Verdidebatt

Likestillingslykke, ikkje likestillingstvang

FORELDREPERMISJON: Noreg har verdas beste foreldrepengeordning. Men Stortingets styringsiver hindrar at den kan brukast til familiens beste.

Dagens ordning inneber ei mødre- og fedrekvote på 15 veker og 16 veker til felles fordeling. Det gir moglegheit til maksimalt sju månaders permisjon (31 veker) etter fødsel for den forelder som tek ut heile fellesdelen.

Mange barnefamiliar er misfornøgde med dagens ordning. Dei etterlyser at familiane får bestemme meir av fordelinga sjølv. Forelder kan oppleve det som vanskeleg å gå tilbake i full jobb når barnet er knapt sju månader.

Kjersti Toppe, Senterpartiet, Hordaland

Kvinners særskilte behov

Spesielt gjeld dette for kvinner som ammar, og som ikkje har kort veg til arbeidet, eller har eit arbeid der det berre ikkje lar seg gjere med ammepausar.

Helsedirektoratet tilrår ut frå dei nasjonale ammeråda at alle mødre får moglegheit til minst åtte månaders betalt permisjon etter fødsel. Jordmorforbundet , Landsgruppen av helsesykepleiere, Ammehjelpen med fleire, støttar også dette kravet. Også Fagforbundet, som organiserer mange i kvinneyrker, er mot dagens ordning.

Dei meiner at dagens permisjon ikkje varetar kvinners særskilte behov for vern i samband med graviditet, fødsel og barsel.

Motsatt av likestilling

Fedrekvote er svært viktig. Men vi må diskutere kor stor fedrekvota faktisk kan vere innanfor dagens permisjonslengde. Tal frå Nav viser at 30 prosent av mødre i 2017 tok ut ubetalt permisjon. Det var ein auke på 66 prosent sidan 2008.

I 2020 tok under halvparten av fedrene ut heile fedrekvota på 15 veker. At stor fedrekvote fører til at mødre i aukande grad tar ut ubetalt permisjon og slik mister viktige rettigheiter, slik som sjukepengar, er uhaldbart. Det er det motsette av likestilling. Moderne kvinner må sleppe å velje mellom likestilling og det å gi småbarnet den omsorg dei meiner barnet treng.

Til likestillingsargumentet for fedrekvoten er det også viktig å minne om ein ISF-rapport frå 2018 som analyserte auken i fedrekvote etter 2009. Den viste at auka fedrekvote hadde små eller ingen effekt på kvinners sysselsetting, inntekt, arbeid eller karriereutvikling.

Vil åtvare mot Sps forslag

Ut frå dette er mitt forslag å endre foreldrepengeordninga, og ha ei fedre/mødrekvote på elleve veker, auke fellesdelen til 18 veker og øyremerke dei fyrste seks barselvekene til mor. Det vil gi mor moglegheit til 35 veker, altså åtte månaders permisjon etter fødsel.

Mitt håp er at ein ser på foreldrepengeordninga ikkje berre som likestillingspolitikk.

—  Kjersti Toppe

Sps programkomité vil også øyremerke dei seks fyrste barselvekene til mor, men redusere en valfrie delen til ti veker og ha fedre/mødrekvote som i dag.

Eg vil åtvare mot programkomiteens forslag. Mors maksimale permisjonstid blir då framleis berre sju månader. Fars maksimale permisjonstid vert redusert med heile seks veker. Mor får ei obligatorisk mødrekvote på 21 veker, som ikkje passar alle. Familiane sin valfridom vert sterkt redusert.

Ja til likestillingslykke

Det er landsmøtet som avgjer kva som blir Senterpartiets politikk. Mitt håp er at ein ser på foreldrepengeordninga ikkje berre som likestillingspolitikk. Vi treng likestillingslykke, ikkje likestillingtvang. Foreldrepengeordninga må sikre at mor får moglegheit til minst åtte månaders permisjon etter fødsel, i tråd med helsefaglege råd.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt