Vil Kyrkjemøtet gå «all in» i spørsmålet om kall?
REKRUTTERINGSKRISE: Eg ønskjer eit kyrkjemøte som tør å skru opp rekrutteringsstrategien eit par hakk, som vågar å snakke om Guds kall til teneste.
KALL: «Det er påfallande at ikkje kall er nærare tematisert i sakspapira til Kyrkjemøtet, der kall berre nemnast i samband med HR, løn og trygge rammer for arbeidslivet», skriv sokneprest og stipendiat Bjarte Hetlebakke.
Charlotte Førde Skomsøy / Privat
Kyrkjemøtet 2021 er samla i Trondheim og skal mellom anna handsame ein rapport om rekruttering til kyrkjeleg teneste. Den lenge varsla krisa er over oss og fakta er harde: det er altfor få som vert rekruttert til arbeid i Den norske kyrkja (Dnk). Det gjeld både vigsla stillingar som prest, diakon og kateket, men også til dei svært viktige stillingane som mellom anna organist, kyrkjetenar og daglege leiarar.
Manglande aspekt ved rekrutteringa
Fram mot kyrkjemøtet har det gått ein interessant debatt om ungdomsarrangementet The Send der ein skal utfordrast til å gå «all in» for Jesus. Motførestillingane er mange, og nyanseringane frå både organisasjonane bak The Send og Vårt Land si leiar er viktige. Eg vil nytte denne debatten som eit bakteppe for å hente fram eit manglande aspekt ved Dnk sitt rekrutteringsarbeid, nemleg kall.
Bestill abonnement her
KJØP