Verdidebatt

Når «klok» blir «taus»

ORDSKIFTE: I teologiske debattar ser vi fleire teikn til at klokskap for folk med tradisjonell teologi handlar om trø varsamt. Klok blir gjerne ein slags kristeleg sjølvsensur, eit kall til å gå stilt i dørene.

Sofie Braut

Å vera klok er i den bibelske visdomslitteraturen langt på veg framstilt som sjølve essensen i eit framgangsrikt og fruktbart liv. Bibelen er sjølvsagt ikkje åleine om å framheva klokskap som kardinaldygd. Eit sveip over annan religiøs litteratur, mytologi og grunnleggande filosofi seier det same.

Vi menneske må søka klokskap. Vi må imidlertid også finna ut kva klokskap betyr i ulike samanhengar, elles blir kravet om å vera klok, fort redusert til eit generelt bjeffande «pass deg».

I teologiske debattar ser vi fleire teikn til at klokskap for folk med tradisjonell teologi handlar om trø varsamt. Klok blir gjerne ein slags kristeleg sjølvsensur, eit kall til å gå stilt i dørene og prioritera husfred over substans og konsistens.

Vi må finna ut kva klokskap betyr i ulike samanhengar, elles blir kravet om å vera klok, fort redusert til eit generelt bjeffande «pass deg»

—  Sofie Braut

Taus er det nye klok

Ein nyleg artikkel i Fædrelandsvennen (2/4) kan tena som eksempel. Her rykte to bymisjonsprestar ut mot predikant og mangeårig misjonsleiar Alv Magnus, fordi han i ein panelsamtale under sist vekes Jesusfestival, uttala seg kritisk både om skeiv livsstil og om regnbogeflagget. Bymisjonsprestane seier dei «har stor respekt for» kristne som er meir konservative enn dei i ulike spørsmål, og som vågar å kritisera samfunnsutviklinga. Samtidig åtvarar dei: «Norske kirkeledere som er kritiske til for eksempel organisasjonen FRI [bør] vokte seg vel for hvordan de formulerer sin kritikk». Bymisjonsprestane seier vidare at «mange konservative kirkeledere gjør dette på en klok måte».

Denne siste påstanden er interessant og burde vore underbygd med gode døme. Kven er desse mange konservative som dei refererer til? For alle som sit med kjensla av at «taus» er det nye «klok», kunne det vore nyttig om prestane kunne vridd kritikken sin i konstruktiv retning. Mange vil nemleg oppleva Magnus’ kritiske merknader som kom fram under Jesusfestivalvignetten: «Hvordan er det mulig å bryte med tidsånden (og forfallet) i menighetene?», som relevante.

For den som vil ta Bibelens syndsomgrep på alvor, er samtalar om livsstil nødvendig og ønskjeleg. Om ein ikkje kan snakka om, ikkje trekka konsekvensar av, ikkje drøfta eller utfordra med utgangspunkt i det «synet» ein har, då er det i praksis fortrengt.

Tilliten til meiningsmotstandarar

Særleg rart er det at artikkelforfattarane som med stort frimot slår fast at det «selvsagt ikke er noe galt med livsstilen til de av oss som er skeive», også vil definera korleis dei som har eit anna samlivssyn skal formulera sitt syn. Eit meir felleskristent utgangspunkt her, ville vel snarare vore å seia at det «selvsagt» kan vera noko å ta eit oppgjer med både i livsstilen til streite og skeive. Her verkar det viktigare å plassera den andre parten opp på ei stram line, der konsentrasjonen om å halda klokskaps-balansen til slutt vert så slitsam at ein knapt maktar å koma seg frå A til B.

Det er ikkje berre er viktig å vera klok. Ein må vera modig og risikera litt også

—  Sofie Braut

I kyrkjedebatten er det etter kvart mange som må «vokte seg vel», om desse prestane får legga premissa. Når dei ikkje berre nøyer seg med å fronta eige syn og fremma legitim kritikk, men samtidig krittar opp ein svært snever vegbane for meiningsmotstandarar, handlar dette til slutt om mykje meir enn teologi og indrekyrkjelege saker.

Eitt spørsmål som heng att i lufta etter oppgjeret med Alv Magnus i Fædrelandsvennen, dreier seg til dømes om tilliten til liberaliteten i samfunnet. Kan vi ha tillit til at andre som trur og tenkjer annleis, og som har andre ideal og verdiar, kan villa oss vel? Når dei nemnde prestane brukar døme frå skeives kår i Russland for å hamla opp med Magnus’ tradisjonelle teologi, er det på tide å kikka kritisk gjennom kalibreringa av innhaldet i verktøykassa.

For å illustrera: Som kristen kunne eg dratt eit slikt kort mot Human-Etisk forbund og deira arbeid for å fremja sine religionskritiske ideal. I ein forstand angrip dei jo min djupaste identitet. I neste omgang kunne eg visa til dei mange kristne som i verda i dag vert forfølgde nettopp fordi dei trur på Jesus. Men slike resonnement er ikkje haldbare, og ikkje med på å fremja tillit til vårt liberale offentlege rom. Grunntanken her er at menneske med andre verdiar ikkje er ute etter å skada meg, men nettopp å fremja eit anna ideal.

Du är inte klok, Madicken!

Dersom å vera klok for kristne med tradisjonelt bibelsyn handlar om å sitja pal i kyrkjebenken eller vera den dempa dugnadsgjengen som held drifta oppe med døra på vid vegg for nye idear og straumdrag, kan det vera ein ide å minna om Astrid Lindgrens skjønne heltinner Madicken og veslesyster Lisabet. Sistnemnde utbryt eit beundrande og frydefullt «Du är inte klok, Madicken!» når storesyster vågar litt meir enn det som ligg i rolla som «pen flicka».

For det er ikkje berre er viktig å vera klok. Ein må vera modig og risikera litt også.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt