Kva kan vi alle gjere for å forhindre den potensielt største krise verda har stått overfor i og med klimaendringane? Kyrkjemøtevedtaket peikar på kva vi kan gjere som samfunn, som kyrkje og som enkeltmenneske.
Ikkje dekning
Det er ikkje uventa at medlemmer i kyrkja kan vere usamde med oppmodinga om å lytte til IEAs ekspertråd og FNs sterke åtvaringar mot vidare oljeleiting.
Etter Kyrkjemøtevedtaket har fleire meldt seg ut av kyrkja. Det gjer meg uroleg og eg synest det er trist. Vårt Land skriv 26.11.21 at eg «ikke er bekymret for at mange har meldt seg ut etter vedtaket.» Det har eg ikkje sagt, og avisa har ikkje dekning for den påstanden på framsida og i ingressen.
Lat det vere klart frå mi side: Den norske kyrkja har ingen medlemmer å miste. Kyrkja treng alle medlemmer og deira bidrag til viktige debattar.
Kyrkja treng alle medlemmer og deira bidrag til viktige debattar.
— Olav Fykse Tveit
Ansvar for skaparverket
Kyrkja skal engasjere seg for skaparverket, rettferd, fred og vår felles framtid. Korleis det skal skje, må vi diskutere i denne og i andre saker. Vi kan lære av debattar om det. Uansett er klimaspørsmålet noko vi alle må ta stilling til i eit demokratisk samfunn.
Klimakrisa vi står overfor vert ikkje mindre av at vi er usamde om enkelte formuleringar eller at nokon melder seg ut. Det hadde etter mitt syn vore oppsiktsvekkjande om kyrkja ikkje tok tak i denne krisa verda og menneskeheita står overfor. Det gjeld vårt ansvar for Guds skaparverk og vårt ansvar for andre menneske.
[ Medlemsraset fortsetter: Over 1.700 har meldt seg ut av Den norske kirke etter Kirkemøtet ]