Verdidebatt

Vil Kyrkjemøtet gå «all in» i spørsmålet om kall?

REKRUTTERINGSKRISE: Eg ønskjer eit kyrkjemøte som tør å skru opp rekrutteringsstrategien eit par hakk, som vågar å snakke om Guds kall til teneste.

Kyrkjemøtet 2021 er samla i Trondheim og skal mellom anna handsame ein rapport om rekruttering til kyrkjeleg teneste. Den lenge varsla krisa er over oss og fakta er harde: det er altfor få som vert rekruttert til arbeid i Den norske kyrkja (Dnk). Det gjeld både vigsla stillingar som prest, diakon og kateket, men også til dei svært viktige stillingane som mellom anna organist, kyrkjetenar og daglege leiarar.

Bjarte Hetlebakke Sokneprest i Gjesdal og ph.d stipendiat ved VID Stavanger

Manglande aspekt ved rekrutteringa

Fram mot kyrkjemøtet har det gått ein interessant debatt om ungdomsarrangementet The Send der ein skal utfordrast til å gå «all in» for Jesus. Motførestillingane er mange, og nyanseringane frå både organisasjonane bak The Send og Vårt Land si leiar er viktige. Eg vil nytte denne debatten som eit bakteppe for å hente fram eit manglande aspekt ved Dnk sitt rekrutteringsarbeid, nemleg kall.

Undersøkingar viser at kall er ein viktig faktor både for tilsette og studentar i kyrkja: Medarbeidarundersøkinga frå heile Dnk i 2012 slo fast at over 50 av dei tilsette har eit kall til jobben dei gjer. Ei undersøking blant studentar på VID og MF har også høge verdiar i spørsmål om kall.

Slik sett er det påfallande at ikkje kall er nærare tematisert i sakspapira til Kyrkjemøtet, der kall berre nemnast i samband med HR, løn og trygge rammer for arbeidslivet. Er det frykta for å bli utbrent som gjer at ein ikkje vågar å snakke om kall til teneste i Dnk, men heller vel det ikkje-kyrkjelege omgrepet rekruttering?

Rekruttering og disippelskap

Kall er eit belasta omgrep, noko både misjonærbarndebatten og brent-barn sakene har vist. Det er viktig at kall – og maktovergrep – kjem fram i lyset og vert adressert.

Hans Eskil Vigdel håpar at organisasjonane som står bak The Send «står klare til å ta imot ungdom under The Send og i tiden etterpå, er såpass selvkritiske at de kan hjelpe ungdom til å forvalte et eventuelt kall på en trygg og god måte.» Det er ei viktig balanse i det han skriv: å kunne anerkjenne at kall er reelt og aktuelt, men også at det må forvaltast på ein god måte. På tross av sitt ulne rykte kan ein ikkje avvise kall som noko avleggs!

På tross av sitt ulne rykte kan ein ikkje avvise kall som noko avleggs!

—  Bjarte Hetlebakke

Jesus kallar læresveinane sine til å følgje han (Matt 4,19) og etter død og oppstode å «Gå ut, døypande og lærande, til alle folkeslag» (Matt 28, 19-20). Dåpen er alle kristne sitt grunnkall til etterfølging, uansett yrke og leveveg. Den treeinige Gud kallar, alltid. Kallet til etterfølging kan ikkje gå ut på dato – fordi det går ut frå den evige treeinige Gud. Jesus sitt kall til læresveinane var og er radikalt (ikkje som ekstremisme, men som ordet eigentleg tyder: tilbake til røtene), annleis og direkte.

Det er denne sida av kallet som The Send faktisk får fram og tydeleggjer på ein positiv måte. Guds kall gjeld ikkje berre 9-4 men heile livet heile tida – det er «all in» og det må sjølvsagt ramast trygt inn, slik at det kan bærast over tid.

Det er når ein mister dette radikale i rekrutteringsarbeidet att ein står att med ei kyrkje i rekrutteringskrise. Prestane som no går av med pensjon var sjølv del i ei stor vekkingsrørsle på 1970 talet. Mange av dei vart rekruttert inn i arbeid for kyrkje og misjon via ein nokså radikal omvendings- og kallsforkynning. Gjennom studie og levd liv har nok mange moderert sin radikalitet – men kvar hadde dei vore utan?

Prest og disippel?

Sjølv har eg dei siste sju åra erfart at det å arbeide som kyrkjelydssprest er ein spennande måte å leve eit disippelliv. Det inneber moglegheita til å treffe eit bredt spekter av befolkninga og prate om tru og liv på ein naturleg måte. Ein samtale kan fort bevege seg mellom oppussing av hus og trua på Gud eller ingenting, sorg og glede og alt imellom.

Som prest er eg forventa, og får lov til, å forkynne evangeliet i mange ulike samangenhar i løpet av ei veke. Og eg er ikkje berre forventa, men forplikta til å leve eit liv i bøn og åndeleg fordjuping. Lovnadane i ordinasjonen er radikale – dei er meir enn berre ein jobb med meining, ja sett på spissen, dei er «all-in»!

Kall til kyrkjeleg teneste

Eg ønskjer eit kyrkjemøte som tør å skru opp rekrutteringsstrategien eit par hakk, som vågar å snakke om Guds kall til teneste. Meir enn at ein skal jobbe med HR, lønsvilkår og snakke om presteyrket til konfirmantane. Løn og arbeidstid er viktig for å halde på gode tilsette, og det kan bidra til rekruttering. Men her er noko djupare!

Gløym ikkje at det er Gud som kallar menneske til teneste. Hent fram disippelskapet, etterfølginga og det radikale i det å velje ei kyrkjeleg utdanning i 2021. Hugs på bøna som biskopen ber i ordinasjonsliturgien, og la den gjelde alt kyrkjeleg rekrutteringsarbeid: «Send ut til Ånd o Herre, og det skapes deg tjenere!»

Mer fra: Verdidebatt