Verdidebatt

No er ikkje tida for arbeidsro

GRANSKING: Her er ei oppmoding til sannings- og forsoningskommisjonen: Skap debatt, skap forventningar og involver majoritetsbefolkinga. Få oss til å venta på sluttrapporten med entusiasme!

Den norske sannings- og forsoningskommisjonen blei oppretta av Stortinget i 2018, for å granska den offisielle fornorskingspolitikken som i over hundre år var retta mot samar, kvenar, norskfinnar og skogfinnar. Arbeidet er no inne i sin andre fase. Dei tolv kommisjonsmedlemmene har samla data om historisk urett, dei har granska dokument og samla over 600 personlege historier frå offer for fornorskingspolitikken.

No skal dei fordøya alt dei har høyrt, sett og lese. Dei skal finna ut kva dei skal melda til det norske folk og alle gruppene dei har brukt år på å granska. Sluttrapporten til kommisjonen skal overrekkast Stortinget i juni 2023, altså om litt over eit år. Kommisjonsmedlemmene har dårleg tid og må ha arbeidsfred og ro. Men det er gode grunnar til at me ikkje må sleppa kommisjonen heilt av syne, no når han forsvinn inn i skrivehola si.

Viktige val

Denne andre fasen er viktig av fleire grunnar. Det er no kommisjonen må ta nokre viktige val:

Kva deler av alt det materialet dei har samla skal dei legga mest vekt på? Kva perspektiv manglar? Kva skjer når datamaterialet spriker i fleire retningar? Kva skjer når kommisjonsmedlemmene er usamde om korleis dei skal tolka eller framstilla materialet? Korleis kjem dei til å jobba fram ei felles forståing av viktige bitar av den norske historia som har vore undergranska og underkommunisert, nemleg den samiske, kvenske, norsk-finske og skogfinske? Og sist, men kanskje aller viktigast: Kva slags anbefalingar skal kommisjonen komma med?

Kommisjonen er nemleg, som sanningskommisjonar flest, bundne av mandatet sitt til å komma med anbefalingar til oppfylgjing av den norske stat. Korleis skal kommisjonsmedlemmene kollektivt greia å vareta interessene til, og forventningane hjå, alle gruppene som dei jobbar mot? Og få med seg majoritetsbefolkninga?

Fleire land rundt omkring i verda har erfaringar med sanningskommisjonar. Kan den norske kommisjonen lære noko av dei?

—  Elin Skaar

Kommisjonar andre stader

Fleire land rundt omkring i verda har erfaringar med sanningskommisjonar. Kan den norske kommisjonen lære noko av dei?

I ein samanliknande studie av sanningskommisjonar i Latin-Amerika eg har leia, som har gått over fleire år, og som har involvert meir enn tjue forskarar og assistentar frå minst ti land, har me nokre funn som kanskje kan vera av interesse for kommisjonen her i Noreg. Dei to ferske bøkene me nett har publisert omfattar detaljerte studiar av 13 sanningskommisjonar i 11 latinamerikanske land. Me ser at anbefalingar som sannings- og forsoningskommisjonar kjem med har veldig ulik grad av oppfylgjing etter at kommisjonen er ferdig med arbeidet sitt.

I forskingsprosjektet Beyond Words: Latin American Truth Commissions’ Recommendations (cmi.no) har me grave oss ned i når og kvifor anbefalingar frå sanningskommisjonar vert «vellukka»; at dei ikkje berre blir verande ord på papiret i ein rapport, men faktisk vert implementerte.

Ei oppmoding til kommisjonen

Det kjem an på både kva typar anbefalingar ein kjem med, korleis ein formulerer desse anbefalingane, kva innhaldet i anbefalinga er, og kven dei er retta mot. I den norske konteksten vil det vera særskilt viktig å inkludera anbefalingar som er relevante for alle gruppene som er fokus for sanningskommisjonen sitt arbeid, slik at alle føler seg høyrde og tatt på alvor. For ikkje minst handlar kor «vellukka» ein sanningskommisjon er om korleis rapporten vert mottatt.

Er råka grupper nøgde med og positive til anbefalingane? Er det politisk vilje til å setta anbefalingane ut i live? Det siste ligg sjølvsagt utanfor mandatet og kompetansen til kommisjonen. Men ved å ha ein god dialog med viktige grupper og enkeltpersonar undervegs, og ved å vera flinke til å lytta og sortera i kolliderande krav og forventningar, kan kommisjonen legga eit godt grunnlag for at anbefalingane vert lytta til og fylgt opp når sluttrapporten kjem.

Ein viktig ting kommisjonen bør gjera, er difor å ikkje forsvinna heilt i det offentlege rom. Så her er ei oppmoding til kommisjonen: Skap debatt og skap forventningar! Involver majoritetsbefolkninga, ikkje berre historisk undertrykte grupper. Få oss til å venta på sluttrapporten med forventning og entusiasme!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt