Verdidebatt

Eit publikum for hatet

HØGREEKSTREMISME: Bilete av Anders Behring Breivik som gjorde nazi-helsing nådde såvisst ekstreme nettforum. Der blir han blant anna framstilt som ein helgen. Og nokre lenkja til direkte til Dagbladet.

I forkant av rettssaka om ei eventuell — og sjølvsagt djupt usannsynleg — prøvelauslating av massedrapsmannen Anders Behring Breivik, bad pårørande media om å visa måtehald. Lisbeth Røyneland i Støttegruppen 22. juli peikte i eit intervju med NTB både på at dekning av saka kan verka retraumatiserande og på at terroristen «bruker mediene og rettssaken som en talerstol for å spre budskapet sitt.»

Dagbladet valde å senda store delar av ugjerningsmannen si eiga forklaring. «Vi mener at det er viktig at publikum selv kan se og høre hvordan terroristen opptrer, ordlegger seg og argumenterer», skreiv Martine Aurdal i leiaravdelinga deira.

Men sjølv om 22. juli-terroristen sitt bodskap var usamanhengande, underleg og prega av hans oppblåste sjølvbilete, er det ingen tvil om at rettssaka vart ei scene for han. Det byrja alt då han løfta handa i ei nazihelsing og synte fram ein påstand om at det held på eit folkemord på kvite.

Oslo  20130129.
Forfatteren Øyvind Strømmen er aktuell med ny bok om høyreradikales historie i Norge og Europa, et bakteppe til 22. juli og Anders Behring Breivik. Boka heter "Den sorte tråden".
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Det vanvettige

Han hevda også at han gjennomførte terrorhandlingane som medlem av og ein slags fotsoldat for den nynazistiske grupperinga Blood & Honour, samstundes som han sa at dei nok ikkje visste at han var medlem. Det opphavlege britiske Blood & Honour oppstod på åttitalet, og var prega av skinheadkultur og nynazistisk musikk. Dei har eigentleg for lengst ramla saman, men «merkevara» har vorte overteke av ulike høgreekstreme grupperingar i fleire land.

Om noko, synleggjer det å visa til dei at ugjerningsmannen har eit slags ynskje om å knyta seg sjølv til ei større rørsle. Han er ikkje tempelriddar lenger.

I røynda var han åleine om å gjennomføra terroråtaket. Ideologien er på si side prega av eit slags klipp-og-lim av idear frå det ytste høgre. Etter at han vart dømd har han klipt meir frå nynazistiske rørsler, kanskje fordi det er blant nokre slike at han har fått helterolla han så gjerne vil ha.

Det er knappast vanskeleg å sjå vanviddet hjå Breivik, det røyndomsfjerne, det narsissistiske, det forstyrra. Kanskje er det også det mest behagelege: å tenkja på den einsame ulven som så uendeleg einsam.

Der terroristar er helgenar

Diverre er det ikkje sant. På det berykta nettforumet 4chan, som ikkje er ein høgreekstrem nettstad, men ein nettstad prega av fråværet av grenser, av ironi, av uendeleg dårleg humor, men også av at ekstremistar får spelerom, vart bileta frå rettssaka i Telemark fengsel snart diskutert. Ein brukar fortalde at han hadde sytt for å gjera opptak av videostreamen: «Me treng hjelp til å redigera, til å transkribera, til å laga undertekstar slik at andre anons kan få bodskapen hans», skreiv vedkommande, med ei lenkje til Dagbladet på kjøpet.

I kommentarfeltet under var nokre avvisande til ugjerningsmannen. Nokre lanserte konspirasjonsteoriar om frimurarar og jødar. Men fleire hylla terroristen: «Heil sankt Breivik», skreiv ein. «Based», skreiv ein annan, nettslang som med litt godvilje kan omsetjast som «kult». Hen held fram: «Breivik var the good guy heile tida».

Kanskje er det også det mest behagelege: å tenkja på den einsame ulven som så uendeleg einsam. Diverre er det ikkje sant

—  Øyvind Strømmen

Kva som er trolling — provokasjon for provokasjonen si skuld — og kva som er reelt er aldri godt å vita på 4chan. I tillegg til anonymiteten er det ein av fordelane denne nettstaden og chankulturen meir generelt har for ekstremistar: dei kan gøyma seg bak påstått ironi, samstundes som dei sel rasehat og antisemittisme.

Også på ulike høgreekstreme grupper på meldingsappen Telegram dukka filmsnuttar og bilete frå rettssaka opp. Reaksjonane er ikkje unisone. Nokre avfeiar 22. juli-terroristen, gjerne fordi dei koplar han saman med konspirasjonsteoriar botna i (ny) nazismen sine klassiske fiendebilete: jødar og frimurarar. Andre hyller han. Det verserer bilete som framstiller han som ein helt, jamvel som ein helgen.

Det siste gjeld ikkje minst i det såkalla akselerasjonistiske landskapet.

Lengsel etter undergangen

Her krevst det nok ei forklaring. Akselerasjonismen baserer seg grunnleggjande sett på to idear. Den fyrste er at samfunnet går i retning ein uunngåeleg kollaps. Den andre er at denne kollapsen kan og bør påskundast, og at det bør gjerast, for å erstatte det noverande samfunnssystemet med eit idealsamfunn. Den ideen eksisterer for så vidt i fleire former, men dei siste åra har ein høgreekstrem variant spreidd seg, basert på trua på ein kommande, apokalyptisk rasekrig mellom kvite og ikkje-kvite, ein rasekrig som må framskundast ved hjelp av polarisering og politisk vald.

Den amerikanske nynazistiske ideologen James Mason, som på åttitalet gav ut eit nyheitsbrev kalla Siege, speler ei sentral rolle i dette universet. For nokre år sidan vart hans gamle tekstar republisert på nettforumet Iron March. Det var eit verkeleg ubehageleg hjørne på nettet, ein stad der høgreekstreme terroråtak vart omfamna. Der vart ugjerningsmenn beundra, også 22. juli-terroristen, som til dømes vart omtalt som «ein inspirerande figur», som hadde «kjempa mot Sodomas vondskap».

Det verserer bilete som framstiller han som ein helt, jamvel som ein helgen.

—  Øyvind Strømmen

Iron March er for lengst lagt ned, men kan reknast som eit startpunkt såkalla Siege-kultur. Denne kulturen har avfødd fleire høgreekstreme nettverk prega av valdsromantikk og terrorhyllester, som The Base og Atomwaffen Division. Han har også påverka fleire ugjerningsmenn, som Brenton Tarrant, som drap 51 menneske i åtaket på to moskear i nyzealandske Christchurch i 2019, og delvis livestreama åtaket på Facebook. Tarrant refererte til Breivik som inspirasjonskjelde.

Den terrordømde nordmannen Philip Manshaus viste på si side til Tarrant. Og då han stod for retten, synte han heilt konkret til akselerasjonismen.

Ingen einsame ulvar

«Det finst ingen einsame ulvar», skriv den amerikanske historikaren Kathleen Belew i ei nyleg bok. Ho meiner ideen om denne er ei myte, ei myte som mellom anna kviler på journalistiske framstillingar «som ikkje maktar å fanga dei sosiale koplingane mellom og ideologien til kvit makt-aktørar».

Ho har diverre eit poeng. Også hatet har eit publikum.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt