Den sommaren vi vart dissidentar
PRIDE: Ettersom regnbogerøsla på rekordtid har vunne terreng og blitt ein majoritetsposisjon, treng dei som tilhøyrer den nye minoriteten å finna gode strategiar for å vera minoritet.
TOG: Det er fint at det går fleire tog. Men då kan jo ikkje alle vera på det same, skriv Sofie Braut.
Marie von Krogh/NTB
Denne sommaren har vi ikkje trengt finjustert seismikk for å lesa av at bedehus- og bibelfolks grunnleggande idear knytt til familie og samliv blir skaka i grunnen. Regnboge-ideologiens implisitte krav om å gjera aktivt knefall for visse idear om samliv og seksuell frigjering, utfordrar fridomstanken i samfunnet generelt, og det utfordrar mange kristne spesielt.
Så lenge Pride-toget har gått forbi utan å stoppa på kvar einaste stasjon, har kristne og andre tradisjonelt orienterte, berre kunna slå seg til tåls med tanken om at slik er det i eit fritt samfunn. «Det går så mange tog».
Men så skjedde det noko. Brått kravde kulturministeren vår orsaking frå ein mann som berre nølte litt før han gjekk om bord (Adresseavisen).
Bestill abonnement her
KJØP