Verdidebatt

Anti-jødiske haldningar i meir enn Bach

JØDAR: Det problematiske med Bachs pasjonar heng saman med eit langt større problem. For det er jo dei bibeltekstane Bach gjengir som er den verkelege utfordringa.

I den interessante kronikken «Johannespasjonen og det antijødiske» (VL 7. april) argumenterer musikkprofessor Øivind Varkøy for ei «justering» av Bachs tekst til Johannes-pasjonen. Bjarkøy går ikkje i detalj på korleis ei slik justering skal lyde, men det går fram at det er omgrepet «jødane» i Johannes-evangeliet som er problemet.

Rolv Nøtvik Jakobsen, Teolog og 1700-tallsforsker

Musikkvitaren viser også til at det har skjedd det han med rette kallar «en omfattende teologisk debatt» nettopp om dette temaet. Framståande bibelvitarar har vore opptatt av å kome til rette med korleis Johannes-evangeliet, og også dei synoptiske evangelistane, framstiller jødar. Noko av det som i særleg grad har stått sentralt i dette faglege ordskiftet, har vore utsegn om at «jødane» har skuld i avrettinga av Jesus. Dette kjem jo mest tydeleg til uttrykk i folkemengdas sine ord i Matteus-evangeliet (27,25): «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.»

Som alle som er glade i Bach veit, er jo desse problematiske orda gjeve att og dramatisert i ein av dei sterkaste korsatsane i Matteuspasjonen (kor 50).

Eit større problem enn Bach

Med bakgrunn i kyrkja sin medverking til forfølgingar av jødar, etter holocaust og i forkant av ei ny påskefeiring, er det på tide og viktig å setje spørsmålet om korleis bibeltekstane framstiller jødar på dagsordenen. For det problematiske med Bachs pasjonar heng saman med ei langt større og meir utfordrande problem.

Det er jo for det første dei bibeltekstane Bach gir att som er det verkelege problemet, eller utfordringa om ein heller vil kalle det det. Her har framståande forskarar på Det nye testamentet, både jødar og kristne, vist korleis desse tekstane må bli forstått i sin historiske samanheng og også vist korleis dei bør bli fortolka i dag. For det er jo fortolkinga det gjeld og i særleg grad forkynninga og gudstenestelivet no mot påsketider.

Ein kan sjølvsagt diskutere, som fleire har foreslått, å erstatte «jødar» med «judearar» i evangelietekstane. Men dei fleste teologar er einige om at det er ikkje orda, men korleis dei kan bli fortolka på ein ansvarleg måte, som er den store utfordringa. Her er det grunnleggjande viktig å lytte til alle jødiske samtalepartnarar, og også til eksegetar som Amy-Jill Levine. (The Misunderstood Jew: The Church and the Scandal of the Jewish Jesus).

Antijudaisme i mykje kyrkjemusikk

Varkøys forslag er, så vidt eg kan skjøne, å endre på ordlyden i Bachs bruk av Luthers tyske bibelomsetjing. For mange står fram det å gjere slike endringar både etisk og musikalsk sett (og høyrt) svært problematisk. Då får ein heller la vere å oppføre delar av pasjonane. Noko anna hadde det vore om Bach sine tolkingar av dei problematiske bibeltekstane, gjennom ariar, resitativ og nyskrivne kortekstar, hadde ein tydeleg antijødisk tendens. Det ser eg ikkje heilt er tilfellet her i pasjonane.

Dei fleste teologar er einige om at det er ikkje orda, men korleis dei kan bli fortolka på ein ansvarleg måte, som er den store utfordringa

—  Rolv Nøtvik Jakobsen

Som musikkvitaren Varkøy godt veit, er det ein intens fagleg debatt blant musikk-historikarar om antijødiske haldningar i mykje kyrkjemusikk, til dømes i utvalet av bibeltakstar i Händels Messias og i pasjonane, men særleg i nokre av kantatane til Bach.

Den canadiske musikkvitaren Michael Marissens spennande bok Bach & God frå 2016 viser mellom anna korleis Bachs kantatar for 10. søndag etter treeinigheit skriv seg inn i ei lang tradisjon med antijødisk tekstutlegging knytt til orda om tempelets øydelegging. Desse kantatane er opplagt eit betre utgangspunkt for å diskutere korleis vi saman skal forvalte det problematiske i arven etter Bach, enn evangelieorda i pasjonane.

Bør undersøke liturgiske tekstar

For det tredje: Varkøy omtalar mot slutten av kronikken kyrkja, og då i særleg grad Den romersk-katolske kyrkja sitt oppgjer med si eige problematiske i handsaminga og omtalen av jødar. I den samanhengen viser han også til nokre av liturgiske tekstar som er blitt endra som følgje av denne med betimelege sjølvransakinga, og nemner spesielt langfredagsbønene.

Med utgangspunkt i denne sjølvransakinga ligg det nær å undersøke om det er slike liturgiske tekstar som stadig er i omløp, kanskje også som velskriven ny kyrkjemusikk. Ein av dei mest problematiske liturgiske tekstane i denne samanhengen er dei såkalla improperiane, ein vekselsong med røter tilbake til 800-talet der den lidande Kristus bebreidar folket for det dei har gjort mot han. Improperiane var i bruk på langfredag og er altså ei lang bebreiding av «Mitt folk, mitt folk» for å ha forkasta Jesus.

Ein av dei mest problematiske liturgiske tekstane i denne samanhengen er dei såkalla improperiane

—  Rolv Nøtvik Jakobsen

Trond Kverno har laga ei medrivande og sterk versjon av denne gamle teksten i verket «Improperia Salvatoris Nostri» frå 1983. Det har også vore diskutert om improperiane skulle bli brukt i Den norske kyrkjas gudstenester i påskeuka. I Kvernos versjon av teksten er det liten tvil om kven dette «mitt folk» er: «Jeg slo Egyptens førstefødte for dine øyne, men du overgav meg til pisk og slag. Jeg førte deg ut av Egypt og kastet Farao i det røde hav, men du overgav meg til yppersteprestene. /.../Jeg åpnet havet foran deg, men du åpnet min side med et spyd. Som en skystøtte gikk jeg foran deg, men du førte meg til Pilati borg».

Det er vanskeleg å forstå noko anna enn at det er jødane som er dette «folket».

Kva gjer vi med dei store verka?

Den norske kyrkja har no valt å ikkje anbefale improperiane, heller ikkje i «reinsa» form, der det antijødiske er avsvekka, til bruk i gudstenester. Her følgjer vi i fotspora til den lutherske kyrkja i Sverige som også har sett foten ned for liturgisk bruk av denne svært problematiske teksten.

Kva med alle dei av oss som set stor pris på Kvernos musikk? Kan musikkvitarar og andre som forvaltar den (kyrkje-)musikalske arven gi oss hjelp til å finne ut meir om kva vi skal gjere med slike storarta musikalske verk med djupt problematisk tekst?

Og når vi først er inne på det antijødiske i kyrkjeleg og kulturell samanheng: Sjølv om dei som står bak pasjonsspelet i Oberammergau, som det blir reklamert intenst for i desse dagar, dei siste åra har tatt eit oppgjer med nokre av den antijødiske bakgrunnshistoria til dette spelet, er det stadig grunn til å spørje kritisk om kva bilete dette katolske spelet med lange historiske røter, formidlar av jødiske medmenneske, då og no.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt