Verdidebatt

Den gode staden

LIVET ETTER DØDEN: Ei ikkje uvanleg førestilling om den kristne himmelen er at det alltid er ferie der. Kor interessant kan livet i himmelen eigentleg bli?

Etter eit par kvardagsfraser ved grønnsakdisken, seier Aslaug (80) plutseleg: «Greitt nok det der med Gud og Jesus, men det der med himmelen? Evig liv høyrest eigentleg uuthaldeleg ut, eg greier ikkje å forstå anna. Kan du forklara meg det, du som skal bli prest?» Utanomsnakk har aldri vore varemerket til Aslaug.

Dette var i sommar, før eg hadde sett «The Good Place» på Netflix – ein filosofisk komiserie om livet etter døden. Det evige livet si uuthaldelege lettheit er ikkje hovudtemaet der, men å gjera seg fortent til evig liv på «Den gode staden». Det prøver hovudpersonen Eleanor på. Ho var telefonseljar for eit kvakksalvarfirma før ho døydde, og det egoistiske livet hennar betyr altfor mange minuspoeng i det strenge kosmiske systemet. Ho høyrer eigentleg til på «Den vonde staden», der demonar klekker ut stadig nye torturmetodar. Ved hjelp av nye venner og 53 episodar prøver ho å bli eit betre menneske og endra systemet.

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Uendeleg liv – meiningslaust?

Men viss ein ikkje lenger har noko å forbetra – kor interessant kan livet i himmelen eigentleg bli? Aslaug i matbutikken har vanskeleg for å sjå føre seg eit uendeleg liv som ikkje blir meiningslaust, og eg forstår henne godt. Dei vakne timane våre handlar jo så mykje om det som ikkje er ferdig – i heimen, på jobb og i samfunnet.

Om det me gjer, for at noko skal bli betre enn viss me ikkje var der. At noko er vaska. At det finst mat å eta. At ungar lærer. At kyrkja, fotballaget og hjelpekorpset har nok friviljuge. At sår blir plastra og bilar reparerte.

Skal me ikkje få gleda over å fiksa ting i himmelen? I serien har den store matematikaren Hypatia vore på «Den gode staden» sidan ho døydde i år 415. «Eg var kul før! Så kom eg hit, der tida blir strekt ut i all æve. Kvart einaste sekund er utruleg, men hjernen min blir til ein stor dum klump. Når perfeksjon held fram i all æve, blir du ein grautaktig person med tomt blikk», fortel ho.

Ein himmel utan liding

Hypatia fekk meg til å tenkja på Aslaug sitt behov for ei meiningsfull æve. Ei ikkje uvanleg førestilling om den kristne himmelen er at det alltid er ferie der. Kanskje flyr me, kanskje ruslar me, men me skal ikkje noko – for nå er alt bra. Og viss ein trur på ein ny himmel og ei ny jord: Kva er då vitsen med naturvern, kamp mot klimaendringar og alt anna arbeid? Er det meining i strevet her på jorda – og i ein påfølgjande uendeleg ferie?

Der finst mange rare førestillingar om den kristne himmelen. Sjølv eldre folk som har gått i kyrkja heile livet, anar ikkje kva ho lærer om livet etter døden. Døden er tabu, er det derfor me snakkar så lite i kyrkja om det som kjem etterpå? I mens tar populærkulturen saka.

Framleis er ein himmel utan liding svært meiningsfull for mange menneske. Men me trøystar dei ikkje med det.

—  Ann Kristin van Zijp Nilsen

Både Aslaug, eg og seriekarakterane er privilegerte i forhold til folk flest på jorda. Verken fattigdom, krig eller anna liding har gitt oss særleg grunn til å lengta til himmelen. Me vil ikkje døy. Men i hundrevis av år har kristne over heile verda sunge og snakka om himmelen som venta dei – med rettferd og oppreising, kvile og fred. Framleis er ein himmel utan liding svært meiningsfull for mange menneske. Men me trøystar dei ikkje med det. For det er vel ei ansvarsfråskriving, når det me burde gjort, var å gjera livet betre for dei her og nå? I staden unngår me å snakka om det me håpar på.

Guds medskaparar

Til alle tider har mennesket vore ein meiningssøkjande skapning. Den djupe lengten etter meining og samanheng må vera eit avtrykk av Skaparen sjølv. Må ikkje ei ny jord, ein ny himmel og livet då vera meir meiningsfullt enn noko har vore nokon gong før? Og det er jo nettopp denne jorda som skal bli ny, me skal ikkje rykkast vekk herifrå.

«Det skaper noe av en revolusjon i mange kristnes liv fra den dag det går opp for dem at den jord de lever på, er deres evige eie i Kristus,» skreiv biskop Erling Utnem i Visst skal jorden bli ny (1987).

«Sjølvsagt skal me jobba i himmelen. Det er jo då moroa begynner», seier mannen min.

—  Ann Kristin van Zijp Nilsen

Det evige livet har starta for lengst, akkurat her me er nå. Me er ikkje berre Guds skapningar, men Guds medskaparar. Me skaper heile tida – oftast utan å tenkja over det. Kvifor skulle me ikkje halda fram med det på ei ny jord?

«Sjølvsagt skal me jobba i himmelen. Det er jo då moroa begynner», seier mannen min. Eg veit ikkje kor tanken om den evige kvileheimen kjem frå, men eg har ikkje høyrt andre enn han snakka om arbeid der. Ikkje Aslaug heller. Då eg fortalde henne det, glimta det til i augo hennar: «Dette må me snakka meir om!» Eg er heilt einig.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt