Verdidebatt

Folkekyrkja lever og leverer

GUDSTENESTE: Å framheva bedehuslivet som det optimale og kyrkjelivet som det skrale, er ganske langt unna mi erfaring.

I Vårt Land 13. mars presenterer Magnhild Landrø ein slags rapport frå kyrkja. Der gjer ho den etter kvart vanlege feilen at ho blandar saman debatten om kyrkjeleg organisering frå avisene, med gudstenestelivet i Den norske kyrkja.

Marita Bjørke Ådland

Det er det ingen grunn til. Eg har enno til gode å høyra om prestar som dreg med seg det temaet opp på preikestolen. Så er det grunn til å minna om at også «bedehusfolket» har sine debattar. Sjølv har eg vore nok på bedehuset til å vita at det frå bedehusets talarstolar også (heldigvis) blir snakka om andre ting der enn det som står i avisene.

Å hevda at det som skjer i gudstenesta, i motsetnad til i dei frie vitnemåla, ikkje er knytt til personlege erfaringar, er bortimot historielaust

—  Marita Bjørke Ådland

Landrø hevdar at ho ikkje hadde våga å invitera naboen med på gudsteneste. Det synest eg sjølvsagt er trist. Landrø har rett i at det er fint å invitera inn på andre aktivitetar også. Det er ikkje vanskeleg! Så vidt eg veit frå mitt arbeid i Asker prosti er det mogleg å invitera inn på eit vell av sosiale aktivitetar i kyrkjene våre: Kunstforedrag, yogagudstenester (det vil naboen heilt sikkert bli med på), temakveldar, konsertar, formiddagstreff, julemesser, babysang og så vidare. Kyrkja er full av aktivitetar som står godt på eigne bein, men som også er ein veg inn til eit gudstenesteliv. Alt dette veit sjølvsagt Landrø.

Karikering av gudstenesta

Eg har site utruleg mange timar på pinnestolane på bedehuset. Ettersom eg blei ungdom, hadde eg glede av både bedehuset og kyrkja. Eg møter stadig bedehusfolk som synest det er fint å vera i kyrkja. Mange opplever at liturgiens ord er gode, at det faste held dei fast i trua og skapar gode rammer.

Å hevda at det som skjer i gudstenesta, i motsetnad til i dei frie vitnemåla, ikkje er knytt til personlege erfaringar, er bortimot historielaust. For er ikkje den 4.000 år gamle velsigninga sagt inn i ein kontekst? Er ikkje truvedkjenninga eit resultat av samtalar, samspel, dialog og erfaringar? Er ikkje Salmane skrivne i naud, glede, latter og gråt? Lærte ikkje Jesus sjølv oss å be Vår Far? Visste ikkje profetane kva motstand var? Kjende ikkje Maria fordømminga frå omverda då ho vart gravid? Visste ikkje Paulus kva det var å stå i motgang?

Kvar søndag er det tekstar som utfordrar oss til teneste for andre, til nestekjærleik, til raushet og til å vera opne mot den verda vi er ein del av. Djupast sett handlar mykje av dette om nådegåvene som Landrø etterlyser i folkekyrkja. Landrø latterleggjer nærast den kyrkja ho sjølv er medlem i, når ho undrar seg over kva som ville skjedd om nokon hadde komme med eit fritt vitnemål i ei gudsteneste. «Ser du for deg katastrofen?» skriv Landrø. Det er kanskje eit forsøk på å vera morosam, men for meg framstår det meir som ei karikering av både presteskapet og gudstenesta.

Levande kristent fellesskap

Mi erfaring som prest er at gudstenesta er attraktiv, nettopp fordi den er det den er: ein møtestad for både fellesskap og individuell tilbeding, for ord som er tenkt, sagt og formulert, lutra og slipt gjennom århundrar, salmar frå liv som er levd, og erfaringar som er gjort. Og skulle nokon finna på å reisa seg og be om ordet, så ser eg ikkje bort frå at det ville bli godt mottatt. Eg hadde kanskje til og med likt det.

Som kyrkje må vi alltid tåla kritikk, og alltid jobba for å bli betre. Men å framheva bedehuslivet som det optimale og kyrkjelivet som det skrale, det er ganske langt unna mi erfaring, også i møte med stadig fleire bedehusfolk som oppsøker kyrkja. Eg trur det er stor vilje til å lytta til kvarandre sine erfaringar slik at vi og Anden (og gjerne Marit og Irene også) kan sørgja for eit rikt og levande kristent fellesskap, både på gudstenesta klokka 11 og på bedehuset kl. 19.30. Velkommen!



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt