Verdidebatt

Tronge meiningsrom i vår grenselause samtid

MANGFALDET: Vårt indre eg prøver stadig å passa inn på ungdomsskulen. Slik gjer me det vanskeleg for kvarandre.

Kan ein muslim med hijab både elska å be i moskeen og å gå på fylla med venner? Kan ein konservativ kristen støtta sjølvbestemt abort? Kan ein ihuga feminist meina at abort er drap? Kan ein sauebonde vera mot ulvejakt – og ein naturvernar vera for? Kan ein sionist tykkja at Israel sin politikk overfor palestinarar er ei skam, og kan ein palestinavenn meina at Hamas styrer Gaza som eit terror-diktatur?

Absolutt, eg har møtt alle desse. Kvifor lar me oss overraska, når me oppdagar at menneske er slik? Med tanke på alt me veit om våre eigne liv, og om kor samansette våre eigne meiningar er, så trur me overraskande lett at andre menneske er teikna med sjablong.

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Mangfaldet inni mennesket

Då eg gjekk på vidaregåande, skreiv engelsklærar Eriksen eit sitat av Walt Whitman på tavla. (Thank you, Eriksen. Du visste kva du gjorde.) Eg hadde eg aldri høyrt om Whitman før, ein av USA sine største diktarar. Langt mindre om det kjende diktet Song of Myself frå 1855. Men dei tre linjene skrivne med løkkeskrift og dårleg kritt lyste som neon mot oss elevane: «Do I contradict myself? / Very well then I contradict myself, / (I am large, I contain multitudes.)

Håvard Rem har omsett dei slik: «Motseier eg meg sjølv? / Ja vel, då motseier eg meg sjølv, / (Eg er stor, eg rommar mengder).»

I dag snakkar me mykje om mangfaldet blant menneske, men mindre om mangfaldet inni kvart av dei. Det er lenge sidan me heia på «tvisynet», som Aasmund Olavsson Vinje sette namn på i 1860: evna til å sjå «Retta og Vranga paa Livsens Vev, soleides at med lettare kunna liksom graata med det eine Augat og læ med det andre».

Folk som har sterke og tilsynelatande samanhengande meiningar blir løfta fram som heilstøypte menneske.

—  Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vanskeleg å meina

Dei fleste av oss opplever at samtida er fragmentert og uoversiktleg. Då er det eit paradoks at den offentlege samtalen er så prega av polariserte og kategoriske standpunkt. Folk som har sterke og tilsynelatande samanhengande meiningar blir løfta fram som heilstøypte menneske. Som om tvisyn var det motsette av heil ved.

Kvifor skulle det ikkje vera heilstøypt å sjå fleire sider av same sak? Å skifta meining? Eller å ikkje vera bombesikker?

I alle deler av samfunnet finst det sett av meiningar, som me tenkjer høyrer saman. Dei fleste av oss veit godt kva som akkurat nå er stovereint å meina – i alle fall i kretsane me identifiserer oss med. Og ganske mange legg band på seg, uansett kva flokkar dei høyrer til. Det verkar for vanskeleg å meina noko som ikkje passar inn.

Plasserer kjapt i bås

Rammene ser ut til å bli strammare over heile linja. Og det er me sjølve som har ansvaret for det. Me innbiller oss at ting er motsetjingar utan at dei treng å vera det. (Kvifor skulle det ikkje vera på sin plass for både Israel- og Palestina-venner å kritisera den parten dei støttar?).

Og me plasserer andre kjapt i bås – basert på markørar som er meir overflatiske enn me vil ha det til. Markørane hjelper oss til å finna flokkar me vil vera ein del av eller unngå. Men dei kan også leia oss heilt på villstrå. Dei kan få oss til å tru at avstanden til andre er lengre enn han er. Og dei kan få oss til å gå glipp av venner og allierte.

Kanskje er dette den viktigaste grunnen til at me opplever meiningsrom som tronge og einsretta i vår tilsynelatande grenselause samtid: Me lar vera å visa fram det som går på tvers av meiningane til dei me likar. Vårt indre eg prøver stadig å passa inn på ungdomsskulen.

Ta meir plass. Det stel ikkje plassen til andre, det hjelper dei å finna sin

—  Ida Jackson

Ta plass og gi plass

«Når du dukkar opp heilt som deg sjølv, gir du andre mot til å gjera det same», seier forfattaren Ida Jackson. Parallelt med sin eigen forfattarkarriere ivrar ho for at mange fleire stemmer skal høyrast og lesast i samfunnsdebatten.

I tekstar og kurs byr ho på sitt eige liv, for å visa at det som ser ut som motsetjingar ikkje treng å vera det. Ikkje gøym vekk den du er, verda treng å høyra stemma di, er bodskapen hennar. «Ta meir plass. Det stel ikkje plassen til andre, det hjelper dei å finna sin», seier ho.

Eg trur ho har heilt rett. Me må ta plass og gi plass for mylderet som gjer oss alle til heile menneske.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt