Nyheter

Ber om pandemi-løysingar for sårbare eldre: – Vi kan ikkje vere nybyrjarar kvar gong

SÅRBARE ELDRE: Snart to år med korona har vore krevjande for sårbare eldre. – Eg har snakka med folk som seier at besteforeldra deira har gjeve beskjed om at dei avlyser jula, seier eldreombodet.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

– Det som bekymrar oss er kva som skjer i jula, og korleis folk vil tolke dei nye reglane. Kva betyr det eigentleg når regjeringa seier at eldre skal skjermast, men ikkje isolere seg, spør eldreombod Bente Lund Jacobsen.

I den siste anbefalinga frå regjeringa heiter det at personar med risiko for alvorleg sjukdomsforløp bør skjerme seg. Samstundes understreka helseminister Ingvild Kjerkol under pressekonferansen i førre veke at folk ikkje må isolere seg, og at det er viktig å ikkje miste all sosial kontakt med andre.

Jacobsen stiller spørsmål ved kva som eigentleg er skilnaden ved å skjerme seg og isolere seg.

– Eg har snakka med folk som seier at besteforeldra deira har gjeve beskjed om at dei avlyser jula. Dei har høyrt på anbefalingane og tenkjer at det er det dei har fått beskjed om å gjere, seier ho.

Fryktar lang isolasjon

Ho fryktar ein ny, lang periode med full isolering av eldre. Sidan pandemien starta har mange, både heimebuande og på institusjon, opplevd lange periodar med nær total isolasjon, utan høve til å ha samvære med familien.

Institusjonar har vore stengde for besøk i mange månader av gongen, og mange har isolert seg heilt eigen heim. Dette har store konsekvensar både for fysisk og psykisk helse, understrekar Jacobsen.

Eldreombodet sende i førre veke eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet der dei etterlyste ei støtteordning som finansierer dei ekstra kostnadane som vil følgje av å framleis gjennomføre besøk og arrangement i juletida vi går inn i, innanfor dei nye koronarestriksjonane.

Ingen lovandar frå departemenetet

Brevet viser til dømes til konsertar og andakter, som er arrangement der eksterne aktørar ofte deltek. Utan ekstra ressursar for å gjennomføre desse med nødvendig smittevern, vil dei måtte avlysast.

I brevet åtvarar eldreombodet om at dette kan ha sterke negative følgjer for eldre si fysiske og psykiske helse og livskvalitet.

Men i svaret frå departementet får ombodet ingen slike lovnadar.

Avdelingsdirektør Thor Bergstrøm skriv i svaret at kommunane i inneverande halvår har fått løyva 2,5 milliardar kroner i tilleggsløyvingar frå den førre regjeringa, og ytterlegare 750 millionar kroner frå Støre-regjeringa, som kompensasjon for auka utgifter og redusert inntekter under pandemien.

Vidare skriv Bergstrøm at løyvingane kjem i form av eit rammetilskot, og at det derfor er opp til kvar enkelt kommune å vurdere korleis midlane skal nyttast. Ytterlegare løyvingar vil først bli aktuelle i løpet av våren 2022, skriv departementet.

Svara frustrerar Jacobsen.

– Dei er utruleg vage.

– Men eg er ganske overtydd om at desse pengane går til andre ting. Kommunane har mange utfordringar no, med smitteverntiltak, vaksinering og mange sjukmeldingar i helsevesenet.

Ingen målretta tiltak

Signala eldreombodet har fått frå kommunane er at det truleg ikkje ligg an til at utgifter knytt til å sikre eit sosialt tilbod for eldre vil bli kompensert.

Dersom ein sjukeheim til dømes vil gjennomføre ein planlagd julekonsert ved å dele bebuarane inn i mindre grupper og ha fleire framsyningar, så vil det krevje ekstra bemanning eller kostnader knytt til å flytte arrangementet til eit meir smittevernvenleg lokale.

– Det finst støtteordningar hos statsforvaltarane og andre for slike kostnader, men det er lang handsamingstid, og no vil det vere altfor seint å søke om noko til arrangement dei næraste månadene, seier Jacobsen.

Ho meiner det etter snart to år med koronahandtering burde vere mogleg å få plass meir målretta tiltak. Ho trur statsforvaltaren i dei ulike fylka er i stand til å administrere ei slik ordning og har mykje bakgrunnsinformasjon om situasjonen rundt i dei enkelte kommunane.

Men det viktigaste er at ein no får på plass ein strategi som kan liggje fast også til neste gong det kjem ein nedstenging. At det kom ei ny smittebølgje, med ny isolasjon av sårbare eldre, burde ikkje overraske nokon, meiner ho.

– Det verkar som dette kom som julekvelden på kjerringa. Vi kan ikkje vere nybyrjarar kvar gong. Ein burde hatt på plass strategiar for å handtere dette no, seier Jacobsen.

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim er journalist i nyhetsavdelingen. Han jobber særlig med politikk.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter