At myndigheitene støttar kritiske røyster, er noko av det fine med Noreg. Aviser får pressestøtte og driv kritisk journalistikk. Organisasjonar får pengar frå staten og står hardt på for det dei representerer. Og lovfesta ombod står opp for menneske i ein utsett posisjon.
I 2020 var turen komen til eldre: Stortinget vedtok samrøystes å opprette vaktbikkja Eldreombodet. I 2021 blei vi opna. No vil regjeringa legge ned Eldreombodet frå neste sommar. Forstå det den som kan.
Det er for å spare pengar, skriv Helse- og omsorgsdepartementet i ei pressemelding. Det dreier seg om ein million kroner i år og fem millionar neste år. Monnar det i eit statsbudsjett på over 1500 milliardar kroner?
Nokon må stå vakt
«Regjeringa ønsker eit aldersvennleg samfunn. Dette oppnår ein ved at alle aktørar er opptatt av utfordringar eldre kan møte i ulike samfunnssektorar. Det skal ikkje bli overlate til eitt særskilt ombod å bry seg om situasjonen til eldre menneske», står det i pressemeldinga.
Argumenta til regjeringa held ikkje. For det første: Nettopp fordi mange har eit ansvar for eldre, trengst eit ombod som passar på at dei som har ansvar, tar ansvar.
For det andre: Stortinget brukte Barneombodet som forbilde då dei oppretta Eldreombodet. Barneombodet står opp for barn på brei front samtidig som andre også gjer det.
For det tredje: Kvifor meiner regjeringa no at Eldreombodet ikkje trengst, berre to år etter at eit samla storting vedtok lova om Eldreombodet?
Mykje meir enn pasientar
Det ville ikkje gi meining om nokon sa at Barneombodet ikkje trongst fordi Redd Barna også jobbar for barn og unge. Like lite gir det meining viss ein seier at Eldreombodet ikkje trengst fordi Pensjonistforbundet også kjempar for eldre. «Ei rekke organisasjonar arbeider aktivt for å fremme interessa til den eldre befolkninga», skriv regjeringa i pressemeldinga. Ja, og nettopp derfor jobba Pensjonistforbundet med fleire for å få oppretta Eldreombodet.
Nettopp fordi mange har eit ansvar for eldre, trengst eit ombod som passar på at dei som har ansvar, tar ansvar
— Bente Lund Jacobsen
Eldre er mykje meir enn pasientar. Derfor blir ikkje Eldreombodet overflødig viss pasient- og brukaromboda i fylka blir styrkte. For oppdraget vårt er ikkje avgrensa til helse- og omsorgssektoren. Stortinget har gitt oss i oppdrag å arbeide for interessene til eldre på alle samfunnsområde. Pasient- og brukaromboda er svært viktige. Men dei dekker ikkje oppdraget vårt. Det same gjeld Likestillings- og diskrimineringsombodet.
Lysbakken: Viktig arbeid
SV var blant dei som jubla i forfjor. «Jeg er glad for at vi endelig kan få eldreombud», slo SV-representant Nicholas Wilkinson fast før eldreombodslova blei vedtatt.
Partileiar Audun Lysbakken følgde opp då vi blei opna i fjor. I ei helsing under opninga sa han: «At det blir flere eldre, er et tegn på et godt samfunn. Vi må slutte å ha en debatt der det framstilles som et problem. Derfor er det arbeidet som skal gjøres her, viktig».
At Stortinget oppretta Eldreombodet for å gi interessene til eldre ei sterkare stilling, er også eit teikn på eit godt samfunn. «Høringen knyttet til lov om Eldreombudet viser at det er stor støtte til at det etableres et eldreombud etter modell av Barneombudet», skreiv ein samla helse- og omsorgskomite i Stortinget i 2020. Dei heldt fram: «Flertallet av instansene støtter etableringen og peker på behovet for et ombud som kan ivareta eldres interesser, særlig fremover når det er ventet en økning i antall eldre».
Vi reknar med at Stortinget står ved lova og grunnlaget ho har.
[ Denne kyrkja er så full at folk må stå under kyrkjekaffien ]
På mange frontar
Den store støtta Stortinget viste til, har blitt stadfesta. Vi har blitt tatt svært godt imot av eldre, pårørande til eldre og representantar for eldre.
Vi talar eldre si sak på mange frontar. Det trengst: Eldre er sårbare for sosial isolasjon, noko pandemien har sett på spissen. Eldre blir ramma når institusjonsplassar blir bygde ned. Vald, overgrep og forsøming er utbreidd. Få eldre er valde inn på Stortinget, sjølv om dei er ei svært stor veljargruppe. Eldre møter utdaterte aldersgrenser. Ikkje-digitale eldre blir stengde ute frå demokratiske prosessar. Ikkje-digitale eldre står også i fare for å gå glipp av viktig informasjon. Og eldre er sjeldan kjelder i media.
Eldre må få bruke ressursane sine og få hjelp den dagen dei treng det. Og eldre treng fleire forkjemparar, ikkje færre.
Vaktbikkje og trekkhund
Bit ikkje handa som matar deg, seier eit munnhell. Vel, for omboda er det å vere bitevillig ein særs viktig del av jobben. Helse- og omsorgsdepartementet skreiv sjølv i proposisjonen til eldreombodslova at vi i hovudsak skal vere ei vaktbikkje. I tillegg meinte departementet at også positive saker bør kunne bli løfta fram.
Sjølv kallar vi oss gjerne vaktbikkje og trekkhund. Og vi gir ros når det er fortent. Til dømes skal LO ha ros for å no heve aldersgrensa for leiarverv, slik vi har bedt dei om å gjere.
I pressemeldinga frå departementet står det at «Regjeringa anerkjenner den innsatsen Eldreombodet har gjort på kort tid med å synleggjere eldre sine interesser og utfordringar på mange område». Til det er det berre å seie: Vi treng ryggdekning, ikkje godord.
[ Hva sier du til barnet ditt når det er redd for at du skal dø av kreft? ]