Verdidebatt

Eg ser ingen vilje til å rydde opp

NLM: Dette kjennest vemodig. Eg bed difor om orsaking til alle som valgte meg inn i 2018 for at eg no trekker meg ut.

Sidan august 2020 har det kome fram mykje kritikk av leiinga i NLM i avisene Dagen og Vårt Land. Over 50 namngjevne personar har skrive eller signert innlegg som går i rette med toppleiinga i organisasjonen.

På 90-talet vart det avdekka at det også i kristne miljø fanst seksuelle overgrep, både «heime og ute». Også NLM måtte ta tak i dette. Åsland skreiv i nekrologen til dåverande generalsekretær Egil Grandhagen, at «han konfronterte de ansvarlige». Det gjorde Grandhagen rett i.

Andreas Myklebust

Kritikken kjem frå eit bredt lag av tilsette og frivillige, og rommar påstandar om maktmisbruk i fleire variantar

—  Andreas Myklebust

Kritikken bør lyttast til

I samfunnet rundt oss har krenkingar av andre menneske stor interesse. Metoo frå 2017 fekk utbredt mediedekning også i Norge. Det skulle ikkje lenger bli tolerert at menneske i maktposisjonar tok seg til rette på det seksuelle området.

Når eg ser kven som har våga å heve røysta si mot NLMs hovudleiing offentleg, har dei fleste lang fartstid i organisasjonen. Kritikken kjem frå eit bredt lag av tilsette og frivillige, og rommar påstandar om maktmisbruk i fleire variantar. Kritikken kjem innanfrå, og difor bør den lyttast til. Kritikarane vil NLM vel, men mange av dei har ikkje blitt høyrt internt.

Må finne seg i å bli kritisert

Som kommuneoverlege og fastlege er eg sjølv i ein typisk maktposisjon. Ein kan skuffe folk eller trykke dei ned - eller også oppmuntre og hjelpe. Legen kan nok framstå som uangripeleg dersom han opptrer arrogant eller uklokt. Han treng eigentleg ikkje å bryte nokon regel for å gjere livet vanskeleg for folk. Det er nok om han er vrang.

Men mange pasientar veit at dei kan klage til statsforvaltaren. Denne forvaltar eit regelverk der pasienten har rettigheiter, medan legen stort sett har plikter. Då må legen svare for seg, og slik vert pasienten som den svake part teken vare på. Dette er ein sunn praksis.

På liknande måte har andre autoritetar i samfunnet måtta endre haldning til si eiga rolle. Prestar, lærarar, forsvaret eller kongehuset må også finne seg i å bli kritisert. Og slik vil vi gjerne ha det.

Kan knapt sjå noko sjølverkjenning

Når derimot NLM si toppleiing får kritikk, kan eg knapt sjå noko sjølverkjenning. Ingen større feil vert innrømt, langt mindre høyrer ein om tiltak for å kome kritikk i møte, eller rette opp i ting som har kome skeivt ut. Innlegga frå toppen i NLM ser mest ut som eit forsvar.

NLM sitt hovudstyre har hatt desse sakene på sitt bord over lang tid. Kontrollkomiteen fastslo at det ikkje var tilstrekkeleg avstand mellom hovudstyret og administrasjonen, og nokre saker hadde fått «tilfeldig eller manglende behandling». Det var ein krass dom.

Vekker ikkje tillit

Nyleg har hovudstyret brukt rundt 3 millionar kroner på eit eksternt varslingsutvalg, som i motsetning til kontrollkomiteen, langt på veg har frikjent generalsekretæren. Det har blitt reist tvil om utvalgets habilitet, og om det berre primært har vurdert juridiske spørsmål, utan at eg kan sjå at dette har blitt godt besvart.

At deira rapport på 120 sider ikkje er offentleg, er nok rett, men at ingen læringspunkt vert gjort kjent, vekker ikkje tillit. At hovudstyret ikkje presenterer sine eigne vurderingar, verker underleg. For meg ser det ut til at hovudstyret klart tek leiingas perspektiv, og at det ikkje møter massiv kritikk med nok alvor.

I den kanskje største styresaka si etter årtusenskiftet har dei ikkje vist evne til å møte urett med rett.

—  Andreas Myklebust

Trekker meg ut

På NLM si generalforsamling i 2018 fekk eg det privilegium å bli valgt inn i NLM sin valgkomite for komande GF. Oppgåva til komiteen er mellom anna å finne kandidatar til valet på medlemmer i hovudstyret. Noverande hovudstyre har nok gjort godt arbeid på mange felt. Men i den kanskje største styresaka si etter årtusenskiftet har dei ikkje vist evne til å møte urett med rett. Eg ser ingen vilje til å rydde opp.

Det har blitt vanskeleg for meg å invitere inn ressurssterke personar til eit slikt styre. Dermed har eg ikkje frimod til å vere med i NLM sin valgkomite lenger. Dette kjennest vemodig. Eg bed difor om orsaking til alle som valgte meg inn i 2018 for at eg no trekker meg ut.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt