seg om langt meir enn ulike tolkingar, slik Bakkevig legg til grunn. Vidare er skuldinga hans om at eg trur eg er heva over tidsånda urimeleg.

Eg er, som alle andre, prega av mi tid, men følgjer ei grunnleggande anna linje når det gjeld skriftsyn enn den Dokka og mange andre gjer seg til talspersonar for. For meg er nemleg ikkje Paulus ein blant mange «feilbarlige menn». Paulus står i ei særstilling. Eg maktar slett ikkje å leva etter alt det han skriv, og veit godt at eg er barn av mi tid. Likevel ønskjer eg verken å gjera mine eigne manglar eller den tidsånda eg er fødd inn i, til eit revideringsprinsipp for Paulus’ tekstar.

Bakkevig slår over i det blaserte når han langt på veg omtalar eigen revisjonsiver som «sannferdig nytolking», sett opp mot ei meir tradisjonell tilnærminga som hos presten vert til «etterplapring av gamle tankemønstre».

Kva står vi att med?

Poenget vert endå tydelegare om vi følgjer tankegangen vidare. Dokka konstaterer (naturlegvis) at «underordningstankegangen kommer tydelig fram i flere av Paulus’ brev», men konklusjonen hennar vert likevel ei avvising av apostelorda: «For meg er spørsmålet om underordning uhyrlig. Svaret må bli nei. Nei, nei, nei og nei. Det finnes ingen god måte å leve etter de paulinske hierarkiene på».

Det er ikkje lett å sjå føre seg kva som kan tena som dokumentasjon på skriftsyn og skriftbruk dersom ikkje dette kvalifiserer. Å erkjenna at ein viss tematikk gjennomsyrer den paulinske litteraturen, men likevel velja å avvisa han som heilt uhaldbar, dreier seg om langt meir enn tolkingsnyansar av enkeltpassasjar. Mens vi grunnar over påstanden om at Paulus’ tenking ikkje kan operasjonaliserast inn i vår tid, melder dessutan andre spørsmål seg. Kan vi rekna andre ting han skreiv som relevant? Om Paulus som forfattar berre er ein blant mange «feilbarlige» menn, og skriftene hans redusert til ein spegel av samtida hans, kva står vi att med?

Køen av kristne som no verkeleg vil visa fram kor nøyaktig dei har gjort likestillings-leksa er lang nok

—  Sofie Braut

Forvanskande tolkingar

Dokka held Paulus som ein favorittforfattar og kven Bakkevig sver til for god litteratur, kjenner eg ikkje til. For min del er det uinteressant om Paulus er min yndling, han er først og fremst apostel og ein tenar for evige sanningar, for ord som ofte overveldar meg, men som likevel er det sannaste eg veit.

Bakkevig kritiserer meg for å sitera skrifta, og hevdar at det er tolkingar som er rett, «kristelig bibelbruk». Det er interessant at Jesu måte å bruka skriftene på, nærast er heilt motsett. Han irettesette farisearane og dei skriftlærde nettopp for deira intrikate, ofte forvanskande tolkingar. Sjølv siterte han gjerne skriftene, og opna dei for alle som ville høyra.

Motsett av mange teologar har eg ingen «metode» (jf. Bakkevigs overskrift). Eg er også ute i eit anna ærend enn systematikkens. Køen av kristne som no verkeleg vil visa fram kor nøyaktig dei har gjort likestillings-leksa er lang nok. Men også denne debatten ebbar ut, og alt glir tilbake i sitt vante gjenge. Heilt til ei ny sak dukkar opp som viser at kristne har blitt endå litt meir forlegne og mindre frimodige over Skrifta.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt